Uønskte hendingar
Uønskte hendingar
Introduksjon
Uønskte hendingar

Visste du at?
Fakta
- Digital mobbing
- Digitale krenkingar
- Snakk med nokon!
- Få det bort! Skaff hjelp!
- Korleis stoppe uønskte hendingar?
- Hatprat
Frå den verkelege verda
- Vart kontakta av ukjente vaksne
- Elev vart meldt til politiet for mobbing av lærar
- Elevar filma slåsting
- Jeg orker ikke mer
- Mobbing av elevar på Ask.fm
- Utpressing på nett
Oppgåver
Diskusjon
- Nokre opplever å bli mobba av andre elevar på skolen. Det kan vere mobbing på nettet, på mobilen eller ansikt til ansikt. - Korleis kan kvar einskild av dykk hjelpe til for å unngå mobbing på skolen? - Bør ein tole meir via nett eller mobil enn elles i livet? - Og er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annleis i sosiale medium enn elles? Kvifor/kvifor ikkje? - Har de sett døme på skjult mobbing? Kva for nokre? - Lag framlegg til reglar for korleis de ønskjer at ein skal oppføre seg mot kvarandre, også når ein er på nett eller brukar mobilen. Kom også med framlegg til korleis de kan motverke uønskte hendingar på nett. - Be elevrådet om å ta dette opp slik at alle på skolen kan ha ei sams haldning og sams reglar.
- I Noreg har vi ytringsfridom (les under temaet Sosial på nett). - Tyder ytringsfridom at du har du lov til å seie og skrive akkurat kva du vil om andre? - Kva er skilnaden på ytringsfridom og det å skrive negative og diskriminerande ting om andre? Kvar går eigentleg grensene?
- Nokre skular har forbode bruk av mobil i skuletida. - Kva tykkjer du om det? Er det ein god måte å løse problemet på? Kvifor/kvifor ikkje? - Er det andre måtar å løyse problemet på? Kva for nokre?
- Mange av dei populære bloggarane opplever å få stygge kommentarar på bloggen sin. Det kan sjå ut som om at nokon meiner at om du legg ut ting om deg sjølv på nettet, må du tole å få stygge tilbakemeldingar. - Kva tenkjer de om det? - Er det greitt å skrive noko negativt om andre om dei ikkje kjenner deg? Eller om dei la ut noko du er usamd i? Kor går grensene?
Oppgåver
Eigenoppgåver
- Somme påstår at digitale verktøy har gjort det enklare å øydeleggje for, plage eller mobbe andre. - Kva meiner du? - Blir du litt tøffare når du skriv på tastaturet enn når du snakkar direkte med andre personar? Kvifor / kvifor ikkje? - Er det skilnad på mobbing og anna plaging? - Har du eller nokon du kjenner blitt mobba på nett eller på mobilen, eller opplevd andre ubehagelege ting? Kva skjedde? Fortalde du det til ein vaksen?
- Mange opplever ubehagelege episodar gjennom digitale medium. - Om du opplever noko ubehageleg på nett - kva gjer du? Held du det for deg sjølv, eller snakkar du med nokon om det? - Finst det former for mobbing som ikkje er så lette for dei vaksne å oppdage? Kva slags? - Korleis ville du opplevd det om du oppdaga bilete på Facebook, frå ein bursdag der heile klassen bortsett frå deg var invitert? - Korleis kan du motverke slike episodar? Kva ansvar har du?
Filmar
Møtet
Var det DU som sende den dritkjipe meldinga?
Regelverk
Regelverk
Opplæringslova - retten til eit godt skulemiljø
Ifølge opplæringsloven har alle elever rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Dette betyr at skolen har ansvar for at alle elever har en trygg skolehverdag, og at de ikke utsettes for verken fysisk eller psykisk mobbing (se kapittel 9a).
Nettstader og appar gjer det lett for oss å halde kontakten med vener og familie. Ein kan dele artige og rare situasjonar, få svar på spørsmål av kjende og ukjende, anonymt eller ikkje. Men kva når bileta du sendte til kompisen dukkar opp på mobilen til nokon andre? Korleis reagerer du når nokon brukar informasjonen om deg på ein måte du ikkje hadde tenkt på eller har blitt spurd om? Kva gjer du når biletet av veninna di får masse kommentarar om kor stygg ho er?

Det er ikkje alltid lett å vite kva som vil opplevast som ubehageleg for andre. Vanlegvis når vi snakkar om mobbing, betyr det at ein person har blitt plaga av andre ofte og over lengre tid. Med digital mobbing kan dette vere annleis. Eit bilete du la ut av deg sjølv for moro skuld før du la deg, kan plutseleg ha fått så mange slemme kommentarar når du står opp om morgonen etter. Den meldinga du sende om kameraten din for å vere morosam, ho vart ikkje så morosam likevel, når heile skolen hadde sett henne.
Sidan både bilete, filmar, meldingar og innlegg kan spreiast i stor fart, og plutseleg også kan dukke opp i andre og kanskje uønskte samanhengar, er det viktig å ha kunnskap om reglane, og å ta gode og gjennomtenkte val før du gjer noko du kanskje vil angre på seinare.
Vær obs
Det kan følast enklare å skrive ting enn å seie det direkte til dei det gjeld. Når du skriv eller snakkar til nokon du ikkje kan sjå ansiktet til, er det ikkje alltid så lett å vite korleis andre reagerer på det du skriv eller seier. Difor kan det vere lett å misforstå kvarandre, og gjere ting den andre eigentleg ikkje tykkjer er greitt. Før du skriv noko på nett er det difor lurt å tenkje gjennom om du ville sagt det same ansikt til ansikt.
Noko anna som er vanskeleg på nett, er at du ikkje alltid veit kven som skriv eller legg ut ting. Om du brukar eit kallenamn eller det ekte namnet ditt er ofte ulikt frå nettstad til nettstad. Dersom du snakkar eller chattar med nokon du berre kjenner kallenamnet til, bør du vere litt ekstra varsom med kva du deler av informasjon om deg sjølv.
Respekter andre
Vi må respektere andre sine meiningar og kjensler, anten vi er saman i skolegarden, sender meldingar på telefonen eller chattar på nett. Dei same reglane gjeld overalt. Det er til dømes ikkje lov å skrive noko om andre som ikkje er sant. Det er heller ikkje lov å truge nokon. Du har sjølv ansvar for det du delar og legg ut på nett, både bilete og tekst.
Men kan det kallast mobbing om du ikkje gjer noko? Det finst faktisk måtar å plage andre på som fort kan sjåast på som skjult mobbing. Det du ikkje seier eller ikkje «likar», kan også opplevast som ubehageleg. Om nokon til dømes legg ut eit bilete av seg sjølv og ingen seier at dei likar det, kan det opplevast som sårande. Det same gjeld om du ikkje blir invitert til ulike arrangement eller at det andre får, ikkje blir delt med deg.
Alle har eit ansvar
Mobbing på nett og mobil kan vere vanskeleg for vaksne å oppdage. Om du ser at nokon blir mobba eller medvite blir haldne utanfor, bør du snakke om det med ein vaksen. Det er viktig å ta ansvar og ikkje stillteiande sjå på at andre blir behandla dårleg.
Hugs også at du aldri skal la deg presse til å gjere noko du eigentleg synest kjennest ubehageleg eller feil. Dersom du opplever noko slikt bør du snakke med ein vaksen du stoler på slik at du kan få hjelp til å rydde opp. Du skal aldri tenkje at du må rydde opp i problema på eigenhand, eller at det var din feil at problema starta. Då kan alt fort bli verre. Be om hjelp med ein gong.
Du har ansvar for den du er og det du gjer – også på nett.
Visste du at?
Fakta
Digital mobbing
Når mobbing blir gjort med hjelp av digitale verktøy slik som via nett eller mobil, kallar vi det digital mobbing. Slik mobbing kan skje ved bruk av film, bilete eller tekst. Det kan også handle om ikkje å få vere med i grupper på nett eller at ingen likar bileta ein legg ut. Digital mobbing er altså ikkje ansikt til ansikt, men kan skje både ved at nokon ertar, trugar, baksnakkar eller stengjer nokon ute på nett eller mobil.
Det er digital mobbing når ein person brukar digitale verktøy for å gjere ein annan person vondt og den som blir utsett opplever at det er vanskeleg å forsvare seg. Ved digital mobbing kan det vere vanskeleg å forsvare seg anten fordi ein blir mobba anonymt, og med det ikkje veit kven som står bak eller fordi bilete eller tekst blir spreidd til veldig mange og det såleis blir mange mot ein.
Kjelde: Læringsmiljøsenteret
Få det bort! Skaff hjelp!
Finst det informasjon om deg på nettet som du ikkje likar at er der? Få hjelp til å få det vekk.
1. Kontakt personen som har publisert
Veit du kven som har lagt ut dei uønskte opplysningane om deg? Ta kontakt med personen og be om at opplysningane blir fjerna.2. Kontakt dei som eig nettstaden
Om du ikkje veit kven som har lagt ut opplysningane, eller dei ikkje vil høyre på deg, kan du kontakte nettstaden (domenet) der opplysningane er publiserte. For å finne ut kven som eig eit norsk domene, kan du gå inn på den norske whois-databasen.3. Kontakt nokon som kan hjelpe
Slettmeg.no gjev råd og hjelp til fjerning av uønskt informasjon på nettet. Dei har mange gode veiledningar og sletteguidar til korleis du kan gå fram for å fjerne informasjon sjølv på ulike nettstader og applikasjonar.Om du har prøvd alt over, men den som har publisert informasjon om deg likevel ikkje vil fjerne han, kan du ta kontakt med Datatilsynet. Legg då ved den eventuelle skriftlege korrespondansen du har med den eller dei som har publisert noko om deg.
Konfliktrådet kan også hjelpe deg med å løyse fastlåste konfliktar. Dei kan hjelpe til med å lage møte der de sjølv kan finne fram til gode løysingar. Konfliktrådet er ei gratis statleg teneste for alle i alle aldrar. Ein kan ta kontakt med sitt lokale Konfliktråd for meir informasjon om korleis dei kan hjelpe.
4. Kontakt politiet
Meiner de at opplysningane som er publiserte er så ekstreme at dei må fjernast raskt, bør du kontakte politiet. Få hjelp av nokon vaksne. Ta eit skjermbilete. Meld det til politiet! Særleg alvorlege episodar bør rapporterast til KRIPOS.
Digitale krenkingar
Digitale krenkingar er negative handlingar som ikkje gjentek seg på same måte som ved digital mobbing. Det kan vere negative hendingar som ikkje blir spreidde til fleire, eller tekst og film som er meint for å såre, men som blir sletta med ein gong dei er sett. Såleis er det noko som ikkje skjer over tid, og den som blir utsett opplever det berre ein einskild gong.
Opplevinga kan likevel vere minst like ubehageleg som ved digital mobbing, og det er viktig å seie ifrå om du ser eller sjølv opplever noko digitalt som ikkje er akseptabelt.
Sjå eigne faktabokser om kven du kan kontakte.
Kilde: Læringsmiljøsenteret
Korleis stoppe uønskte hendingar?
1. Ikkje svar på meldingar som er meinte for å såre deg eller gjere deg opprørt. Det vil truleg oppmuntre til meir trakassering.
2. Ta vare på meldinga. Du treng ikkje å lese henne, men ta vare på ho som bevis. Er det eit bilete eller ei nettside – ta eit skjermbilete.
3. Fortel om det som har skjedd til nokon du stolar på. Snakk med føresette, vener, ein lærar, ungdomsarbeidar eller ein hjelpetelefon.
4. Blokker sendaren. Du treng ikkje å finne deg i at nokon trakasserer deg – blokker uønskte avsendarar!
5. Rapporter problem til dei som kan gjere noko med det. Du kan ta kontrollen ved å ikkje finne deg i støytande innhald.
6. Respekter deg sjølv og respekter andre.
(Kjelde: Medietilsynet )
Snakk med nokon!
Om du har opplevd noko ubehageleg – anten det er på mobil, på nett eller i skolegarden – er det viktig at du tek kontakt med nokon som kan hjelpe deg. Det kan vere foreldre, lærarar, rektor, helsesøster eller ein annan vaksen du har tillit til. Sjølv om du tykkjer det er ubehageleg, er det betre å snakke med nokon enn å vente til ting kanskje blir endå verre!
Om du ikkje har nokon vaksen du har lyst til å snakke med om dette, kan du til dømes kontakte Raude Kross si hjelpeteneste, Kors på halsen. Du kan ringje, sende dei ei melding eller chatte. Alle tenestene er gratis, og du er heilt anonym.
Alle barn og unge kan ta dessutan ta kontakt med Barneombodet. Dei kan svare på spørsmål om rettane til barn og unge, og dei kan gje råd og tips om alt frå skole, familie, barnevern og helse, til rettane til asylbarn og andre tema. På nettsidene sine har dei ei svært god oversikt over hven som kan hjelpe både når noko alvorleg har skjedd eller du berre treng nokon å snakke med.
Hatprat
Europarådet sin Stopp hatprat-kampanje (som er ein europeisk ungdomskampanje mot hatprat på nettet) skildrar hatprat slik:
«Hatprat er tekster, ord, bilete og symbol som blir brukte for å spreie hat, truslar og oppfordringar til vald mot ein person eller ei gruppe berre fordi dei høyrer til den bestemte gruppa. Hatprat kan ta mange former. Det kan stå i eit kommentarfelt i ei avis eller på sosiale medier, det kan vere eit teikn som symboliserar hat, eller det kan være mobbing, både på og utanfor nettet“.Det å tilhøre ei gruppe kan i denne samanhengen handle om til dømes kultur, religion, kjønn, nedsett funksjonsevne og seksuell orientering. Mobbing mot enkeltpersoner kan difor ikkje alltid kallast hatprat. Det er likevel ikkje alltid ein tydelig skilnad på hatprat og mobbin.g fordi mobbing mot ein einskild person ofte kan være bygd på fordommar mot ei heil gruppe: til dømes vil ein negativ kommentar om vekta til ei jente eller hennar oppførsel vere bygd på haldningar om korleis kvinnar som gruppe bør sjå ut og oppføre seg.
Kjelde: Det Europeiske Wergelandsenteret
Frå den verkelege verda
Vart kontakta av ukjente vaksne
Ambre (13) opplevde noko ubehageleg då ho var ni år og var på ei nettside for barn. Ho la ut telefonnummeret sitt sjølv om ho visste at det var noko ho ikkje burde gjere. Ho vart då kontakta av fleire ukjente vaksne menn som både ringte og sendte meldingar. Ambre tykte opplevinga var ubehageleg, og turte i starten ikkje fortelje det til foreldra. Ho var redd dei ville bli sinte sidan ho hadde lagt ut telefonnummeret sitt – noko ho ikkje hadde hatt lov til. Heldigvis oppdaga faren det og hjelpte henne, men etter opplevinga har ho vore mykje meir forsiktig med kva ho legg ut på nett om seg sjølv.
Jeg orker ikke mer
I sommer festet venninnene mine og jeg litt, som alle andre ungdommer. Vi hadde det veldig gøy, og møtte nye mennesker. Vi tok bilder, og la dem inn på en hjemmeside. Vi hadde passord og alt! Ingenting kunne gå galt. Men da vi startet på skolen, merket mange at det var en ”partyside”, og folk fikk mer og mer lyst på passordet. Så skjedde det noe nytt på det nettstedet hvor vi hadde lagt inn bildene. Alle kunne plutselig se sidene til ”eieren”. Marerittet startet med at de vi kjente sa det til sine foreldre. Til slutt tok en mor kontakt med skolen, og fortalte alt. Vi måtte snakke med lærere og rådgivere. Foreldrene mine ble også kontaktet, men heldigvis mente de at det hører med til ungdomstiden. Det var verre å møte de andre elevene. De visste noe, alle sammen. Da jeg startet på skolen for ett år siden, stortrivdes jeg. Men nå gruer jeg meg til å dra på skolen hver eneste dag. Jeg har lært at jeg aldri mer legger ut noe på en hjemmeside, verken bilder eller annet. Nå er det akkurat som om jeg har et videokamera etter meg. Hilsen en trist anonym.
Kilde: Aftenposten, leserinnlegg Si ;D (forkortet)
Elev vart meldt til politiet for mobbing av lærar
Ein ungdomsskoleelev i Stavanger vart meldt til politiet for å ha skrive svært stygge meldingar om ein lærar på Facebook. – Vi ser alvorleg på nettmobbing eller trakassering på nettet, uavhengig om det er lærar eller elev som blir fornærma. Vi har nulltoleranse for mobbing, og folk kan ikkje leggje ut kva som helst, sa rektor på skolen.
Mobbing av elevar på Ask.fm
Det sosiale mediet Ask.fm går ut på at brukarane stillar spørsmål, og er veldig populært. Også mellom elevane på Rennesøy Skole i Rogaland. Det var difor rektoren bestemte seg for å lage ein profil og sjå kva elevane heldt på med. Det ho fann på Ask.fm, gav rektoren sjokk. Ho fortel at elevane skreiv dei mest forferdelege tinga om kvarandre, gjerne anonymt.
- Over seks millionar ungdomar brukar denne appen der elevane mellom anna skriv om korleis andre ser ut. Eg fann sjikane og grov mobbing av elevar, seier rektor Wilhelmsen til Dagbladet. – VI har ikkje hatt mykje mobbing på Rennesøy, i alle fall ikkje ut ifrå elevundersøkingane. Så eg vart veldig overraska over det eg fann, seier Wilhelmsen.
Elevar filma slåsting
To ungdomsskoleelevar gjekk laus på kvarandre i skoletida. Medelevane som var til stades, filma slåstkampen med mobiltelefonane sine i staden for å gripe inn eller hente hjelp.
– Det er ottefullt at medelevar ikkje varslar ein vaksen i ei slik alvorleg hending. Det uroar oss også at dette vart filma. Det vil kunne opplevast som ei tilleggspåkjenning for dei involverte elevane, seier rektoren ved skolen. Politiet understrekar at det er veldig uheldig at slike hendingar blir filma og spreidde. Det er straffbart å medverke til at folk skal slåst. Det er også straffbart å dele filmar av andre utan å ha samtykke frå dei først.
Utpressing på nett
Stadig fleire opplever utpressing for å hindre at ubehagelege filmar eller bilete av dei sjølv blir delt med andre på nett. Det vanlegaste er at ein blir lurt til å kle av seg, for eksempel på Skype. Så blir ein truga med at videoen av samtalen vil bli publisert på YouTube eller andre sosiale medium om ein ikkje betalar, tek fleire bilete eller kler meir av seg framfor kamera.
Om du blir utsett for dette, må du snakke med ein vaksen (slik som ein føresett, lærar, helsesøster eller politiet) så fort som mogleg, sjølv om det kan opplevast flaut der og då. Utpressinga vil som regel ikkje stoppe sjølv om du gjer som du blir bede om, så be om hjelp med ein gong før det blir endå verre!
Kjelde: Slettmeg.no
Oppgåver
Diskusjon
-
Nokre opplever å bli mobba av andre elevar på skolen. Det kan vere mobbing på nettet, på mobilen eller ansikt til ansikt.
- Korleis kan kvar einskild av dykk hjelpe til for å unngå mobbing på skolen?
- Bør ein tole meir via nett eller mobil enn elles i livet?
- Og er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annleis i sosiale medium enn elles? Kvifor/kvifor ikkje?
- Har de sett døme på skjult mobbing? Kva for nokre?
- Lag framlegg til reglar for korleis de ønskjer at ein skal oppføre seg mot kvarandre, også når ein er på nett eller brukar mobilen. Kom også med framlegg til korleis de kan motverke uønskte hendingar på nett.
- Be elevrådet om å ta dette opp slik at alle på skolen kan ha ei sams haldning og sams reglar. -
I Noreg har vi ytringsfridom (les under temaet Sosial på nett).
- Tyder ytringsfridom at du har du lov til å seie og skrive akkurat kva du vil om andre?
- Kva er skilnaden på ytringsfridom og det å skrive negative og diskriminerande ting om andre? Kvar går eigentleg grensene? -
Nokre skular har forbode bruk av mobil i skuletida.
- Kva tykkjer du om det? Er det ein god måte å løse problemet på? Kvifor/kvifor ikkje?
- Er det andre måtar å løyse problemet på? Kva for nokre? -
Mange av dei populære bloggarane opplever å få stygge kommentarar på bloggen sin. Det kan sjå ut som om at nokon meiner at om du legg ut ting om deg sjølv på nettet, må du tole å få stygge tilbakemeldingar.
- Kva tenkjer de om det?
- Er det greitt å skrive noko negativt om andre om dei ikkje kjenner deg? Eller om dei la ut noko du er usamd i? Kor går grensene?
Eigenoppgåver
-
Somme påstår at digitale verktøy har gjort det enklare å øydeleggje for, plage eller mobbe andre.
- Kva meiner du?
- Blir du litt tøffare når du skriv på tastaturet enn når du snakkar direkte med andre personar? Kvifor / kvifor ikkje?
- Er det skilnad på mobbing og anna plaging?
- Har du eller nokon du kjenner blitt mobba på nett eller på mobilen, eller opplevd andre ubehagelege ting? Kva skjedde? Fortalde du det til ein vaksen? -
Mange opplever ubehagelege episodar gjennom digitale medium.
- Om du opplever noko ubehageleg på nett - kva gjer du? Held du det for deg sjølv, eller snakkar du med nokon om det?
- Finst det former for mobbing som ikkje er så lette for dei vaksne å oppdage? Kva slags?
- Korleis ville du opplevd det om du oppdaga bilete på Facebook, frå ein bursdag der heile klassen bortsett frå deg var invitert?
- Korleis kan du motverke slike episodar? Kva ansvar har du?
Filmar
Var det DU som sende den dritkjipe meldinga?
Ordlista
Sjå ordlista for alle ord.
Anonym
Utan namn. Ukjent eller namnlaus person.
App
Program som brukast på mobil, nettbrett eller pc. Det kan til dømes vere spel som er rein underhaldning eller program som kan hjelpe til med ei oppgåve. Kortform for applikasjon.
Filter
Eit program som stengjer tilgangen til uønskte nettsider.
Logg
Ein oversikt over nettaktivitet, t.d. over kva slags nettsider du har besøkt eller samtalar du har hatt på chat.
Ytringsfridom
Retten til å ytre seg og til å gje eller ta i mot opplysningar (informasjonsfridom), same kva slags kanal eller medium ein nyttar.Krenking
Når det skjer eit overtramp mot ein rett du har. Det å tvinge nokon til å bli med på eller la seg utsetje for handlingar dei ikkje ønskjer, eller å karakterisere ein person med nedsetjande ord og skildringar, er også krenkingar.
Regelverk
Opplæringslova - retten til eit godt skulemiljø
Ifølge opplæringsloven har alle elever rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring. Dette betyr at skolen har ansvar for at alle elever har en trygg skolehverdag, og at de ikke utsettes for verken fysisk eller psykisk mobbing (se kapittel 9a).