Til hovedinnhold
Byt til bokmål

Personvern på dubestemmer.no

Vi bruker berre strengt nødvendige informasjonskapslar. Vi bruker lokal lagring utan identifisering, og statistikken om trafikk på nettstaden er anonymisert.

Kva betyr dette? Og kvifor skal du bry deg? Les meir om val vi har gjort for denne nettstaden – og lær om personvern i same slengen!

    Kva er ei personvernerklæring?

    Ei personvernerklæring er ein tekst der det skal stå klart og tydeleg om det blir samla inn opplysningar om deg av den tenesta du bruker. Erklæringa skal også innehalde informasjon om

    • kvifor desse opplysningane blir samla inn
    • kva dei skal brukast til
    • når dei kjem til å bli sletta

    Noko av det første du får vite i ei personvernerklæring, er kven som står bak tenesta. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvar for nettstaden dubestemmer.no. Viss du har spørsmål om personvern på dubestemmer.no, kan du sende ein førespurnad via e-post til dubestemmer@udir.no eller personvernombu@udir.no

    På dubestemmer.no samlar vi ikkje inn personopplysningar. Vi bruker tenesta Matomo for anonym statistikk på nettstaden. Når det gjeld informasjonskapslar, brukar vi det som er strengt nødvendig. Utfyllande informasjon om personvern på dubestemmer.no finn du i eigne avsnitt:

    Eit overvåkningskamera på ei gate med småhusbebygging. Nokre uidentifiserbare personar er synleg langt unna. Bildet er KI-generert av Adobe Firefly 21.05.2026.

    Kva er ei anonym opplysning?

    Viss du vil vere anonym – anten på nett eller i verkelegheita – må du beskytte personopplysningane dine. La oss seie at du går ut av huset ditt og ned gata. Dersom du møter nokon på vegen, kan dei for eksempel registrere kva for ein veg du går, kva klokka er og korleis ansiktet ditt ser ut. Når du åpner ytterdøra di, heng det ikkje noko varsel der om at du kan bli observert på gata.

    Dersom du åpner ein nettlesar og besøker ei vilkårleg teneste, er sjansen stor for at du blir åtvara mot at du har flytta deg bort frå ditt eige private område. Årsaka til at du blir møtt av varselmeldingar, er at tenesteleverandøren må følge lovkrav som skal sikre personvernet ditt. Tenesta treng eit såkalla "behandlingsgrunnlag" for å hente inn, lagre eller dele opplysningar om deg. Eit mykje brukt behandlingsgrunnlag er "samtykke". Det betyr at kvar enkelt må godkjenne bruken av eigne personopplysningar.

    Ein personopplysning er noko som kan knytast til ein bestemt person, som eit namn, eit bilete eller eit telefonnummer. Ein IP-adresse er også ein personopplysning. IP-en identifiserer den eininga, for eksempel telefonen eller PCen, som bruker den digitale tenesta på eit bestemt tidspunkt. I teorien er det dermed heilt umogleg å vere anonym på nett. 

    I praksis kan heldigvis alle som lagar nettenester ta mange personvernvennlege val. På samme måte som du ikkje er spesielt redd for å bli observert på gata, bruker du ofte nettenester heilt utan bekymring. Og med god grunn. Det er ikkje særleg risikabelt å gå inn på yr.no.  

    Ein forskjell mellom ein tur i gata og ein tur på nett er at digitale spor er langt enklare å lagre og systematisere. Derfor finst det reglar, for eksempel for overvakingskamera som er skrudd opp på offentlege stader. Reglane gjeld for all behandling av personopplysningar. Men viss eit menneske ikkje kan identifiserast gjennom eit overvakingsopptak, blir det ikkje rekna som ein personopplysning. IP-adressen din er heller ikkje en personopplysning når ho blir anonymisert. Det betyr at tenester du bruker på nett kan vite mykje om nettbruk, utan at dei kan knyte informasjonen til ein bestemt person.

    Anonymisert statistikk kan for eksempel gi informasjon om:

    • brukaren sin nettleser, operativsystem og digitale eining
    • kor brukaren høyrer heime. Ein anonymisert IP-adresse gir ikkje informasjon om hus og gate, men eit område eller ein by.
    • kva for sider brukaren besøker. Det inkluderer informasjon om kor lang tid som blir brukt på dei ulike sidene, og rekkjefølga dei blir besøkt i.
    • kor brukaren kjem fra og går til. Brukaren kan ha klikka på ei lenkje eller gjort eit søk for å komme til tenesta. På same måte kan brukaren følgje ei lenkje for å gå ut av tenesta.
    • korleis ulike kampanjar eller endringar i innhald/design påverker bruken av tenesta. Ved hjelp av analyseverktøy kan leverandørane sjå kva for konsekvensar ulike endringar får for trafikken på tenesta.

    Når du går inn på dubestemmer.no, er tenesta avhengig av å kjenne IP-adressa di slik at nettlesaren din kan vise deg innhaldet. Viss du besøker ei side kor vi har publisert ein video, får vår leverandør av videoløysing (QBrick) også tilgang til din IP. Opplysninga blir ikkje brukt til andre formål og blir ikkje lagra i etterkant. Videoavspilleren vår samler også inn anonym statistikk om talet på avspillingar og tidspunkt for når ein video blei spilt av.

    Det er Utdanningsdirektoratet som er behandlingsansvarleg, og som må ha eit gyldig behandlingsgrunnlag for IP-adressa di. Formålet med behandlinga er å tilgjengeliggjere relevant informasjon. Behandlingsgrunnlaget for å tilby innhald på dubestemmer.no, inkludert videoinnhald, er artikkel 6 nr. 1 bokstav f i personopplysningslova. Regelen gir oss heimel til å behandle opplysningar som er nødvendige for å ta vare på ei rettkommen interesse. Den rettkomne interessa vår er å tilgjengeliggjere relevant informasjon gjennom tekst, bilete og video. 

    Vi bruker statistikk- og analyseverktøyet Matomo. Matomo bruker ikkje informasjonskapslar. Vi knyter ikkje statistikken til deg som bruker. Statistikken vår gjer at vi kan forbetre nettstaden vår, for eksempel ved å analysere kva slags innhald som får mykje besøk, og kva som er mindre besøkt. 

    Ein informasjonskapsel, ofte kalla ein cookie, er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på datamaskina når brukaren opnar ei nettside.

    Informasjonskapselar brukast i nokre tilfelle rett og slett for å få nettstaden til å fungere på ein trygg og sikker måte. Ein cookie kan dessutan lagre innloggingsdetaljar eller hugse varer i handlekorga i nettbutikkar. Nokre informasjonskapslar samler inn IP-adressar, og ein IP-adresse er ei personopplysning. 

    Informasjonskapslar er altså unike for nettlesaren du bruker. Dersom du byter frå éin nettlesar til ein annan på datamaskina eller telefonen, følgjer ikkje informasjonskapslane med.

    Personopplysningslova er den mest sentrale loven når det gjeld personvern. Siden 2018 har EU sin personvernforordning, ofte kalt GDPR, vore ein del av den norske personopplysningslova. GDPR har også ført til endringar i ei anna lov, nemlig lova om elektronisk kommunikasjon. Frå 2025 er det eit krav at også informasjonskapslar og liknande teknologiar berre kan brukast med samtykke frå brukaren. Tidlegare var det godt nok at brukaren styrte sine val for informasjonskapslar ved hjelp av innstillingar i nettleseren. 

    Samlar informasjonskapslar og liknande teknologier inn personopplysningar? I nokre tilfelle, men ikkje alltid. For å informere slik lovene krev, sørgjer tenestane for å servere omfattande tekniske og juridiske erklæringar og samtykkealternativ til brukaren. I dei fleste tilfelle blir dessverre ikkje brukaren særleg mykje klokare på kva som er kva. Kva for innstillingar handlar om informasjonskapslar som ikkje lagrar personopplysningar? Kva for innstillingar vil ha løyve til sporing på tvers av løysingar og tenester? 

    Brukaren møter ein vegg av informasjon, og kan fort pådra seg informasjonskapselutmatting. "Cookie fatigue" er identifisert som eit reelt problem av lovgivarane. Derfor har EU, gjennom EU-kommisjonen, foreslått å gå tilbake på kravet om samtykke for informasjonskapslar og liknande teknologier. Les meir om høringa av forslaget på stortinget.no.

    I Noreg skal Datatilsynet kontrollere at verksemder følgjer personvernregelverket. Datatilsynet skal òg gi råd om personvernvennleg praksis. Datatilsynet skriv mellom anna på sine nettsider at verksemdene skal informere "på ein kortfatta, open, forståeleg og lett tilgjengeleg måte. Språket skal vere klart og enkelt, særleg når informasjonen er spesifikt retta mot barn."

    Forståeleg og kortfatta informasjon som forklarer den tekniske innsamlinga og behandlinga av personopplysningar er ei stor utfordring. I denne personvernerklæringa får du tips om korleis du kan navigere i jungelen av informasjon om personopplysningar. Du får også tips til andre ressursar på nett om same tema.

    Tips! Som ein introduksjon til personvern og tenesten dubestemmer.no kan du gjerne sjå filmen "Kva er digital dømmekraft?" som varer i eit drøyt minutt.

     

    Dubestemmer.no bruker informasjonskapslar og liknande teknologi som er "strengt nødvendig". Slik bruk er fritatt frå kravet om samtykke i regelverket. Det er likevel viktig å informere om praksisen vår.

    • Den lokale lagringa language-name tar vare på målformen du har valt (bokmål eller nynorsk) slik at du kan få alle sidene du besøker på riktig målform. Lagringa blir sletta når du lukker nettlesaren.
    • Den lokale lagringa cookie-aksept lagrer at du har lukka varselet som gjør deg oppmerksam på informasjonen i personvernerklæringa. Lagringa varer i tre månader, slik at du ikkje skal få varselet kvar gong du besøker nettstaden.
    • For feilsøking og forbetring av den tekniske plattformen, bruker vi eit verktøy. Ved hjelp av Application Insight vil nettlesaren din plukke opp responstider for kor lang tid det tar å laste ned innhald frå nettstaden. Nettlesaren vil også plukke opp eventuelle feil og sende dette tilbake til Application Insight. https://dc.services.visualstudio.com brukast av Application Insight for innsamling av data. Data blir lagra i tre månader og brukast kun for feilsøking. 
    • Informasjonskapselen AspNetCore.Antiforgery settast for brukarar som skal logge på redaktørgrensesnittet for nettstaden, og gjeld ikkje for vanlege brukarar. 

    Dersom du ønsker å kvitte deg med den lokale lagringa frå besøket ditt på dubestemmer.no, må du gå til innstillingane i nettlesaren for å fjerne "local storage". Valet vil ofte vere tilgjengeleg der du sletter informasjonskapslar. 

    Ikon som blir brukte for personverninnstillingar.

    Kva skal du sjå etter?

    Vil du sjekke personverninnstillingane i tenester du bruker? Ofte brukte ikon kan leie deg på riktig veg. Dei blir nytta i ulike variantar, anten åleine eller i kombinasjon med kvarandre. Du kan òg sjå etter lenkjer til eksempelvis:

    • profil/profile
    • mi side/my page
    • personvern/privacy
    • innstillingar/settings
    • informasjonskapslar/cookies
    • samtykke/consent
    • vilkår/terms and conditions

    Kva skal du gjere?

    Mange tenester og nettstedar viser deg ulike valgmoglegheiter, spesielt for informasjonskapslar. Ofte blir informasjonskapslane kategorisert, for eksempel på denne måten:

    • nødvendige
    • preferansar for funksjonalitet
    • statistikk/webanalyse
    • marknadsføring

    Nødvendige informasjonskapslar kan du ikkje velje bort. Ofte får du separate val for å avslå eller godta informasjonskapslane for dei ulike kategoriane. I nokre løysingar får du også val som "avslå alle" eller "godta alle". 

    Dei færraste er motiverte for å setje seg inn i kva desse vala inneber. Å bli kvitt spørsmålsboksen så fort som mogleg er ofte målet for brukaren. Om du ønsker å avvise mest mogleg utan å kaste bort dyrebar tid, må du ofte likevel spandere eit ekstra klikk eller to. 

    Kva kan du bestemme?

    Du kan gjøre personvernvennlege val på din eigen telefon, på datamaskinen og i programvare som du ofte bruker. Leverandørar av operativsystemer, appar og programvare gjør stadig endringar i korleis dei presenterer personvernval for sine brukare. Både design og innhald endrar seg etter kvart som bruken av personvernregelverket endrar seg. Teknologisk utvikling har også mykje å seie for korleis brukarane blir presentert for eigne val.

    Du har heilt sikkert hørt følgjande "tommelfingerregel":

    "Om tenesta er gratis, betaler du med personopplysningar."

    Kommersielle verksemder som leverer ei teneste utan brukerbetaling, må nødvendigvis tene pengar på anna vis. Markedsføring og annonsering er derfor til stades i mange av dei tenestene som alle nettbrukarar møter. Og jo meir tenestene veit om deg, jo meir skreddarsydd blir reklamen du får.

    Samstundes finst det eksempler på at brukerbetaling ikkje nødvendigvis gir deg full kontroll over personopplysningane dine. I 2023 gjorde Meta, selskapet bak tenester som Facebook og Instagram, eit grep som har møtt kritikk frå blant anna det norske Forbrukerrådet. For å imøtekomme europeiske lovkrav til personvern, oppretta dei ein betalingsmodell som skulle sikre brukarane mot kommersiell bruk av personopplysningar. I klagen, som 19 europeiske forbrukarorganisasjonar stiller seg bak, er det eit viktig poeng at Meta "villeder brukerne ved å presentere dette som et valg mellom et gratis- og et betalingsalternativ, når det i flere rettsinstanser er fastslått at brukerne uansett betaler med sine personopplysninger. Mange antar trolig også at de betaler for et alternativ uten sporing og profilering, noe som ikke er tilfellet." Les meir om Forbrukerrådets klage på forbrukerradet.no.

    I 2025 konkluderte EU-kommisjonen med at løysinga var i strid med EU-regelverket. Meta endrar likevel ikkje praksisen sin. - De er for store til å bry seg, meiner Finn Myrstad i Forbrukerrådet. Her hjemme har Schibsted, som eig mellom anna VG og finn.no, følgt det dårlege eksempelet til Meta. Datatilsynet kommenterer at løysinga viser korleis personvern er i ferd med å bli ei luksusvare.

    Det er fristande å konkludere med at slaget er tapt for personvernet i møte med tech-gigantane. For alle som skal drive med opplæring om personvern, er det likevel mest fruktbart å forsøke å auke bevisstheita om personvernspørsmål. Kva for nokre grep kan kvar og ein av oss ta, sjølv med begrensa innsikt i personvernjungelens juss og teknologi?

    Kva for nokre personvernvanar har du?

    1

    Stadstenester

    Veldig mange appar og nettenester ber om lov til å bruke din posisjon. Ved å vite kor du til einkvar tid oppheld deg kan for eksempel

    • vær-appen gi deg værmeldinga der du er
    • sosiale medier-appen la deg tagge stedet, tilby filtermoglegheiter eller koble deg til informasjon om staden
    • nettbutikken raskt fortelje om varen er tilgjengeleg for henting i din næraste fysiske butikk
    • kartappen gi deg trafikkmeldingar, ruteskildringar og informasjon om servicetilbud i nærleiken
    • treningsappen teikne treningsruta din på eit kart

    Kva slags fordelar får du når du deler posisjonen din? Kva er ulempene?

    2

    Brukarprofiler

    Mange appar og nettenester tillater gjenbruk av ein brukarprofil for å logge på ei ny teneste. Ved å bruke ein påloggingsløysing for ein eksisterande profil kan du

    • redusere antall brukernamn og passord som du må hugse. Eksempelvis kan lærarar og elevar logge på mange ulike tenester med det faste brukernamnet og passordet frå Feide.
    • slippe å fylle inn den same informasjonen om deg sjølv fleire gonger. Når du gir løyve, kan tenesta plukke opp for eksempel namn, kontaktinformasjon og profilbilde.

    Kan du komme på andre fordelar med å logge på med ein standardløysing som Google eller Facebook? Kva er ulempane?

     

    Å kontrollere og rydde opp i nettlesaren

    Dei mest brukte nettlesarane har alle ulike variantar av innstillingar for kva slags informasjonskapslar du ønskjer å godta. I innstillingane kan du også slette data frå nettlesaren. Data blir ofte delte inn i:

    • informasjonskapslar og andre nettstadsdata
    • nettlesarlogg, hurtiglagra innhald, buffer
    • nedlastingslogg
    • passord og andre påloggingsdata

    Du kan ofte velje kor langt tilbake i tid du ønskjer å slette innhald, til dømes siste time, siste døgn, siste veke eller all historikk.

    Informasjonskapslar og data som er lagra lokalt, blir behandla som same type informasjon i dei vanlege nettlesarane. Viss du slettar informasjonskapslar, slettar du i same slengen data som er lagra lokalt ("local storage").

    Vil du vite endå meir om kva tenestene du besøker vil hente frå din nettlesar? Det finst ulike nettlesarutvidingar som kan gi deg varslar eller la deg velje innstillingar for sporing på nettet. To eksempel er Privacy Badger og Disconnect.

    Kontaktinformasjon

    Du kan sende epost til dubestemmer@udir.no. Merk at vanleg e-post normalt er usikra og ukryptert. Du må ikkje sende teiepliktige eller sensitive opplysningar via e-post. Når du sender melding til oss, får vi tilgang til e-postadressa di. E-postadressa di er ei personopplysning, og vi treng å bruke ho for å kunne gi deg eit svar. Vi kjem ikkje til å lagre eller bruke e-postadressa til andre formål.