Uønskte hendingar
Uønskte hendingar
Introduksjon
Uønskte hendingar

Visste du at?
Fakta
- Digital mobbing
- Digitale krenkingar
- Hatprat
- Utpressing, nettvaldtekt og creepshots
- Snakk med nokon!
- Få det bort! Skaff hjelp!
- Fått nakenbilder spredt? Det er aldri din skyld
- Korleis motverke uønskte hendingar
- Falske datingprofilar på nett
- Ung.no
Frå den verkelege verda
- Svært mange opplever digital vald i kjærasteforhald
- "Herregud. Ho er jo jente!"
- Sjalu ekskjæraste tok hemn
- Kontaktinfo på avvegar
- Muslimhat florerer på nett
- - Jeg orker ikke mer
- Hengast ut på pornonettside
- Elevar filma slåsting
- Politiet åtvarar - nakenbilete av jenter blir delte på nett
- Eksplosjon i talet på utpressingssaker
Oppgåver
Diskusjon
- I norske og utanlandske nettaviser kan ein finne mange døme på mobbesaker som har fått alvorlege konsekvensar. Nokre gongar var kanskje utgangspunktet relativt uskuldig. - Finn historier frå media på uønskte hendingar på nett. - Kva skjedde i dei ulike sakene, og korleis vart dei handsama?
- Gå saman i grupper og diskuter korleis de ønskjer å oppføre dykk mot kvarandre på nett. - Kan de lage ein definisjon på kva de tykkjer er mobbing? - Bør ein tole meir i digitale medium enn elles? - Og er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annleis på nett enn elles? Kvifor/kvifor ikkje? - Kvar går eigentleg grensa mellom ytringsfridom og krenkingar? Greier de å bli samde om dette i klassen? - Kva døme på skjult mobbing kjenner de til? - Diskuter kva de kan gjere for å førebyggje uønskte hendingar på nett eller redusere digital mobbing. - Be elevrådet om å ta dette opp så alle på skolen kan ha ei felles haldning og felles reglar for dette.
- Somme skolar har vald å løyse utfordringane med digital mobbing ved å forby bruk av mobiltelefonar og nettbrett i skoletida. - Hva tenker dere om dette? Hva kan fordelene/ulempene være? - Hvilke andre alternativer har skolene? - Kan et slikt forbud gi negative konsekvenser skoleledelsen kanskje ikke har tenkt på? - Hvordan skal skolene eventuelt ellers håndtere dette?
Oppgåver
Eigenoppgåver
- Nokon påstår at digitale verktøy har gjort det enklare å øydeleggje for, sjikanere eller mobbe andre. - Kva meiner du? - Er det ting du kunne ha gjort og sagt på nettet, som du aldri ville ha gjort mot nokon elles? I så fall kva? - Kva kan du gjere for å unngå eller motverke uønskte hendingar på nett?
- Tenk tilbake på meldinger og bilder du har sendt eller mottatt fra andre. - Kan nokre av desse ha krenka andre, og i så fall korleis? - Har du sett tilfelle på nett der du tykkjer nokon har gått over streken i måten dei er på mot andre (kommentarar, lagt ut bilete eller liknande)? - Gjorde du noko? Kvifor/kvifor ikkje? I så fall kva? - Hva kan du gjøre for å unngå eller motvirke uønskede digitale hendelser. - Har du noen gang opplevd noe ubehagelig via digitale verktøy? Hva gjorde du for å løse situasjonen? Hva kunne du eventuelt ha gjort annerledes?
Filmar
Nico og Thea
Kva hende med Maria?
Regelverk
Regelverk
Opplæringsloven - retten til et godt skolemiljø
Ifølge opplæringsloven har alle elever rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Dette betyr at skolen har ansvar for at alle elever har en trygg skolehverdag, og at de ikke utsettes for verken fysisk eller psykisk mobbing (se kapittel 9a).
Nettstader og appar gjer det lett for oss å halde kontakten med vener og familie. Ein kan dele artige og rare situasjonar, få svar på spørsmål av kjende og ukjende, anonymt eller ikkje. Men kva når bileta du sendte til kjærasten dukkar opp på mobilen til nokon andre? Korleis reagerer du når nokon brukar informasjonen om deg på ein måte du ikkje hadde tenkt på eller har blitt spurd om? Kva gjer du når biletet av veninna di får masse kommentarar om kor stygg ho er?

Av og til opplever vi ein situasjon som er så hysterisk artig at vi berre må dele han med nokon. Men situasjonar som var uskuldige då dei oppstod, kan lett mistydast når dei blir spreidde på nett og delte med andre. Og det er fort gjort å miste kontrollen. Når eit bilete, ein film eller ein tekst først er publisert, kan dette lett spreiast vidare, og dukke opp andre stader enn det var tenkt.
Mobbing? Det var berre for å tulle
Det er du som bestemmer kva du vil dele med resten av verda. Men det betyr også at du har ansvar for å tenkje deg om før du sender ut eller vidaresender informasjon og påstandar om andre.
Vi har alle ulike grenser for kva vi opplever som greitt og ikkje. Den meldinga du skreiv på spøk, blir kanskje ikkje oppfatta som særleg morosam av den som får meldinga. Festbiletet du la ut av kompisen din laurdag kveld, vekkjer kanskje ikkje like stor latter hjå han søndag morgon. Kan det du publiserer eller deler blir sett på som mobbing? Og kven har ansvaret når personlege bilete og informasjon hamnar på avvegar? Du må difor alltid tenkje over kva konsekvensar du utset deg sjølv og andre for.
Anonymitet
Mange opplever det enklare å henge ut andre på nett når dei sjølv kan vere anonyme. Somme føler seg tøffare bak skjermen, og terskelen for å plage andre via sosiale medium kan vere lågare enn for å slengje skjellsord til nokon ansikt til ansikt. Du oppfattar ikkje ansiktsuttrykket eller kroppshaldninga til mottakaren gjennom digital kommunikasjon, noko som fort kan føre til at du får mindre empati og medkjensle med den andre. Når du ikkje ser dei du snakkar med (eller snakkar om), blir heller ikkje situasjonar opplevde på same måte, og du blir kanskje meir direkte og ufin i måten du formidlar bodskapen på.
Det kan verke som uskuldig moro å sende ei anonym melding eller eit bilete når du sit saman med vener, men mottakaren kan derimot oppfatte det som svært krenkande og respektlaust. Kommentarar eller mobbing på nett kan dessutan ofte følast verre om du ikkje veit kven som står bak eller kor mange som har fått det med seg. Det gjev ei sterk kjensle av utryggleik ikkje å vite.
Store konsekvensar - vanskeleg å angre
Du har rett til å seie nei til at bilete, filmar eller annan informasjon om deg blir spreidde av andre på nett. Trugsmål, sjikane, falske påstandar eller brot på privatlivets fred kan faktisk straffast etter straffelova, sjølv om kommentaren vart skriven på spøk. Du må difor halde deg til dei lovene og reglane som finst om du publiserer noko.
Det kan vere gøy at mange likar eit bilete du har lagt ut, og di fleire som likar biletet, di meir synleg blir det. Men, sidan både bilete, filmar, meldingar og innlegg kan spreiast i stor fart, og plutseleg også kan dukke opp i andre og kanskje uønskte kanalar, er det viktig å ha kunnskap om reglane, og å ta gode og gjennomtenkte val. Nokre gongar kan det vere nesten umogleg å fjerne opplysningar, bilete eller film som er delt på nett. Og sjølv om du slettar informasjonen du publiserte, kan du risikere at andre i mellomtida har kopiert og delt den andre stader. Søkemotorar og nettlesarar kan også ha arkivert og indeksert innhaldet.
Skjult mobbing?
Men, kan det oppfattast som mobbing om du ikkje gjer noko? Det finst måtar å vere mot andre på som lett kan sjåast på som skjult mobbing. Om nokon legg ut eit bilete av seg sjølv og ingen trykkjer at dei likar det, vil det kunne følast sårande. Det ikkje å like bilete, ikkje invitere til arrangement, ikkje dele innhald med eller ikkje «bli ven med» einskildpersonar i ulike sosiale medium og liknande, vil kunne vere med på å gje ein person ei kjensle av utfrysing. Digital ekskludering og isolasjon kan følast like ille som direkte mobbing ansikt til ansikt.
Denne typen mobbing er meir skjult for dei vaksne, men er gjerne veldig synleg mellom dei unge sjølv. Vi har alle eit ansvar for å seie ifrå eller gripe inn når vi ser at nokon blir behandla dårleg. Ved å vere tilskodar til ein slik situasjon utan å seie ifrå til nokon eller hjelpe offeret, er du ein passiv deltakar. Det er ikkje berre dei som gjer noko aktivt som blir definerte som mobbarar. Ved å ikkje seie ifrå eller unnlate å hjelpe er du også med på å oppretthalde mobbinga.
Offeret har aldri skulda!
Dei som opplever uønskte hendingar på nett - anten det er mobbing, bilete eller filmar på avvegar, utpressing eller anna – er ofte i ein svært fortvila situasjon. Mange har hatt problem over lengre tid, men dei vegrar seg for å søkje hjelp fordi det følast ubehageleg. Sakene er ofte prega av tabu (det er vanskeleg å snakke om det) og mange føler også sjølv skuld for det som har skjedd. Dei ønskjer ikkje å involvere korkje vener, foreldre, lærarar eller lokalt politi, men vil berre at saka skal forsvinne. Problemet er gjerne at det er det motsette som skjer. Ved ikkje å få hjelp, kan problema berre bli verre.
Det viser seg at mange saker blir løyste på kort tid når dei som har problem søkjer hjelp. Tenesta Slettmeg.no utviklar til dømes stadig ny metodikk for å hjelpe personar som er blitt krenka på nettet.
Det er mange vaksne som jobbar med å hjelpe unge som har det vanskeleg, og som veit kor-leis ein kan gå fram når problema tårnar seg opp. Om det følast ubehageleg å snakke med nokon du kjenner i første omgang, kan løysinga vere å ringje til ein hjelpetelefon der du kan vere anonym.
Sjå tips i faktaboksane under om kven du kan kontakte.
Vi har alle eit ansvar for korleis vi oppfører oss på nett. Bruk det!
Visste du at?
Fakta
Digital mobbing
Når mobbing skjer på den digitale arenaen, eller gjennom sosiale medium, kallar vi det digital mobbing. Slik mobbing kan skje ved bruk av både film, bilete eller tekst. Det kan også handle om ikkje å få vere med i sosiale grupper eller ikkje få «likes» på profilbiletet sitt. Digital mobbing er ikkje fysisk, men kan skje både ved at nokon ertar, trugar, baksnakkar og stengjer andre ute på nett eller via digitale kanalar.
Det er altså digital mobbing når ein person brukar digitale verktøy for å gjere ein annan person vondt og den som blir utsett opplever at det er vanskeleg å forsvare seg. Ved digital mobbing kan det vere vanskeleg å forsvare seg anten fordi ein blir mobba anonymt, og såleis ikkje veit kven som er involvert, eller fordi bilete eller tekst blir spreidd til veldig mange. At det er mogleg å spreie digital tekst eller film, eller det at den som blir utsett for digital mobbing kan ta tekst eller bilete fram mange gongar, gjer at einskildhendingar som skjer digitalt kan bli gjenstand for repetisjon. Då er det også digital mobbing. Digital mobbing er dessutan ofte kombinert med ansikt-til-ansikt-mobbing.
(Kjelde: Læringsmiljøsenteret)
Utpressing, nettvaldtekt og creepshots
Det finst mange ulike typar uønskte hendingar på nett. Her fortel vi om nokre av dei vanlegaste hendingane som slettmeg.no vart kontakta om i løpet av 2014:
Mange unge blir utsette for utpressing. Ofra i desse sakene blir pressa for pengar, sex eller at dei framleis skal vere kjærastar. Pressmiddelet som blir brukt er ofte nakenbilete. Det er ulike aktørar som pressar. I somme av sakene var utpressaren i utlandet og kontakten med offeret hadde oppstått på nett. Ofte var det lange kjennskap som førte til at offeret delte eit bilete i truskap. Då starta gjerne utpressinga for pengar, med trugsmål om at biletet skulle delast med vener og familie til offeret. I andre saker er det gjerne kjenningar eller ekskjærastar som pressar. I desse tilfella var det ikkje berre pengar dei ville ha, men gjerne at ein skulle bli kjærastar igjen, eller at ein skulle ha sex.
Nettvaldtekt er når forsmådde ekskjærastar delar intime bilete av eksen sin. Dette blir gjort som hemn for at forhaldet er slutt, og motivasjonen er gjerne å øydeleggje mest mogleg for den tidlegare kjærasten sin.
Creepshots er bilete som ofte er tekne i det offentlege rom, utan at den som blir teke bilete av veit at biletet blir teke. Som regel er desse bileta seksualiserte. Eit døme kan vere bilete som blir tekne opp under skjørtet på ei jente som står framføre fotografen i ei rulletrapp. Dette er ikkje eit nytt fenomen, men det finst mange nettsider med denne type innhald.
Fått nakenbilder spredt? Det er aldri din skyld
Uansett omstendighet - den som er så uheldig å få private bilder ufrivillig spredt på nett, skal ikke klandres. Det spiller ingen rolle hva offeret har gjort på forhånd, det er ulovlig å spre bilder av andre uten samtykke.
Mange sender eller stiller opp på bilder frivillig. Når de så blir utsatt for misbruk, er det veldig skambelagt. Mange dømmer seg selv, i tillegg til å bli kritisert av andre, så det blir en slags dobbel straff. Det er også svært mange som i utgangspunktet følte seg presset til å i det hele tatt ta bildene.
Ekspertene står samlet når det gjelder råd til de som kjenner noen som har opplevd dette: kunnskapen om hvordan slike situasjoner håndteres må økes, og skylden må aldri legges på offeret.
Les hele artikkelen om ulike eksperters tanker og råd om dette (vg.no)
Ung.no
Ung.no er informasjonskanalen for ungdom til det offentlege. Her kan du få informasjon om rettar, moglegheiter og pliktar innan eit breitt spekter av område.
Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som driv nettstaden som kan hjelpe ungdom med svar på ulike spørsmål dei måtte vere opptekne av.
Digitale krenkingar
Digitale krenkingar er negative handlingar som ikkje gjentek seg på same måte som ved digital mobbing. Det kan vere negative einskildhendingar som ikkje blir spreidde til fleire, eller tekst og film som er meint for å såre, men som blir sletta når dei er sett. Såleis er det ikkje noko som skjer over tid slik digital mobbing gjer, og den som blir utsett opplever kanskje den negative hendinga berre ein einskild gong.
Opplevinga kan likevel vere minst like ubehageleg som ved digital mobbing, så det er viktig å seie ifrå om du ser eller sjølv opplever noko digitalt som ikkje er akseptabelt. Sjå eigne faktaboksar om kven du kan ta kontakt med.
(Kjelde: Læringsmiljøsenteret)
Snakk med nokon!
Om du har opplevd noko ubehageleg – anten det er på mobil, på nett eller i skolegarden – er det viktig at du tek kontakt med nokon som kan hjelpe deg. Det kan vere foreldre, nokon på skolen, helsesøster eller ein annan vaksen du har tillit til. Sjølv om du tykkjer det er ubehageleg, er det betre å snakke med nokon enn å vente til ting kanskje blir endå verre!
Det er alltid hjelp å få. Ingen har rett til å krenkje eller gjere ubehagelege ting mot deg, uansett kva du har gjort først. Voksne har ofte opplevd meir enn du trur og kan vere lettare å prate med enn du først tenker.
Om du ikkje har nokon vaksen du har lyst til å snakke med om dette, kan du til dømes kontakte Raude Kross si hjelpeteneste, Kors på halsen. Du kan ringje, sende dei ei melding eller chatte. Alle tenestene er gratis, og du er heilt anonym.
Alle barn og unge kan dessutan ta kontakt med Barneombudet. Dei kan svare på spørsmål om rettane til barn og unge, og dei kan gje råd og tips om alt frå skole, familie, barnevern og helse, til rettane til asylbarn og andre tema. På nettsidene sine har dei ei svært god oversikt over kven som kan hjelpe både når noko alvorleg har skjedd eller du berre treng nokon å snakke med.
Du skal aldri la dag presse til noko du eigentleg ikkje ønskjer!
Korleis motverke uønskte hendingar
1. Ikkje svar på meldingar som er meinte for å såre deg eller gjere deg opprørt. Det vil truleg oppmuntre til meir trakassering.
2. Ta vare på meldinga. Du treng ikkje å lese henne, men ta vare på ho som bevis. Er det eit bilete eller ei nettside – ta eit skjermbilete.
3. Fortel om det som har skjedd til nokon du stolar på. Snakk med føresette, vener, ein lærar, ungdomsarbeidar eller ein hjelpetelefon.
4. Blokker sendaren. Du treng ikkje å finne deg i at nokon trakasserer deg – steng uønskte avsendarar ute!
5. Rapporter problem til dei som kan gjere noko med det. Du kan ta kontrollen ved å ikkje finne deg i støytande innhald. (Sjå eigen faktaboks "Få det bort! Skaff hjelp!")
6. Respekter deg sjølv og respekter andre.
(Kjelde: Medietilsynet)
Hatprat
Europarådets Stopp hatprat-kampanje (som er ein europeisk ungdomskampanje mot hatprat på nettet) definerer hatprat på denne måten:
«Hatprat er tekstar, ord, bilete og symbol som blir brukte for å spreie hat, trugsmål og oppmodingar til vald mot ein person eller gruppe basert på deira tenkte eller reelle gruppetilhøyrsle. Hatprat kan ta mange former. Det kan stå publisert i eit kommentarfelt i ei avis eller på eit nettforum, det kan vere eit teikn som symboliserer hat, eller det kan vere mobbing, både på og utanfor nettet.»
Denne definisjonen vil seie at hatprat må ha eit medvite eller umedvite gruppefokus i seg som kan handle om til dømes etnisitet, religion, kjønn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering. Dette betyr at fenomen som rasisme, homofobi, islamofobi, antisemittisme, sexisme og antisiganisme er hatprat, medan mobbing mot enkeltpersonar ikkje alltid fell inn under denne definisjonen.
Hatprat, krenkingar og mobbing på nettet er ei menneskerettsutfordring først og fremst fordi det krenkjer menneskeverdet. Det er ei demokratisk utfordring fordi det kan hindre deltaking: hatprat kan gjere at unge menneske anten vel å sensurere seg sjølv eller trekkje seg frå det offentlege ordskiftet fordi dei ikkje orkar sjikanen og krenkingane eller fordi dei opplever å bli trua. I verste fall har vi sett at hatprat fører til hatkriminalitet.
Les meir om kampanjen for å stoppe hatprat (stopphatprat.no)
Kjelde: Det Europeiske Wergelandsenteret
Få det bort! Skaff hjelp!
Finst det uønskt informasjon om deg på nettet?
1. Kontakt personen som har publisert
Veit du kven som har lagt ut dei uønskte opplysningane om deg? Ta kontakt med vedkomande og be om at opplysningane blir fjerna.2. Kontakt dei som eig nettstaden
Om du ikkje veit kven som har lagt ut opplysningane, eller dei ikkje vil høyre på deg, kan du kontakte nettstaden (domenet) der opplysningane er publiserte. For å finne ut kven som eig eit norsk domene, kan du gå inn på den norske whois-databasen.3. Kontakt nokon som kan hjelpe
Slettmeg.no gjev råd og hjelp til fjerning av uønskt informasjon på nettet. Dei har mange gode veiledningar og sletteguidar til korleis du kan gå fram for å fjerne informasjon sjølv på ulike nettstader og applikasjonar.Om du har prøvd alt over, men den som har publisert informasjon om deg likevel ikkje vil fjerne han, kan du ta kontakt med Datatilsynet. Legg då ved den eventuelle skriftlege korrespondansen du har med den eller dei som har publisert noko om deg.
Konfliktrådet kan også hjelpe deg med å løyse fastlåste konfliktar, anten det dreier seg om lovbrot eller sivile konfliktar. Dei legg til rette for møte der de sjølv gjennom dialog kan finne fram til gode løysingar. Mange saker om netthets hamnar hjå Konfliktrådet. Konfliktrådet er ei gratis statleg teneste for alle i alle aldrar. Ta kontakt med ditt lokale Konfliktråd for meir informasjon om korleis dei kan hjelpe deg!
Les mer om kva Konfliktrådet kan hjelpe med og typiske saker dei får inn (nrk.no)4. Kontakt politiet
Meiner du at opplysningane som er publiserte er så ekstreme at dei må fjernast raskt, bør du kontakte politiet. Ta eit skjermbilete. Meld det til politiet! Særleg alvorlege episodar bør rapporterast til KRIPOS.Falske datingprofilar på nett
Fleire Facebook-brukarar opplever at dei ufrivillig har fått oppretta profilar på sjekkesider på nettet. Slettmeg.no opplever svært stor pågang frå folk som vil ha hjelp. Nokre gongar er det lett å få fjerna desse falske profilane, andre gongar kan det vere meir tidkrevjande.
Les meir på Slettmeg.no der du også får råd til korleis du går fram om du har opplevd dette.
Frå den verkelege verda
Svært mange opplever digital vald i kjærasteforhald
Ei undersøking viser at heile 38 prosent av dei spurte norske jentene (i alderen 14-17 år) har opplevd digital vald i eit parforhald. Det vil seie at dei har blitt utsette for trugsmål og trakasserande meldingar, blitt overvaka og kontrollert gjennom mobiltelefon eller sosiale medium, eller har opplevd at stygge meldingar eller bilete av dei har blitt posta på nettet. Fleire unge er også redde for å bryte med kjærasten, i frykt for å bli hemna med spreiing av intime bilete.
Dette er eit problem alle vaksne også må ta på alvor då dei som opplever dette ofte tykkjer det er vanskeleg å snakke med nokon om det. Mange er også usikre på kvar grensene går for kva som er greitt og ikkje i eit kjærasteforhald.
Les heile artikkelen og sjå fleire tal frå undersøkinga (vg.no)
Kontaktinfo på avvegar
Ei jente på 14 år la ut namn, alder, e-postadresse og telefonnummer då ho søkte etter brevvener på nett. Opplysningane vart misbrukte, og jenta opplevde å få svært ubehagelege meldingar frå folk ho ikkje kjente, også eldre menn. Det viste seg å vere vanskeleg å få fjerna opplysningane når ho først hadde mista kontrollen over dei, og det gjekk heile to år før ho fekk hjelp til å fjerne det som låg på nett.
Kjelde: NRK
Hengast ut på pornonettside
Ein 19-åring frå Tromsø opplevde at private bilete av henne ufrivillig vart lagt ut på ein pornonettstad. Bileta var stolne frå Facebook-kontoen hennar. – Det er skikkeleg ekkelt å finne bileta sine på denne måten. Det betyr jo noko heilt anna når dei ligg på ei nettside som dette. Eg tenkjer med gru på kva slags inntrykk det kan gje ein eventuell framtidig arbeidsgjevar som kunne finne på å google meg, seier ho. Jenta har meldt dette til politiet, og oppmodar andre i same situasjon til å gjere det same.
Eksplosjon i talet på utpressingssaker
Ifølgje Slettmeg.no blir det meir og meir vanleg med utpressing av einskildpersonar på Internett. Fleire og fleire personar føler seg tvunge til å betale pengar for å hindre at sensitive filmar eller bilete av dei sjølv blir publiserte på nett. Den mest vanlege grunnen til at utpressinga oppstår er at offeret blir lurt til å kle av seg på Skype. Så blir dei truga med at videoen av samtalen vil bli publisert på YouTube eller andre sosiale medium. Det er ofte vanskeleg for norsk politi å ta og døme personane som gjer dette, sidan dei gjerne bur i andre land enn Noreg. Om du blir utsett for dette, er det best å kontakte ein vaksen person slik som ein føresett, lærar, helsesøster eller politiet så fort som mogleg, sjølv om det kan opplevast som flaut. Utpressinga vil truleg ikkje stoppe sjølv om du betalar, så be om hjelp med ein gong!
Kjelde: e24
"Herregud. Ho er jo jente!"
Medaljen har ei bakside. Amalie kan få telefonar av framande klokka fire på natta. Ukjente har tilbydd venene hennar pengar mot informasjon om sexlivet hennar og lettkledde bilete. Andre kvinnelege gamarar har opplevd at nakenbilete av dei har vorte spreidd på nett, difor tek dataspelaren sine forhaldsreglar.
– Eg sender til dømes ingen private bilete over Facebook, i tilfelle kontoen vert hacka. Det gjeld berre å ha nettvett og ikkje sende slike bilete til folk du ikkje stolar på, eller ikkje sende det i det heile. Eg er òg forsiktig med kven eg seier ting til, forklarar Amalie, som var budd på denne situasjonen då ho «kom ut av skåpet som jente».
Les hele artikkelen (Framtida.no)Muslimhat florerer på nett
Hatytringar på digitale plattformer er truleg den forma for hatkriminalitet som rammar flest muslimar. Ytringane på nettet finst mellom anna i lukka grupper, men også i dei åpne kommentarfelta på nyhetsartiklar.
- Det er viktig at hatytringar blir anmeldt. Vi må vise myndigheitene at dette er kvardagen for muslimar og andre minoritetar, seier Sunniva Ørstavik, Noregs likestillings- og diskrimineringsombod. - Det er urovekkjande at dette er ein del av det offentlege ordskiftet. Faren er at vi blir så vande til desse kommentarane at vi ikkje lenger ser innhaldet i dei.
Elevar filma slåsting
To ungdomsskoleelevar gjekk laus på kvarandre i skoletida til blodet spruta. Medelevane som var til stades, filma slåstkampen med mobiltelefonane sine i staden for å gripe inn eller hente hjelp.
– Det er ottefullt at medelevar ikkje varslar ein vaksen i ei slik alvorleg hending. Det uroar oss også at dette vart filma. Det vil kunne opplevast som ei tilleggsbelastning for dei involverte elevane, seier rektoren ved skolen. Politiet understrekar at det er veldig uheldig at slike hendingar blir filma og spreidd. Det er straffbart å medverke til at folk skal slåst. Det er også straffbart å dele filmar av andre utan å ha samtykke frå dei først.
Sjalu ekskjæraste tok hemn
Ei forelska jente på 16 år delte alt med kjærasten; intime bilete av seg sjølv, brukarnamn, passord og annan personleg informasjon. Då forhaldet tok slutt, tok han hemn ved å logge seg inn på Facebook-profilen og bloggen hennar, og publiserte dei utleverande bileta av henne der. I tillegg bytte han passord på kontiane hennar, slik at jenta sjølv ikkje hadde høve til å fjerne bileta.
Kjelde: slettmeg.no
- Jeg orker ikke mer
I sommer festet venninnene mine og jeg litt, som alle andre ungdommer. Vi hadde det veldig gøy, og møtte nye mennesker. Vi tok bilder, og la dem inn på en hjemmeside. Vi hadde passord og alt! Ingenting kunne gå galt. Men da vi startet på skolen, merket mange at det var en ”partyside”, og folk fikk mer og mer lyst på passordet. Så skjedde det noe nytt på det nettstedet hvor vi hadde lagt inn bildene. Alle kunne plutselig se sidene til ”eieren”. Marerittet startet med at de vi kjente sa det til sine foreldre. Til slutt tok en mor kontakt med skolen, og fortalte alt. Vi måtte snakke med lærere og rådgivere. Foreldrene mine ble også kontaktet, men heldigvis mente de at det hører med til ungdomstiden. Det var verre å møte de andre elevene. De visste noe, alle sammen. Da jeg startet på skolen for ett år siden, stortrivdes jeg. Men nå gruer jeg meg til å dra på skolen hver eneste dag. Jeg har lært at jeg aldri mer legger ut noe på en hjemmeside, verken bilder eller annet. Nå er det akkurat som om jeg har et videokamera etter meg. Hilsen en trist anonym.
(Kilde: Aftenposten, leserinnlegg Si ;D (forkortet))Politiet åtvarar - nakenbilete av jenter blir delte på nett
Gutar og menn frå fleire stader i landet samarbeider om å få tak i bilete av jenter, og etterpå publiserer dei bileta og i mange tilfelle identifiserer dei også jentene i håp om at andre vil dele fleire bilete. Bileta blir publiserte på ein offentleg nettstad – utan at jentene veit om det. På nettstaden spør brukarane spesifikt etter bilete av namngjevne jenter, eller jenter frå bestemte stader. Serveren til nettstaden er plassert i utlandet, slik at det blir svært vanskeleg for norsk politi å etterforske.
Les heile saka på (nettavisen.no)
NRK har snakka med to jenter som har opplevd å bli eksponert med intime bilete og fullt namn på nett, utan at dei veit om det.
Oppgåver
Diskusjon
-
I norske og utanlandske nettaviser kan ein finne mange døme på mobbesaker som har fått alvorlege konsekvensar. Nokre gongar var kanskje utgangspunktet relativt uskuldig.
- Finn historier frå media på uønskte hendingar på nett.
- Kva skjedde i dei ulike sakene, og korleis vart dei handsama? -
Gå saman i grupper og diskuter korleis de ønskjer å oppføre dykk mot kvarandre på nett.
- Kan de lage ein definisjon på kva de tykkjer er mobbing?
- Bør ein tole meir i digitale medium enn elles?
- Og er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annleis på nett enn elles? Kvifor/kvifor ikkje?
- Kvar går eigentleg grensa mellom ytringsfridom og krenkingar? Greier de å bli samde om dette i klassen?
- Kva døme på skjult mobbing kjenner de til?
- Diskuter kva de kan gjere for å førebyggje uønskte hendingar på nett eller redusere digital mobbing.
- Be elevrådet om å ta dette opp så alle på skolen kan ha ei felles haldning og felles reglar for dette. -
Somme skolar har vald å løyse utfordringane med digital mobbing ved å forby bruk av mobiltelefonar og nettbrett i skoletida. - Hva tenker dere om dette? Hva kan fordelene/ulempene være?
- Hvilke andre alternativer har skolene?
- Kan et slikt forbud gi negative konsekvenser skoleledelsen kanskje ikke har tenkt på?
- Hvordan skal skolene eventuelt ellers håndtere dette?
Eigenoppgåver
-
Nokon påstår at digitale verktøy har gjort det enklare å øydeleggje for, sjikanere eller mobbe andre.
- Kva meiner du?
- Er det ting du kunne ha gjort og sagt på nettet, som du aldri ville ha gjort mot nokon elles? I så fall kva?
- Kva kan du gjere for å unngå eller motverke uønskte hendingar på nett? -
Tenk tilbake på meldinger og bilder du har sendt eller mottatt fra andre.
- Kan nokre av desse ha krenka andre, og i så fall korleis?
- Har du sett tilfelle på nett der du tykkjer nokon har gått over streken i måten dei er på mot andre (kommentarar, lagt ut bilete eller liknande)?
- Gjorde du noko? Kvifor/kvifor ikkje? I så fall kva?
- Hva kan du gjøre for å unngå eller motvirke uønskede digitale hendelser.
- Har du noen gang opplevd noe ubehagelig via digitale verktøy? Hva gjorde du for å løse situasjonen? Hva kunne du eventuelt ha gjort annerledes?
Filmar
Nico og Thea
Kva hende med Maria?
Ordlista
Sjå ordlista for alle ord.
Aktør
Einskildperson, gruppe, selskap eller organisasjon som har ei meining og eit mål med det dei gjer. Ein kommersiell aktør ønskjer å tene pengar på ei teneste eller eit produkt.
Anonym
Utan namn. Ukjent eller namnlaus person.
App
Program som brukast på mobil, nettbrett eller pc. Det kan til dømes vere spel som er rein underhaldning eller program som kan hjelpe til med ei oppgåve. Kortform for applikasjon.
Filter
Eit program som stengjer tilgangen til uønskte nettsider.
Hets
Vondsinna og usakleg oppførsel retta mot enkeltpersonar.
Indeksert
Når data eller informasjon er ordna slik at det blir mogleg å finne dei igjen basert på ulike søkekriterium. I datateknologien betyr indeksering å gjere data raskt søkbare i databasar, medan på bibliotek har vi t.d. indekskort på tittel og forfattar.
Logg
Ein oversikt over nettaktivitet, t.d. over kva slags nettsider du har besøkt eller samtalar du har hatt på chat.
Nettlesar
Eit program du må ha for å vise innhald på internett, t.d. Internett Explorer, Chrome, Safari eller Firefox.
Ytringsfridom
Retten til å ytre seg og til å gje eller ta i mot opplysningar (informasjonsfridom), same kva slags kanal eller medium ein nyttar.Krenking
Når det skjer eit overtramp mot ein rett du har. Det å tvinge nokon til å bli med på eller la seg utsetje for handlingar dei ikkje ønskjer, eller å karakterisere ein person med nedsetjande ord og skildringar, er også krenkingar.
Regelverk
Opplæringsloven - retten til et godt skolemiljø
Ifølge opplæringsloven har alle elever rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Dette betyr at skolen har ansvar for at alle elever har en trygg skolehverdag, og at de ikke utsettes for verken fysisk eller psykisk mobbing (se kapittel 9a).