Om du bestemmer

Du Bestemmer er eit samarbeid mellom Teknologirådet, Datatilsynet og Senter for IKT i utdanninga. Målet er å auke ungdom sin kunnskap om personvern og å gjere dei meir bevisste rundt vala dei gjer når dei brukar digitale hjelpemiddel slik som internett og mobiltelefon.

Det er utarbeidd ein undervisningspakke for ungdomstrinnet/vidaregåande (13-17 år) og ein for dei eldste barna på barneskulen (9-13 år). Ein undervisningspakke består av eit hefte med faktaopplysningar, historier frå røyndommen, og diskusjonsoppgåver. Det er også laga ein rekke filmar som skal hjelpe til med å stimulere debatt og skape engasjement rundt kvart tema. Ein DVD med desse filmane følgjer også med undervisningspakken.

Det er lagt stor vekt på å ikkje heve ein moraliserande pekefinger. Målet med undervisningsopplegget er å skape refleksjon og diskusjon. Opplegget stiller opne spørsmål slik at den enkelte sjølv kan sette grenser. Har ein kunnskap om konsekvensar av mulige val, kan ein også ta ansvar.

Stor suksess utanfor Noreg

Heile eller delar av undervisningsopplegget er tatt i bruk i rundt 16 land i Europa og Nord-Amerika.

Her er nokre eksempel på bruk av Du bestemmer i utlandet:

(Alle sidene blir opna i eit nytt vindauge)

Har du tips eller forslag?

Vi treng di hjelp!

Vi jobbar med å gjere Du bestemmer betre og ønskjer dine innspel. Har du forslag til nye tema som burde inkluderast eller oppgåver du trur ville fungere bra som del av opplegget? Eller kanskje du har litt ris eller ros du har lyst til å dele med oss?

Send ein e-post til prosjektleiar Karoline Tømte: karoline.tomte@iktsenteret.no

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering