Sosial på nett

Sosial på nett

Introduksjon

Sosial på nett

Teknologiutviklinga har gjort det mogleg å dele tankar, meiningar, bilete, film og anna på Internett. Det du deler, kan spreiast fortare enn du kanskje tenkte. Dette kan vere positivt om du har ein bodskap du vil at mange skal sjå, men det kan også vere negativt om innhaldet blir spreidd raskare enn du hadde føresett eller blir brukt i ein annan samanheng enn du hadde tenkt.

Visste du at?

  • Fakta

      • Reglar for biletbruk
      • Kven skal få sjå kva?
      • Tips til betre nettvett
      • Passordvett
      • Kva gjer du om Facebook-profilen din har blitt hacka?
      • Slik taklar du falske Facebook-profilar

    Frå den verkelege verda

    • Farvel, anonymitet
    • Den virale reven
    • Foreldre reagerer
    • - Jeg er lei av hetsing i kommentarfeltene!
    • Facebook-hacking og trugsmål
    • Unge skuggar unna nettordskifte
    • Klikkar seg sjuke
    • Skremslefilm var meint som spøk
    • Eksplosjon i talet på utpressingssaker

Oppgåver

Diskusjon

  1. Det kan vere skilnader frå person til person om kor mykje ein vil dele om seg sjølv på nett. - Kvar går dykkar grenser for kva det er greitt å publisere? - Korleis er grensene ulike i klassen?
  2. Nokon vel å vere anonyme når dei kommenterer andre sine innlegg på nett. Samtidig kjem dei ofte med særs krenkjande ytringar om andre. - Kva meiner de om anonymitet i debattar? - Er det tilfelle der ein burde kunne vere anonym på nett? Kvifor/kvifor ikkje? - Kva kan følgjene av anonyme og negative kommentarar vere?
  3. Nettaviser og nettfora har ofte reglar for korleis ein skal ha ordskifte på deira nettsider. - Finn døme på slike reglar og samanlikn dei i klassen. - Kan de saman lage eit sett med slike reglar som de tykkjer burde gjelde? - Diskuter kven som har ansvaret for at det er ein god tone på ein nettstad? Redaktøren av nettstaden eller han som skriv innlegget? - Har de døme frå nettordskifte der de tykkjer deltakarane i ordskiftet går over grensa for kva som er greitt?
  4. Teknologien i dag gjer det lett for alle å publisere innhald på nett. Nokre meiner at barn ikkje bør blogge. - Kan de tenkje dykk grunnar til at barn og unge under ein viss alder ikkje bør blogge? - Kvifor/ kvifor ikkje bør det vere ei aldersgrense på blogging? - Kva bør i så fall grensa vere? - Lag ei liste over kva slags sosiale medium som blir brukte av elevar i klassen.
  5. Mange av dei populære bloggarane opplever å få stygge kommentarar på bloggen sin. Det kan sjå ut som om nokon meiner at om du legg ut ting om deg sjølv på nettet må du tole å få negative tilbakemeldingar. - Er de samde? Kvifor/kvifor ikkje? - Kvar bør grensa gå for kva ein bloggar må tola?
  6. Om skolen tek bilete av elevane, skal dei ha løyve av foreldra først. Dei skal også fortelje kva bileta blir brukte til slik at dei føresette veit kva dei seier ja til. - Blir det teke bilete av elevane på dykkar skole? - Korleis blir bileta i så fall brukte (på nettsida til skolen, i katalog, på Facebook, Instagram, Twitter eller anna)? - Har skolen fått skriftleg løyve frå dei føresette til dette (og frå elevane om dei er over 15 år)? - Brukar skolen å spørje elevane før bileta blir lagt ut om dei det er tekne bilete av tykkjer dette er greitt? - Finn ut korleis reglane for dette er, og informer skoleleiinga om de meiner skolen ikkje følgjer reglane. - Diskuter korleis de synest reglane burde vere, eller be elevrådet ta dette temaet opp til diskusjon.

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Ytringsfridom er eit omgrep som ofte blir brukt for å kunne rettferdiggjere det ein skriv på nett. - Kva er ytringsfridom? - Kvifor er ytringsfridom viktig og kva vil det seie at ytringsfridom er grunnleggjande i eit demokratisk samfunn? - Finst det reglar for kva som er lov og ikkje lov å skrive på nett? - Er det andre grenser for kva som er greitt og ikkje greitt å seie på nett enn andlet til andlet? - Har du sett døme der du meiner nokon har skrive ting på nett som ikkje burde vore lov - sjølv om vi har ytringsfridom?
  2. Svært mange - både barn, unge og vaksne – les og skriv blogg. - Lag ei liste over positive og negative sider ved blogging. Korleis kan blogging vere positivt eller negativt for lesaren? Og korleis kan blogging vere positivt eller negativt for bloggaren? - Kan du eigentleg vite om ein bloggar er den han/ho utgjev seg for å vere? - Er det greitt å utgje seg for å vere nokon ein ikkje er? - Korleis kan du vite om det som blir skrive i ein blogg stemmer med røynda?
  3. Du har redaktøransvar for det du publiserer på nett. - Har du angra på noko du har lagt ut på nettet om deg sjølv eller andre? - Kvifor angra du i så fall? - Har du delteke i diskusjonar eller liknande medan du har vore anonym? Oppførte du deg akkurat slik du ville gjort dersom dei andre hadde visst kven du var, eller fekk du litt andre grenser? - Korleis opplevde du det å vere anonym? - Har du justert personverninnstillingane på profilen din? Kvifor/kvifor ikkje?

Filmar

Trollus Netticus

Tyder ytringsfridom at ein kan seie eller skrive alt ein vil på nettet? Denne filmen om ytringsansvar er laga av Apt på bestilling frå Dubestemmer.no.

Tagga på nett

Denne filmen vann manuskonkurransa til Amandus-festivalen i 2008.

Fotoalbumet

Dette er ein av 6 filmar som blei laga etter ein manuskonkurranse for elevar i videregåande skule. Filmen er laga av elevar ved Oppgeård vgs.

Regelverk

Regelverk

Noregs grunnlov § 100 - retten til ytringsfridom

Denne lova sikrar at alle har rett til ytringsfridom og rett til tilgang til offentleg informasjon. Retten til å ytre seg blir rekna som ein viktig del av eit rettssamfunn og grunnleggjande for eit demokrati.

FN sin barnekonvensjon

Artikkel 13:
Barnet skal ha rett til ytringsfridom; det vil mellom anna seie fridom til å søkje, motta og melde opplysningar og idear av eitkvart slag utan omsyn til grenser, anten det skjer munnleg, skriftleg eller på trykk, i kunstnerisk form eller gjennom ein kva som helst slags uttrykksmåte barnet måtte velje.

Men, ytringsfridomen vil likevel ikkje seie at alt er lov. Det finst avgrensingar, mellom anna:

a) av omsyn til rettane eller omdømet til andre, eller
b) for å verne nasjonal tryggleik, offentleg orden eller offentleg helse eller moral.

Åndsverkslova § 45c - retten til eget bilde

Bilder av en person kan ikke gjengis eller vises offentlig uten samtykke av den avbildede, unntatt når:
a) avbildningen har aktuell og allmenn interesse,
b) avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
c) bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse,
(---)
Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår.

Straffelova § 190a - om identitetstyveri (hacking, facerape)

Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som uberettiget setter seg i besittelse av en annens identitetsbevis, eller opptrer med en annens identitet eller en identitet som er lett å forveksle med en annens identitet, med forsett om å:

a) oppnå en uberettiget vinning for seg selv eller en annen, eller
b) påføre en annen tap eller ulempe.

Medvirkning straffes på samme måte.

Sosial på nett

Teknologiutviklinga har gjort det mogleg å dele tankar, meiningar, bilete, film og anna på Internett. Det du deler, kan spreiast fortare enn du kanskje tenkte. Dette kan vere positivt om du har ein bodskap du vil at mange skal sjå, men det kan også vere negativt om innhaldet blir spreidd raskare enn du hadde føresett eller blir brukt i ein annan samanheng enn du hadde tenkt.

Sosial på nett for 13-17 år. Utveksling av symboler mellom mennesker. Illustrasjon.