Ordliste

Ordlista

A

Aktør

Einskildperson, gruppe, selskap eller organisasjon som har ei meining og eit mål med det dei gjer. Ein kommersiell aktør ønskjer å tene pengar på ei teneste eller eit produkt.

Anonym

Utan namn. Ukjent eller namnlaus person. 

Antivirusprogram

Eit program som prøvar å finne, motarbeide og fjerne datavirus eller liknande som kan vere skadeleg for pc-en.

App

Program som brukast på mobil, nettbrett eller pc. Det kan til dømes vere spel som er rein underhaldning eller program som kan hjelpe til med ei oppgåve. Kortform for applikasjon.

B

Brannmur

Eit hinder som sperrar for uønskt trafikk til ei datamaskin, t.d. når nokon utanfrå prøvar å logge seg på (hacke seg inn i) systemet.

D

Diskriminere

Å behandle nokon mindre gunstig enn andre. Ordet brukast oftast for å namngje ei usakleg eller urimeleg forskjellsbehandling av individ på grunnlag av deira kjønn, religion, tilhøyrsle til etniske grupper, nasjonalitetar eller nedsett funksjonsevne. (Kjelde: Store Norske Leksikon).

F

Filter

Eit program som stengjer tilgangen til uønskte nettsider.

H

Hets

Vondsinna og usakleg oppførsel retta mot enkeltpersonar.

I

Indeksert

Når data eller informasjon er ordna slik at det blir mogleg å finne dei igjen basert på ulike søkekriterium. I datateknologien betyr indeksering å gjere data raskt søkbare i databasar, medan på bibliotek har vi t.d. indekskort på tittel og forfattar.

Informasjonskapsel

Ei lita tekstfil som er lagra på maskina din, og som inneheld informasjon om deg som gjer det enkelt for nettstadene å kjenne deg igjen frå eit tidlegare besøk. Også kalla cookie.

K

Kjeldetilvising

Informasjon om kvar ein har henta opplysningane frå. Kjelda kan til dømes vere bøker, tidsskrift eller nettsider.

Krenking

Når det skjer eit overtramp mot ein rett du har. Det å tvinge nokon til å bli med på eller la seg utsetje for handlingar dei ikkje ønskjer, eller å karakterisere ein person med nedsetjande ord og skildringar, er også krenkingar.

L

Logg

Ein oversikt over nettaktivitet, t.d. over kva slags nettsider du har besøkt eller samtalar du har hatt på chat.

N

Nettlesar

Eit program du må ha for å vise innhald på internett, t.d. Internett Explorer, Chrome, Safari eller Firefox.

P

Personopplysning

Alle opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson. I tillegg til opplysningar som namn, fødselsdato, adresse, telefonnummer og e-postadresse, kan også bilnummer, bilete og spel- eller kjøpsmønster på nett vere personopplysningar.

Personvern

Retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.

Pseudonym

Eit oppdikta forfattarnamn, eit kallenamn. Somme brukar pseudonym når dei spelar eller kommuniserer med andre på nett fordi dei ikkje vil seie kven dei er.

V

Valuta

Eit betalingsmiddel for eit eller fleire land, slik som pengar. Nokre land har eigen valuta (t.d. norske kroner), medan andre land har felles valuta (t.d. euro).

Y

Ytringsfridom

Retten til å ytre seg og til å gje eller ta i mot opplysningar (informasjonsfridom), same kva slags kanal eller medium ein nyttar.