![]() |
Sjå filmar, les historier frå verkelegheita og diskuter problemstillingar i klassen! De kan anten bruke desse nettsidene eller bestille GRATIS klassesett for 9–13-åringar her.
KVEN skal bestemme på nettet? Har de snakka om SMS-mobbing i klassen? Du bestemmer handlar om personvern, digital mobbing og andre problemstillingar elevane møter i den digitale kvardagen.
![]() |
Sjå filmar, les historier frå verkelegheita og diskuter problemstillingar i klassen! De kan anten bruke desse nettsidene eller bestille GRATIS klassesett for 9–13-åringar her.
Er folk tøffare bak tastaturet enn i den verkelege verda? Korleis kan du vite om det du les på nettet, er sant? Du bestemmer handlar om personvern, digital mobbing og andre spørsmål og problemstillingar elevane møter i den digitale kvardagen.
Ønskjer de diskusjonar i klassen, aha-opplevingar eller meir informasjon og oppgåver? Bruk desse nettsidene eller bestill eit GRATIS klassesett for 13–17-åringar her.

Du bestemmer-brosjyrane for aldersgruppa 9-13 år finns nå på urdu, somali og arabisk.
![]() |
Mange elevar i norsk skule har andre morsmål enn norsk. Forsking viser at nest etter skulen, har foreldre ein svært viktig rolle når det gjeld å bidra til at elevar blir gode og trygge nettbrukere. For at føresette og andre vaksne ansvarspersoner skal kunne gje born og unge den kunnskapen dei treng på dette feltet, er det naudsynt at dei sjølv er velinformert og reflekterte rundt temaa nettvett, personvern og digitale medium. Det finst derimot lite informasjon om desse viktige temaa for minoritetspråklige i Noreg, og dette ynskjer Du bestemmer å gjere noko med.
Brosjyrane finst og på bokmål, nynorsk, nordsamisk og engelsk.