Kjeldekritikk

Kjeldekritikk

Introduksjon

Kjeldekritikk

Når du ser nyhende på TV eller les noko i avisa, reknar du sikkert med at det som blir sagt eller skrive er sant. Om du er på Internett reknar du kanskje også med at du kan stole på den informasjonen som ligg der. Men sånn er det ikkje alltid.

Visste du at?

  • Fakta

      • Bruk filteret i hodet
      • Ein liten spion
      • Spel kan koste deg svært dyrt
      • Opphavsrett
      • Kvar fann du det?
      • Reklamelenkjer - Adlinks
      • Appar treng informasjon om deg

    Frå den verkelege verda

    • Victor (10) nytta 58.000 kr på mobilspel
    • Spel fulle av reklame
    • Let Google gjere leksene
    • Avslørte forfalska megahai
    • Fekk SMS frå falsk pappa

Oppgåver

Diskusjon

  1. Det er viktig å vere kritisk til det de finn på nettet. Det er ikkje sikkert alt som står der er sant. - Søk på nokre kjente namn på nettet. Finn de informasjon som de trur ikkje er riktig? - Korleis kan de vite kva slags informasjon de skal tru på og ikkje? - Er det nokre nettsider de kan stole meir på enn andre? Kvifor/kvifor ikkje? - Trur de at alt det som står i bøkene på skolebiblioteket stemmer? - Trur de læraren dykkar veit fasitsvaret på alt? - Korleis skal de vite kva slags informasjon de kan stole på? - Lag ei sjekkliste med gode råd som de kan bruke når de leitar etter informasjon på nettet.
  2. Det kan vere ulikt frå skole til skole, og frå klasse til klasse, kva slags regler de har ved bruk av Internett til ei skoleoppgåve. - Sjekk om skolen/klassen har reglar for korleis de skal bruke slik informasjon. - Korleis skal læraren vite kva de har skrive sjølv og kva de har funne på Internett? - Sett opp framlegg til reglar eller retningsliner.
  3. Både nettstader og bloggarar kan tene mykje pengar på reklame. - Gå inn på nokre av dei nettstadene som de i klassen brukar mest på fritida: - Finn de reklame på nokre av dei? - Plukk ut fem reklamar frå nettstadene og diskuter innhaldet. - Kva for verkemiddel har dei brukt? Kva gjer dei for å få dykk interessert i det dei vil selje? - Er det tydeleg at dette er reklame? - Gjev reklamen god informasjon om produktet? - Gå inn på nokre av dei mest populære bloggane og sjå etter sponsa innlegg. - Korleis er det merka? - Er det tydeleg at dette er reklame?

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Anten du les aviser eller er på nett, er du omgjeve av reklame sjølv om du kanskje ikkje alltid tenkjer over det. - Har du opplevd at det kjem opp reklame som avbryt deg i det du held på med når du er på mobil eller nett? - Kvifor trur du reklame blir brukt på denne måten? - Veit du om nokre nettsider med spel laga av selskap som ønskjer å selje eit produkt? Kva slags?
  2. Mange reklamerer for at du kan betale for det du kjøper ved hjelp av mobilen eller over internett. - Trur du det gjer at folk kjøper meir enn om dei hadde betalt direkte med pengar? - Har du nokon gong kjøpt noko eller betalt noko ved hjelp av mobilen? Fekk du det du skulle? - Har du nokon gong brukt pengar utan å vere klar over det på mobil eller nett? I så fall korleis?
  3. Opphavsrett er ein viktig rett. - Finn ut kva ordet opphavsrett betyr. - Kvifor er det viktig med reglar rundt dette? - Har du nokon gong funne bilete, musikk eller film frå Internett og lagra dette? - Betalte du for det du fann? - Delte du det du fann med nokon etterpå? - Kvifor er det viktig med reglar om opphavsrett?

Filmar

Skreiv du stil om DEN hesten?

Ver kritisk til det du finn på nett! Filmen er laga av Mikrofilm.

Kva er digital dømmekraft?

Digital dømekraft er eit omgrep som ofte dukkar opp, både her på Dubestemmer.no, i læreplanverket og andre stader. Men kva er eigentleg digital dømekraft, og kvifor treng vi det? Denne korte filmen er laga av Sølvsuper på oppdrag frå dubestemmer.no.
Kjeldekritikk

Når du ser nyhende på TV eller les noko i avisa, reknar du sikkert med at det som blir sagt eller skrive er sant. Om du er på Internett reknar du kanskje også med at du kan stole på den informasjonen som ligg der. Men sånn er det ikkje alltid.

Illustrasjon kildekritikk 9-13 år