Sosial på nett

Sosial på nett

Introduksjon

Sosial på nett

Det er lett å vere sosial på nett. Du kan chatte, spele spel og lese. Du kan dele bilete og filmar med andre, og kommentere og like innhaldet til venene dine. Når du har ein profil på ein nettstad er det DU som er ansvarleg for det du legg ut der. Ansvar både for kva du kan og ikkje kan leggje ut av informasjon om andre, men også ansvar for kva du bør og ikkje bør publisere.

Visste du at?

  • Fakta

      • Reglar for biletbruk
      • Kven skal få sjå kva?
      • Passordvett
      • Ytringsfridom
      • Tips til betre nettvett

    Frå den verkelege verda

    • "Er eg pen eller stygg?"
    • What does the fox say?
    • Selde hest og tok pengane sjølv
    • Nettsamfunn er bra

Oppgåver

Diskusjon

  1. Det er store forskjellar frå skole til skole og frå familie til familie kva slags reglar dei har for bruk av Internett og mobil. - Er det viktig å ha reglar for bruk av Internett og mobil heime og på skolen? Kvifor/kvifor ikke? - Diskuter i grupper og lag nye reglar slik de tykkjer dei bør vere. - Bør dei same reglane gjelde heime og på skolen, eller bør det vere ulike reglar? - Diskuter reglane med læraren eller dine føresette.
  2. Om nokon tek bilete av elevane på skolen, fritidsordninga eller andre fritidsaktivitetar, skal dei ha løyve av foreldra først. Dei skal også fortelje kva bileta blir brukte til slik at dei føresette veit kva dei seier ja til. - Blir det teke bilete av elevane på dykkar skole? - Korleis blir bileta brukte (på nettsida til skolen, i katalog, på Facebook, Instagram, Twitter eller anna)? - Sjekk om skolen har fått skriftleg løyve frå dei føresette til dette. - Brukar dei vaksne å spørje dei det er teke bilete av om dei tykkjer dette er greitt? - Finn ut korleis reglane for dette er, og informer skoleleiinga eller elevrådet om de meiner skolen ikkje følgjer reglane. Diskuter gjerne og korleis de tykkjer reglane burde vere rundt dette.
  3. Nokon meiner at barn ikkje bør vere med i nettsamfunn. - Kva meiner de? - Kva er bra med å vere med i eit nettsamfunn? - Er det noko som ikkje er så bra? - Bør det vere ei aldersgrense på nettsamfunn, og i så fall kvifor? - Ein del store nettsamfunn har 13-års aldersgrense. Kva meiner du om det?
  4. I mange samanhengar på nett kan ein bruke kallenamn i staden for det eigentlege namnet sitt. - Kor mange i klassen har nettprofilar der dei brukar eige namn, og kor mange har profilar med eit kallenamn ? - Diskuter kva slags konsekvensar det kan ha å bruke eit kallenamn. - Trur de ein oppfører seg annsleis når ein har eit kallenamn enn når ein skriv meiningane sine under fullt namn? Kvifor/kvifor ikkje? - I kva slags situasjonar kan det vere best med kallenamn og når er det best med fullt namn?
  5. Om de er medlemer i eit nettsamfunn, er det viktig å vite korleis de vernar informasjonen dykkar. - Gå saman i grupper og sjekk kva slags informasjon som er synleg om dei som har profil i eit nettsamfunn. Kva kan andre sjå? - Finn personverninnstillingane og sjekk om dei er justerte slik de ønskjer det.

Oppgåver

Eigenoppgåver

  1. Du har ansvar for det som du sender vidare med mobilen din eller publiserer på nett. - Har du angra på noko du har vidaresendt eller lagt ut på nettet om deg sjølv eller andre? - Kvifor angra du i så fall? - Har du nokon gang opplevd at andre har vidaresendt eller publisert noko om deg som du ikkje likte? Kva gjorde du då?
  2. Somme nettstader har aldersgrense for dei som ønskjer å lage ein profil på deira sider. - Finn ut kva aldersgrensa er på sider som du brukar. - Kvifor trur du at de har sett desse aldersgrensene? - På kino blir stort sett den aldersgrensa som er sett respektert. Har du like stor respekt for aldersgrenser på nett? Kvifor/kvifor ikkje?
  3. På nett kan du skrive ting med fullt namn eller du kan ha eit kallenamn. Det kan også dei andre som du møter på nett. - Har du nokon gong snakka med nokon du ikkje kjenner på nett? - Tykkjer du det er greitt å sende bilete og annan personleg informasjon til ukjende som du møter på nettet? - Kva kan problema vere ?
  4. Ytringsfridom er ein viktig rett. - Kva betyr det? - Kvifor er det viktig? - Korleis trur du det ville ha vore å leve i eit land utan ytringsfridom?

Filmar

Var det DU som sende den dritkjipe meldinga?

Du gjorde det kanskje for å vere morosam – men kor morosamt blei det eigentleg? Meldinga spredde seg til nokre fleire enn du ville, ikkje sant? Og plutseleg er det di skuld at ein i klassa ikkje vågar å gå på skulen. Var det verkeleg verd det, eller skulle du ønskje du hadde tenkt deg om? Filmen er laga av Mikrofilm.

Regelverk

Regelverk

Noregs grunnlov § 100

Denne lova seier at alle har rett til ytringsfridom og rett til offentleg informasjon.

FN sin barnekonvensjon

Artikkel 13: Alle barn har rett til ytringsfridom. Det vil mellom anna seie fridom til å søkje, motta og melde opplysningar og idear av eitkvart slag utan omsyn til grenser, anten det skjer munnleg eller skriftleg.
Men, ytringsfridomen er ikkje det same som at alt er lov. Det finst avgrensingar, mellom anna skal ein ta omsyn til rettane eller omdøma til andre.

Åndsverklova § 45c

Bilder av en person kan ikke deles eller vises offentlig uten samtykke av den som er på bildet, unntatt når:
- bildet av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,
- bildet viser forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse.

Personopplysningslova
Denne lova er laga for at opplysningar om deg skal bli brukte på ein måte som viser respekt for deg. Alle som ønskjer å bruke personopplysningar om deg må følgje denne lova.

Sosial på nett

Det er lett å vere sosial på nett. Du kan chatte, spele spel og lese. Du kan dele bilete og filmar med andre, og kommentere og like innhaldet til venene dine. Når du har ein profil på ein nettstad er det DU som er ansvarleg for det du legg ut der. Ansvar både for kva du kan og ikkje kan leggje ut av informasjon om andre, men også ansvar for kva du bør og ikkje bør publisere.

Sosial på nett. To barn som kommuniserer med hverandre over Internett_illustrasjon