AAA

Lét DU deg lure?

DU KAN VINNE EIN iPod! Bokstavane i den gule firkanten kjem nærmast hoppande mot deg: Klikk her og bli med i konkurransen om ein splitter ny iPod! Ingenting meir. Berre det. Og då er det vel berre å klikke, då. Og sjå kva som skjer…

Ja, kva er det eigentleg som skjer viss du klikkar på reklamen som stadig poppar opp når du sit framfor PC-en og spelar yndlingsspelet ditt? Ein ting er i alle fall sikkert: Sjansen for at du vinn ein iPod, er veldig liten. Men sjansen for at dei som står bak reklamen, registrerer adressa til PC-en din og legg igjen ein informasjonskapsel så dei kan tilpasse reklamen sin til akkurat deg, er desto større.

Reklamemann

Lure knep
Reklamen er rundt oss på alle kantar og finst i mange former. Ofte er han klar og tydeleg, som når han kjem som reklamebanner eller popup-vindauge når du er på Internett. Då forstår du kva det blir reklamert for. Nokre gonger kan reklamen sjå ut som ein vanleg artikkel. Då må du vere kritisk og sjå nøye etter for å forstå at det eigentleg er reklame. Andre gonger er reklamen utforma som ei artig nettside med spel. Då tenkjer du kanskje ikkje over at spelet eigentleg er meint som reklame.

Gratis program der du får spele, teikne eller gjere noko anna morosamt, kan av og til innehalde spionprogram eller virus som skader PC-en din. Kanskje blir han treg, eller kanskje får andre tilgang til passorda dine eller kontroll over webkameraet. Slike program kan det vere vanskeleg å oppdage og å bli kvitt.

Gratis?
Kanskje har du eller nokon av vennene dine vore med på avrøystingar ved å bruke mobiltelefonen, eller takka ja til å få nye ringjetonar på mobilen? Mange seier ja til noko som ser ut til å vere gratis. Når telefonrekninga etter ei stund dumpar ned i postkassa til mamma eller pappa, viser det seg at det likevel kosta pengar. Ofte betyr eit ja langt meir enn du trur, for eksempel at du har sagt ja til å kjøpe fleire
ringjetonar fast kvar månad sjølv om du trudde du berre kjøpte éin. Då blir kontantkortet fort tomt.

Det er du som bestemmer kva du skal bruke di tid og dine pengar på.

Bestill klassesett