Til hovedinnhold
Målform
Personikon

Personvern på dubestemmer.no

"På dubestemmer.no bruker vi berre nødvendige informasjonskapslar".

Kva betyr det? Og kvifor skal du bry deg? Les meir om val som gjeld denne nettsida – og lær samstundes om personvern.

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kva er ei personvernerklæring?

Ei personvernerklæring er ein tekst der det skal stå klart og tydeleg om det blir samla inn opplysningar om deg av den tenesta du bruker. Erklæringa skal òg innehalde informasjon om

  • kvifor desse opplysningane blir samla inn
  • kva dei skal brukast til
  • når dei kjem til å bli sletta

Noko av det første du får vite i ei personvernerklæring, er kven som står bak tenesta. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvar for den tekniske plattforma til dubestemmer.no. Viss du har spørsmål om personvern på dubestemmer.no, kan du sende ein førespurnad via e-post til dubestemmer@udir.no.

På dubestemmer.no samlar vi ikkje inn personopplysningar. Vi bruker informasjonskapslar og lokal lagring utan identifisering.

Kvifor må vi ha ei personvernerklæring?

Viss du driv ein nettstad, har du ansvar for behandlinga av dei personopplysningane du samlar inn. Dermed får du merkelappen "behandlingsansvarleg". Som behandlingsansvarleg må du vite kva lover og reglar som gjeld for det du gjer. Personopplysningslova er ei lov som alle behandlingsansvarlege må kjenne. I 2018 blei EUs personvernforordning, ofte kalla GDPR, ein del av personopplysningslova. EUs personvernforordning er felles for heile EU/EØS. Endringa førte til at mange som leverer tenester på nett måtte forandre på nettstadene sine; både innstillingsmoglegheitene og informasjonen dei deler.

"Eg aksepterer vilkåra". "Eg godtek innstillingane". Alle som bruker tenester på nett, blir stadig møtt av e-postar, boksar og knappar for godkjenning; både for behandling av personopplysningar og for bruk av  informasjonskapslar.

Mange tenester vil samle inn IP-adresser eller anna som er definert som personopplysningar. Dermed må dei ha eit behandlingsgrunnlag for opplysningane. Eit mykje brukt behandlingsgrunnlag er "samtykke". Det betyr at kvar enkelt brukar godkjenner behandlinga av eigne opplysningar.

For at eit samtykke skal vere gyldig, må det vere

  • frivillig
  • spesifikt
  • informert
  • utvetydig
  • gitt gjennom ei aktiv handling
  • dokumenterbart
  • mogleg å trekkje tilbake like lett som det blei gitt

Informasjonskapslar kan ikkje nødvendigvis hente dine personopplysningar, men du blir likevel ofte bedd om å samtykke. Årsaka er at ein EU-dom frå 2019 sett krav om eit aktivt samtykke for informasjonskapslar for nettsider i EU.

I Noreg er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) fagmyndighet for lova som mellom anna regulerer bruken av informasjonskapslar. NKOM vurderer kva slags konsekvensar EU-dommen frå 2019 eventuelt får i Noreg.

Meir informasjon på datatilsynet.no

I Noreg skal Datatilsynet kontrollere at verksemder følgjer personvernregelverket. Datatilsynet skal òg gi råd om personvernvennleg praksis. Datatilsynet skriv mellom anna på sine nettsider at verksemdene har plikt til å informere brukarane sine om behandling av personopplysningar. Det skal informerast "på ein kortfatta, open, forståeleg og lett tilgjengeleg måte. Språket skal vere klart og enkelt, særleg når informasjonen er spesifikt retta mot barn."

Forståeleg og kortfatta informasjon som forklarer den tekniske innsamlinga og behandlinga av personopplysningar er ei stor utfordring. I denne personvernerklæringa får du tips om korleis du kan navigere i jungelen av informasjon om personopplysningar. Som oppvarming kan du sjå filmen "Kva er digital dømmekraft?". Han varer i vel eit minutt.

Les også meir om behandlingsgrunnlag og kva ein behandlingsansvarleg er på datatilsynet.no

Analyse av besøk på dubestemmer.no

Sjølv om Utdanningsdirektoratet ikkje hentar inn personopplysningar om deg, registrerer vi besøk på nettsida. Vi bruker loggar frå webserveren vår til å lage statistikk over besøk på dubestemmer.no. Med denne statistikken kan vi forbetre nettsida vår, til dømes ved å analysere kva slags innhald som får mykje besøk kontra lite besøk. Besøksstatistikken omfattar følgjande informasjon:

  • kva side som er besøkt
  • dato og tidspunkt for besøket
  • varigheita til besøket
  • kor mange besøk som blir avslutta frå kvar enkelt side (framfor at brukaren går videre til ei anna side på tenesten)
  • kva nettlesarar som blir brukte

Informasjonen kan ikkje knytast til deg som enkeltperson. Webserveren slettar umiddelbart IP-adressene til besøkjande. I praksis er det umogleg å identifisere dei besøkjande, og derfor er statistikken anonym.

Informasjonskapslar

ikon

Ein informasjonskapsel, ofte kalla ein cookie, er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på datamaskina når brukaren opnar ei nettside.

Informasjonskapselen blir rett og slett brukt for å få nettstaden til å fungere slik ein ønsker. Han kan lagre innloggingsdetaljar, hugse handlekorgdata i nettbutikkar eller registrere kvar brukaren beveger seg rundt på nettstader. Nokre informasjonskapslar samler inn IP-adressar, og ein IP-adresse er ei personopplysning. 

Les meir om dette på nettstaden til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Informasjonskapslar er altså unike for nettlesaren du bruker. Dersom du byter frå éin nettlesar til ein annan på datamaskina eller telefonen, følgjer ikkje informasjonskapslane med.

Informasjonskapslar og lokal lagring på dubestemmer.no

Målet til dubestemmer.no er å vere personvernvennleg. Samstundes skal nettstaden fungere godt reint teknisk. For å lykkast med dette må vi lagre nokre informasjonskapslar. Vi lagrar:

  • to informasjonskapslar som er påkravde av den tekniske plattforma for å sørgje for tilfredsstillande responstid for dataa som blir henta
  • éin informasjonskapsel for dei som skal logge på redaktørgrensesnittet for dubestemmer.no

Teknisk informasjon om informasjonskapslane vi lagrar, er omtalt i eit eige avsnitt.

I tillegg legg vi opp til at nettlesaren din skal hugse nokre val du har gjort. Dette blir gjort ved hjelp av det som kallast "local storage" (lokal lagring). Lokalt sørgjer vi for å lagre:

  • valet ditt av målform (bokmål eller nynorsk), slik at du ikkje må velje på nytt fleire gonger ("language-name")
  • handlinga di for å fjerne boksen som viser deg at du kan byte mellom to ulike målgrupper (mellomtrinn og ungdomsskule/vgs), for utan ei eller anna form for lagring hadde denne boksen dukka opp kvar gong du gjekk til ei ny side med valmoglegheit for målgruppe ("intro-accept")
  • handlinga di for å fjerne boksen som gjer deg merksam på bruken vår av informasjonskapslar ("cookie-accept")

I avsnittet "Praktiske personverntips" kan du lære om korleis du gjer val knytt til informasjonskapslar og lokalt lagra data ("local storage"). Du finn òg informasjon om korleis du kan slette desse.

Praktiske personverntips

Ikon som blir brukte for personverninnstillingar.

Kva skal du sjå etter?

Vil du sjekke personverninnstillingane i tenester du bruker? Ofte brukte ikon kan leie deg på riktig veg. Dei blir nytta i ulike variantar, anten åleine eller i kombinasjon med kvarandre. Du kan òg sjå etter lenkjer til eksempelvis:

  • profil/profile
  • mi side/my page
  • personvern/privacy
  • innstillingar/settings
  • informasjonskapslar/cookies
  • samtykke/consent
  • vilkår/terms and conditions

Kva skal du gjere?

Når vi skal velje innstillingar i tenester vi bruker, klikkar vi ofte raskt bort boksar som opplevast som støy. Du gjekk ikkje inn på nettbutikken eller informasjonsnettstaden for å lese ei lang personvernerklæring, du gjekk dit fordi du ønskte å gjere ei handling. Første tips er dermed å ta ein kjapp titt på innstillingane du kan velje mellom.

I stadig fleire tenester får du sjå valmoglegheitene i klartekst, spesielt dei som gjeld informasjonskapslar. På ein del nettstader blir informasjonskapslane kategoriserte, til dømes på denne måten:

  • nødvendige
  • preferansar for funksjonalitet
  • statistikk/webanalyse
  • marknadsføring

Du ser ofte eit varsel om informasjonskapslar, som enkelt lar deg aktivere eller deaktivere ulike kategoriar av informasjonskapslar og lagre vala dine. I mange tilfelle må du likevel gjere eit ekstra klikk ved å velje "endre innstillingar" (eller tilsvarande).

I andre tilfelle blir du ikkje tilbode skreddarsydde innstillingar for tenesta du besøkjer. Du blir beden om å velje innstillingar i eigen nettlesar dersom du ikkje tillèt at tenesta sett informasjonskapslar for deg i nettlesaren din. Du blir samstundes åtvara om at tenesta ikkje alltid kjem til å fungere.

Kva kan du bestemme?

Dersom du ser på innstillingane for nettlesaren du bruker, oppdagar du at vala for å tillate eller blokkere informasjonskapslar, varierer stort. Sjå på punktlistene og tenk over kva du forstår med dei ulike skildringane. Kva innstilling hadde du føretrekt?

Samanlikn nettlesarar

1

Nettlesar 1

Du får disse vala:

  • tillat alle informasjonskapslar
  • blokkér informasjonskapslar frå tredjepart i inkognitomodus
  • blokkér informasjonskapslar frå tredjeparter
  • blokkér alle informasjonskapslar (ikkje tilrådd)

2

Nettlesar 2

Du får disse vala:

  • blokkér sporing på tvers av nettstedar og sporarar via sosiale medium
  • infokapslar frå ubesøkte nettstader
  • alle tredjeparts-infokapslar (kan forårsake feil på nettstader)
  • alle infokapsler (vil føre til feil på nettstader)

 

Å kontrollere og rydde opp i nettlesaren

Dei mest brukte nettlesarane (Chrome, Edge, Firefox og Safari) har alle ulike variantar av innstillingar for kva slags informasjonskapslar du ønskjer å godta. I innstillingane kan du òg slette data frå nettlesaren. Data blir ofte delte inn i:

  • informasjonskapslar og andre nettstadsdata
  • nettlesarlogg, hurtiglagra innhald, buffer
  • nedlastingslogg
  • passord og andre påloggingsdata

Du kan ofte velje kor langt tilbake i tid du ønskjer å slette innhald, til dømes siste time, siste døgn, siste veke eller all historikk.

Informasjonskapslar og data som er lagra lokalt, blir behandla som same type informasjon i dei vanlege nettlesarane. Viss du slettar informasjonskapslar, slettar du i same slengen dataa som er lagra lokalt.

Dersom du ønskjer å kvitte deg med informasjonskapslar og data som er lagra lokalt, frå besøket ditt på dubestemmer.no, må du gjere dette via innstillingane i nettlesaren.

Nettlesarutvidingar

I tillegg til å velje innstillingar i nettlesaren for kva informasjonskapslar du godtek, kan du òg bruke tilleggsprogram for å ta kontroll over eige personvern. Slike installasjonar har ulike namn som karakteriserer det same, og kallast til dømes:

  • nettlesarutviding
  • utviding/extension
  • nettlesartillegg
  • add-ons eller plug-ins
  • tilleggsfunksjon eller tilleggsprogram

Nettlesarutvidingar er laga for å gi deg fleire moglegheiter for ytterlegare funksjonalitet eller større kontroll over eigen nettlesar. I denne samanhengen er det aktuelt å peike på nettlesarutvidingar for personvern:

Mot ei meir personvernvennleg framtid?

I personopplysningslova har omgrepet innebygd personvern vore brukt sidan 2018 for å gjere tydeleg at digitale tenester skal ta personvernomsyn i alle samanhengar. Det gjeld både etablerte tenester og heilt nye tenester.

Eit døme er Google. I 2021 endra dei nettlesaren Chrome for ein meir personvernvennleg modell for annonsesal. Informasjonskapslar frå tredjepartar har vore bransjestandard for å sørgje for treffsikker annonsering. Når du får reklame for snøfresarar frå nettbutikkar når du nettopp har besøkt, er det ofte takka vere informasjonskapslar.

Reklamen kjem framleis til å vere målretta, men Google ønskjer å leggje seg på ei "personvern først"-linje. Les meir om annonsering og personvernomsyn i Ads & Commerce-bloggen til Google.

Ekspertane tek imot endringane med dempa entusiasme. Årsaka er at Google blir skulda for å droppe éin type sporing til fordel for datainnsamling som gir selskapet større kontroll enn andre aktørar. Sjølv om enkeltpersonar skal profilerast som delar av ei gruppe, er framleis personvernlampene tende:

– Samstundes vil Google framleis lage detaljerte profilar om oss som brukarar. Moglegheitene for manipulasjon og diskriminering basert på vanane og persondataa våre er framleis der, seier Finn Myrstad, direktør for digitale tenester i Forbrukarrådet, til Aftenposten.

Teknisk informasjon om informasjonskapslar

Det er Utdanningsdirektoratet som er mottakar av alle informasjonskapslar som blir brukte på dubestemmer.no.

Namn

Formål

ARRAffinity

Nødvendig for å sikre at trafikk på dubestemmer.no (kvar enkelt økt) blir handtert mest mogleg optimalt med omsyn til responstid. Informasjonskapselen krevst av Episerver, som er den tekniske publiseringsløysinga som blir brukt på dubestemmer.no. Informasjonskapselen sørgjer for at førespurnader mot serveren (requests) blir handtert av same server innanfor eitt besøk (session) – såkalla sticky session.

ArraffinitySameSite

Nødvendig til same formål som ARRAffinity, men gjeld berre dersom du bruker nettlesaren Google Chrome.

.ASP.NET_SessionId

 

Blir nytta dersom nokon loggar på redaktørgrensesnittet for dubestemmer.no, og er derfor ikkje i bruk for vanleg trafikk. Nødvendig for å lagre og vise data som brukaren etterspør, og er obligatorisk ved bruk av Episerver.

 

 

Ikon for ankermenypunkt med tekstlig innhold.

Kontaktinformasjon

Du kan sende epost til dubestemmer@udir.no. Merk at vanleg e-post normalt er usikra og ukryptert. Du må ikkje sende teiepliktige eller sensitive opplysningar via e-post. Når du sender melding til oss, får vi tilgang til e-postadressa di. E-postadressa di er ei personopplysning, og vi treng å bruke ho for å kunne gi deg eit svar. Vi kjem ikkje til å lagre eller bruke e-postadressa til andre formål.

INNHALD