Personvern

Personvern

Introduksjon

Personvern

Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre. Ikkje fordi det er kriminelt eller noko vi treng å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Difor er det også du som bestemmer kva folk skal få vite om deg, og kva slags opplysningar du vil halde for deg sjølv.

Visste du at?

  • Fakta

      • Personopplysning
      • Samtykke
      • Informasjonstryggleik
      • Informasjon og innsyn
      • Passordvett
      • Deler du posisjonen din med andre?
      • Ikkje overvaking i skoletida
      • Kva har skolen lov å sjekke?
      • Sikre helsejournalar

    Frå den verkelege verda

    • Hacka nettsky-konti
    • Sjekkar pengebruken til dottera
    • Med pappa på slep
    • Skjult kamera i røykvarslar
    • Kontaktinfo på avvegar
    • 2-åring fekk profil på Instagram
    • Delte kvar kronprinsfamilien var med heile verda
    • - Ei åtvaring
    • GPS i ranselen avslører om gutane rekk skolen

Oppgåver

Diskusjon

  1. Både barn og vaksne, privatpersonar og kjendisar har rett på personvern. - Kvifor er personvern ein viktig rett? - Er det nokre stader eller situasjonar der vi har større behov for eller rett til å vere i fred? Kva slags? - Har de ulike grenser for kva de ser på som privat?
  2. Synet på kva som er privat og kva som eignar seg for det offentlege har endra seg. - Finn døme frå TV, Internett, aviser eller blad som de ikkje trur ville vorte publisert for 10 år sidan. - Kva med 50 år sidan? - Diskuter korleis grensene har flytta seg. - Kva kan vere positivt/negativt ved denne utviklinga?
  3. Somme foreldre legg ut bilete av barna sine på Facebook, bloggar eller på andre nettstader. - Er det OK? Kvifor/kvifor ikkje? - Bør barna bli spurde først? - Er det greitt å leggje ut bilete av ein som er så ung at han eller ho ikkje kan avgjere det sjølv? - Kva kan i tilfelle vere problematisk?
  4. Skolar kan ha ulike reglar for bruk av datautstyr, og det kan vere grunnar til å sjekke innhald på maskinene til elevane. - Kven bør ha innsyn i kva de gjer på datautstyr som blir brukt på skolen? Lærarar? Foreldre? Rektor? - Kva bør dei kunne sjekke? Kva skal dei kunne bruke denne informasjonen til? Er det skilnad på bruk av privat eller skolen sitt utstyr? - Er det god nok grunn til at læraren kan sjekke kva som er gjort og kven som står bak, om det blir oppdaga mobbing frå skolen sitt nett? - Finn ut kva slags reglar som gjeld på skolen din. Er de samde i desse reglane? Lag eventuelt eigne framlegg til reglar som de legg fram for rektor.
  5. Nokre foreldre vel å ha ei GPS-brikke i sekken til borna sine slik at dei alltid veit kor borna er (sjå dømet over). - Kva tykkjer de om det? - Ville de syntes det var greit om foreldra dykkar alltid visste akkurat kor de er? Kvifor(/kvifor ikkje? - Er det nokre tilfelle då de tenkjer at det kunne vore greit at ikkje foreldra akkurat kor de er? Og er det tilfelle der dere tenkjer at det kunne vore greitt å bli spora? Diskuter

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Det kan vere store skilnader frå familie til familie om kva dei føresette skal få vite om barna. - Kvar går grensa for kva dine føresette skal ha rett til å vite om deg? - Skal dei kunne gå i nattbordskuffa di? - Bør dei kunne kontrollere kvar du har brukt bankkortet? - Er det greitt at de sjekkar loggen på pc-en for å sjå kva for nettsider du har vore inne på? - Er det greitt at føresette brukar tenester på mobilen for å sjekke kvar du er? - Kvifor/kvifor ikkje? - Kor gamal bør du vere før dine føresette ikkje lengre kan krevje å sjå alt du gjer? - Bør det vere ulike aldersgrenser for døma over, og i så fall kva slags?
  2. Mange blir overraska over kor mykje informasjon om dei som er tilgjengeleg på Internett. - Søk på ditt eige namn på Google. Får du nokre treff? - Visste du i så fall at denne informasjonen var tilgjengeleg for alle? - Er det du eller nokon andre som har lagt ut opplysningane? - Spurde dei deg om lov først? - Tykkjer du det du finn gjev eit riktig bilete av deg sjølv? - Fann du noko du tykte var ubehageleg å finne, noko du ønskjer sletta?
  3. Det er svært enkelt å dele bilete, både på nett og ved hjelp av mobiltelefon og ulike applikasjonar. - Har nokon lagt ut bilete av deg på Internett utan å spørje deg først? - Tykkjer du i så fall det var greitt? Kvifor/kvifor ikkje? - Legg du ut bilete utan å spørje? - Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje ønskjer eller ikke bør få lagt ut bilete eller andre opplysningar om seg sjølv på Internett?
  4. Kameraovervaking blir stadig meir vanleg, både på private og offentlege stader. - Oppfører du deg annsleis om du veit at eit kamera filmar deg? - Tykkjer du det er greitt om nokon heile tida ser alt du gjer? - Nemn fem situasjonar der du tykkjer det er greitt/ ikkje greitt med kameraovervaking.

Filmar

Personvern er ein grunnleggande rett

Denne filmen syner kvifor det er viktig å ha kunnskap om personvern. Filmen er laga av Snøball Film på oppdrag frå Dubestemmer.no.

Du har lov til å si nei

Det er gøy med bilder av venner, og alle andre som du kjenner. Men vet du at du har lov til å si nei? Det er DU som bestemmer. Denne filmen er laget av Snøball film på oppdrag fra Dubestemmer.no.

Konferansetime

Kanskje vert det du publiserer lese av andre enn du hadde tenkt deg?

Fotoalbumet

Dette er ein av 6 filmar som blei laga etter ein manuskonkurranse for elevar i videregåande skule. Filmen er laga av elevar ved Oppgeård vgs.

Regelverk

Regelverk

Personopplysningslova
Denne lova skal sjå til at opplysningar om deg blir brukte på ein måte som viser respekt for deg. Lova er laga for å verne deg mot at personopplysningane dine blir brukte på ein måte som krenkjer personvernet ditt. (Særleg viktige paragrafar: Definisjonar § 2, bruk av personopplysningar § 11, innsyn § 18, andre rettar § 27 og 28).

Straffelova
§ 390: Med bøter eller fengsel inntil 3 måneder straffes den som krenker privatlivets fred ved å gi offentlig meddelelse om personlige eller huslige forhold.

FN sin barnekonvensjon

Artikkel 12:
Alle barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, har rett til fritt å gje uttrykk for desse synspunkta i alle høve som vedkjem barnet, og synspunkta til barnet skal tilleggjast vekt i samsvar med kor gamalt og mogent det er. 

Artikkel 16:
Ingen barn skal bli utsette for vilkårleg eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt, familien sin, heimen sin eller korrespondansen sin, eller for ulovlege åtak mot æra eller omdømmet sitt. 

 

Personvern

Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre. Ikkje fordi det er kriminelt eller noko vi treng å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Difor er det også du som bestemmer kva folk skal få vite om deg, og kva slags opplysningar du vil halde for deg sjølv.

Personvern 13-17 år. Skjerm med hengelås foran. Illustrasjon