Personvern

Personvern

Introduksjon

Personvern

Vi har alle noko som vi ikkje ønskjer å dele med andre. Ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi må skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern vil seie at du har rett til privatliv. Dine føresette har ikkje rett til å vite alt om deg. Når du blir fødd er det dei føresette som bestemmer over opplysningane om deg og korleis ein kan bruke dei, men etterkvart som du blir eldre skal ein høyre på dine eigne meiningar om personvern.

Visste du at?

  • Fakta

      • Kva er ei personopplysning?
      • Du har rett til å bli høyrd
      • Eit skikkeleg ja
      • Pass på informasjonen din
      • Be om hjelp
      • Kva har skolen lov til å sjekke?
      • Som ei open dagbok
      • Veit du eigentleg kva du deler med andre?

    Frå den verkelege verda

    • Eg vil gje barnet mitt fridom og respekt
    • Delte kvar kronprinsfamilien var med heile verda
    • - Ei åtvaring
    • Mamma og pappa lagrar loggen min
    • Overvaking av nettbruken til barna
    • GPS i ranselen avslører om gutane rekk skolen

Oppgåver

Diskusjon

  1. Både barn og vaksne, privatpersonar og kjendisar har rett på personvern. - Kvifor tykkjer de personvern er viktig? - Er det nokon stader eller situasjonar der vi har større behov for eller rett til å vere i fred? Kva slags? - Har de ulike grenser for kva de ser på som privat? - Søk på namnet til fire kjendisar på nett. Finn de bilete eller informasjon der som de tykkjer dei ikkje burde lagt ut? - Fekk de mange treff på kvar av dei? - Trur de at kjendisane sjølve har lagt ut eller godkjend all informasjonen og bileta?
  2. Somme foreldre legg ut bilete av barna sine på Facebook, bloggar eller på andre nettstader. - Er det OK? Kvifor/kvifor ikkje? - Bør barna bli spurde først? - Er det greitt å leggje ut bilete av ein som er så ung at han eller ho ikkje sjølv kan bestemme? - Kva kan i tilfelle vere problematisk eller dumt?
  3. Gå saman i grupper og diskuter kva de tykkjer det er greitt og ikkje greitt å ta bilete og film av (både ulike ting og personar, men også situasjonar). - Er de samde om kvar grensene bør gå? - Lag reglar for kva de kan ta bilete og film av, og i kva slags samanhengar ein skal spørje før ein tek bilete. - Lag også reglar for kva det er greitt å bruke desse bileta og filmane til. - Be elevrådet ta ansvar for å lage felles reglar for heile skolen.
  4. Nokre foreldre vel å ha ei GPS-brikke i sekken til borna sine slik at dei alltid veit kor borna er (sjå dømet over). - Kva tykkjer de om det? - Ville de syntes det var greit om foreldra dykkar alltid visste akkurat kor de er? Kvifor(/kvifor ikkje? - Er det nokre tilfelle då de tenkjer at det kunne vore greit at ikkje foreldra akkurat kor de er?

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Personvern er ein rett det er viktig å ta vare på. - Fortel du alt du meiner og tykkjer til alle du kjenner, eller er det nokon du fortel meir til enn andre? - Kva fortel du til kven og kvifor fortel du kanskje meir til nokon enn til andre? - Trur du at du og dei andre i klassen har ulike grenser for kva de delar med andre? Kva er i så fall skilnadene og kvifor trur du det er slik? - I kva slags samanhengar tykkjer du det er ekstra viktig med personvern? Kva for opplysningar tykkjer du det er viktigast å halde heilt for deg sjølv?
  2. Nokon meiner at foreldre har rett til å vite om alt barna deira gjer, medan andre meiner barn har rett til privatliv. - Har du reglar heimafrå for korleis du kan bruke mobilen og pc-en? - Fekk du vere med på å fastsetje reglane, og er du samd i dei reglane som gjeld for deg? - Har dine føresette rett til å vite alt du gjer? (Kven du er saman med, kva de snakkar om og kva de gjer når de er saman?) - Er det nokon skilnad mellom kva dei vaksne skal få vite om kva barna gjer på Internett og elles i livet? - Kva trur du er grunnen til at somme føresette sjekkar loggen på pc-en og meldingane på mobilen til barna? - Bør dei ha lov til dette? Kvifor/kvifor ikkje?
  3. Det har blitt svært enkelt å dele bilete, både på nett og ved hjelp av mobiltelefon. - Har du opplevd at nokon lagt ut bilete av deg på nett eller synt det til nokon andre? - Tykte du i så fall det var greitt? Kvifor/kvifor ikkje? - Vart du spurd først? - Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje ønskjer eller ikkje bør få lagt ut bilete eller andre opplysningar om seg sjølv på nett?
  4. Det er lurt å sjekke av og til om det ligg noko om deg på internett. - Søk på ditt eige namn på Google. Fann du noko? - Fann du noko du ikkje visste at låg der?

Filmar

Personvern er ein grunnleggande rett

Denne filmen syner kvifor det er viktig å ha kunnskap om personvern. Filmen er laga av Snøball Film på oppdrag frå Dubestemmer.no.

Du har lov til å si nei

Det er gøy med bilder av venner, og alle andre som du kjenner. Men vet du at du har lov til å si nei? Det er DU som bestemmer. Denne filmen er laget av Snøball film på oppdrag fra Dubestemmer.no.

Korleis vil du bli sett?

På internett kan du nå heile verda om du vil. Og når du ikkje vil. Filmen er laga av Mikrofilm.

Regelverk

Regelverk

Personopplysningslova

Denne lova er laga for at opplysningar om deg skal bli brukt på ein måte som viser respekt for deg. Alle som ønskjer å bruke personopplysningar om deg må følgje denne lova.

FN sin barnekonvensjon (barns rettar)

Artikkel 12:
Barn har rett til å seie si meining i alt som vedgår det. Meiningane til barnet skal telje.
Artikkel 16:
Barn skal ikkje bli utsette for tilfeldig eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt. Dei skal vernast mot ulovleg inngrep i ære og omdøme.
Artikkel 18:
Dei føresette har eit sams ansvar for oppdraging og utvikling til barnet. Foreldre, eller vergar, har hovudansvaret for oppdraging og utvikling til barnet. Det beste for barnet skal kome i første rekkje.

Barnelova § 31 - Rett til å vere med på avgjerder

Etter kvart som barnet blir i stand til å lage seg eigne synspunkt om kva ei sak handlar om, skal dei føresette gje informasjon til og høyre på kva barnet meiner, før dei tek ei avgjerd om personlege tilhøve for barnet (til dømes om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær)

Dei skal leggje vekt på det barnet meiner etter kor gamalt og kor mogent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bor hjå eller som har med barnet å gjere.
Når barnet har fylt 12 år skal det bli lagt stor vekt på kva barnet meiner. 

 

Personvern

Vi har alle noko som vi ikkje ønskjer å dele med andre. Ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi må skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern vil seie at du har rett til privatliv. Dine føresette har ikkje rett til å vite alt om deg. Når du blir fødd er det dei føresette som bestemmer over opplysningane om deg og korleis ein kan bruke dei, men etterkvart som du blir eldre skal ein høyre på dine eigne meiningar om personvern.

Illustrasjon personvern 9-13 år