Digitale spor

Digitale spor

Introduksjon

Digitale spor

Du bestemmer kor du brukar bankkortet ditt og kva du brukar det til. Banken registrerer det. Du bestemmer kva for søkjeord du brukar på Google. Søkjemotoren registrerer det. Du bestemmer kva du kjøper på nettet. Nettstaden lagrar opplysningane. I løpet av ein heilt vanleg dag etterlet du deg mange spor. Spor som vil kunne liggje der i svært lang tid. Denne informasjonen er interessant for mange.

Visste du at?

  • Fakta

      • Filterbobla
      • Som ei open dagbok?
      • Cookies
      • Anonym?
      • Personretta reklame
      • Vær obs - avslør nettsvindlerne!
      • ID-tjuveri
      • Du delar opplysningar med fleire enn du trur
      • Kva er metadata?

    Frå den verkelege verda

    • Fekk sparken etter overvaking
    • Økokrim får dagleg kontakt om nettsvindel
    • Svindla på e-post
    • Over 240 000 nordmenn utsette for ID-tjuveri
    • Lommelykt-app vidareselde info om brukarane
    • Digitale fotspor kan koste deg jobben
    • Lurt av falsk nettbutikk

Oppgåver

Diskusjon

  1. Gå saman og hjelp kvarandre med å finne ut korleis de kan: - slette historikken i nettlesaren - slette alle mellombelse filer (“temporary Internet files”) - endre personverninnstillingane i nettlesaren - endre personverninnstillingane i nettsamfunn du er med i
  2. Vel to applikasjonar de har lasta ned på telefonen. - Prøv å finne ut kva slags informasjon om dykk eller kontaktane dykkar applikasjonane har tilgang til. - Kva trur de applikasjonane treng denne informasjonen til?
  3. Det kan vere vanskeleg å sjå føre seg den store mengda opplysningar ein har gjeve frå seg. - Lag ei liste over kva slags verksemder du trur har informasjon om deg: Både kommersielle (slik som nettleverandørar, telefonoperatørar, treningsstudio og bankar), og offentlege (slik som kommunar, sjukehus og skolar). - Blir lista lengre enn du trudde på førehand?
  4. Del klassen inn i grupper og søk på ulike ord på Google (sjå til at du er logga ut av alle google-tenester): - Samanlikn søkjetreffa på den første sida. Er treffa de får ulike? - Om det er nokre forskjellar mellom treffa, kva kan vere grunnen til dette?
  5. DNA-testing av alle nyfødde og eit DNA-register over samtlege innbyggjarar kan hjelpe til å oppklare framtidige brotsverk. - Tykkjer de at det er ein god idé å opprette eit slikt register i Noreg? - Kva kan vere problematisk med dette?

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Det er mange som vil ha tak i opplysningar om deg, nettvanane og interessene dine. - Prøv å finne ut kva for opplysningar du gjev frå deg på ulike nettstader. - Lag ein oversikt over kva slags informasjon du tykkjer det er greitt å dele, og kva du helst vil halde for deg sjølv. - Tykkjer du det er greitt at ein kommersiell aktør veit alt om deg? Kvifor/kvifor ikkje? - Søk på ditt eige namn på Google. Fann du noko du ikkje visste at låg der?
  2. Det er viktig å jamleg sjekke personverninnstillingane sine for å ha kontroll på opplysningane. - Vel eit sosialt nettsamfunn du er medlem i. Har du vore inne i personverninnstillingane dine og sjekka kven som kan sjå profilen din? - Veit du kven som har tilgang til dei ulike opplysningane dine? - Veit du kven som eig bileta du legg ut, og kven som eventuelt kan bruke dei?
  3. Om det eksisterer ei “filterboble”, kva slags konsekvensar får det for deg, samfunnet du lever i og demokratiet?

Filmar

Kva er digital dømmekraft?

Digital dømekraft er eit omgrep som ofte dukkar opp, både her på Dubestemmer.no, i læreplanverket og andre stader. Men kva er eigentleg digital dømekraft, og kvifor treng vi det? Denne korte filmen er laga av Sølvsuper på oppdrag frå dubestemmer.no.

Konferansetime

Kanskje vert det du publiserer lese av andre enn du hadde tenkt deg?

Poke

Dette er ein av 6 filmar som blei laga etter ein manuskonkurranse for elevar i videregåande skule. Filmen er laga av elever ved Byåsen vgs i Trondheim.

Regelverk

Regelverk

Personopplysningslova
Denne lova skal hjelpe til at opplysningar om deg blir brukt på ein måte som viser respekt for deg. Lova er laga for å verne deg mot at personopplysningane dine blir brukte på ein måte som krenkjer personvernet ditt (særleg viktige paragrafar: Definisjonar § 2, bruk av personopplysningar § 11, innsyn § 18, andre rettar § 27 og 28).

Straffeloven
190a identitetstyveri (hacking, facerape):
Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som uberettiget setter seg i besittelse av en annens identitetsbevis, eller opptrer med en annens identitet eller en identitet som er lett å forveksle med en annens identitet, med forsett om å:
a) oppnå en uberettiget vinning for seg selv eller en annen, eller
b) påføre en annen tap eller ulempe.
Medvirkning straffes på samme måte.

Digitale spor

Du bestemmer kor du brukar bankkortet ditt og kva du brukar det til. Banken registrerer det. Du bestemmer kva for søkjeord du brukar på Google. Søkjemotoren registrerer det. Du bestemmer kva du kjøper på nettet. Nettstaden lagrar opplysningane. I løpet av ein heilt vanleg dag etterlet du deg mange spor. Spor som vil kunne liggje der i svært lang tid. Denne informasjonen er interessant for mange.

Illustrasjon digitale spor 13-17 år