Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Du har ansvar for det du deler på nett - bruk det!

DIGITAL KVARDAG

    Digital kvardag

    Det er gøy å vere sosial når du speler eller når du bruker nettbrett, mobil eller pc. Du kan spele og snakke med kjende og ukjende eller søke etter informasjon. Det opnar seg på ein måte ei ny verd. Då er det viktig å hugse på at du har ansvar for å ikkje gjere noko ulovleg eller feil.

    Gutt og hund tar selfie

    Ikkje alt kan delast

    Mange mobilar har kamera, og det er då lett å ta både bilete og film. Du tek kanskje bilete av deg sjølv og vennene dine, eller du ser noko morosamt ute som du vil filme for å vise det til venner eller dei heime. Men om du har ein mobil, har du også ansvar for å bruke han rett.

    Om du har teke bilete eller film av kameraten eller venninna di og du har lyst til å sende det til nokon andre, må du faktisk spørje dei om lov først. Hugs at sjølv om du synst bileta er fine eller veldig morosame, er det ikkje sikkert dei som vart tekne bilete av er samde. Det er heller ikkje sikkert dei vil at bileta skal delast med fleire. Bilete som vert delte med andre, kan også delast vidare av dei igjen, og plutseleg har heile klassen sett det du berre tenkte å dele med éin venn.

    Mange appar har ei aldersgrense på 13 år, men likevel lyg nokre på alderen og bruker appane likevel. Det er akkurat det same om du deler eit bilete på melding eller gjennom ein app – du må spørje om lov før du deler bileta. Det som kjennest greit for deg, er kanskje ikkje greit for vennene dine. Det gjeld både bilete, film og det du skriv og kommenterer om andre – anten du kjenner dei eller ikkje.

    Du kan rett og slett ikkje dele kva du vil om andre. Det er derfor viktig å vise respekt for andre når du bruker mobilen eller andre digitale verktøy.

    Kven snakkar du med – eigentleg?

    Bruker du det ekte namnet ditt, eller vert berre brukarnamnet ditt vist når du for eksempel gamer online? Vennene dine kjenner sikkert brukarnamnet ditt, men andre veit ikkje kven som skjuler seg bak det – korkje det eigentlege namnet ditt, kor gammal du er eller om du er jente eller gut. Nokre bruker det ekte namnet sitt når dei har slike kontoar, og nokre deler personleg informasjon. Andre ønskjer å vere meir anonyme og har eit brukarnamn som ikkje seier noko om kven dei er.

    I nokre spel og appar kan du treffe spennande menneske. Dei aller fleste er hyggjelege og greie, medan nokre få ikkje er like opne og ærlege om kven dei er. Heldigvis er det få som opplever noko ubehageleg eller skremmande, men det er viktig å vere klar over at ikkje alle er den dei seier.

    Dersom du opplever noko ubehageleg, er det viktig at du trekkjer deg unna og kanskje blokkerer personen så han eller ho ikkje kan sende fleire meldingar til deg. Det kan også vere lurt å seie frå til nokon du stoler på for å høyre kva du bør gjere.

    Oppfør deg fint

    Mange har tema dei er engasjerte i, og på nett finst det ulike stader der du kan diskutere med andre. Diskusjonane går, og du svarer kanskje dei andre med ein gong, utan å tenkje deg om. Men, anten du diskuterer med nokon på nett eller gamer, ser du som regel ikkje reaksjonane til dei andre, og gjennom korte innlegg kan det vere vanskeleg å få fram akkurat det du meiner. Ofte kan viktige, samfunnsaktuelle tema slik som innvandring, klima, likestilling og religion, eller ueinigheiter når du gamer, føre til krangling og misforståingar. Det er derfor viktig å tenkje over korleis det du skriv vert oppfatta av andre. Om du er anonym og skjuler deg bak eit brukarnamn, er det dessutan lettare å skrive ting du ikkje ville sagt andlet til andlet, enn om du hadde kommentert med det eigentlege namnet ditt.

    Visste du at..?

    Ytringsfridom er ein viktig menneskerett. Dersom du er usamd med politikarane og avgjerdene deira, har du derfor lov til å seie det og diskutere det med andre. Ytringsfridommen gir deg rett til å fortelje om dine eigne meiningar, kommentere det andre deler, og å produsere ditt eige innhald med bilete, tekst eller film.

    Det vi seier, bør likevel vere sakleg. Ytringsfridom betyr ikkje at vi har rett til å seie ting som er krenkjande, diskriminerande eller sjikanerande om andre.

    Deling av bilete

    Du kan gjerne ta bilete og film av deg sjølv og vennene dine med mobil eller fotoapparat. Du bør likevel berre ta bilete når dei andre synest det er greit, og når det ikkje vert gjort i smug. Det er aldri triveleg å kjenne seg smugfilma når ein til dømes gjer noko dumt. Men, viss du har lyst til å dele desse bileta med andre, er det viktig å kjenne til reglane.

    1. Når du tek bilete av venner, familie eller andre personar, skal du alltid spørje om lov før bileta vert sendte eller delte med andre. Det gjeld også gruppebilete der det er fleire på same bilete. Fram til du er 13 år er det faktisk foreldra dine som har ansvar for å godkjenne slik deling av bilete, så snakk med dei om korleis de tenkjer dette kan gjerast. Kanskje kan du få lov til å seie ja til deling av bilete mellom deg og venene dine i nokre tilfelle, så lenge du sjølv synest det er greit?

    2. Når du tek bilete av ein aktivitet der det ikkje er så viktig akkurat kven som er på bileta, kan dei delast utan å spørje om lov. Men det er viktig at bileta ikkje vert opplevde som ubehagelege for dei som er på biletet. Døme på bilete det kan vere lov å dele utan å spørje først, kan vere avstandsbilete av eit 17. mai-tog eller frå ein fotballkamp.

    NB: Viss du vil dele bilete av andre, bør du uansett ha som hovudregel å alltid spørje om lov først, og få eit skikkeleg JA, for å vere sikker på at du ikkje gjer noko gale. Det er alltid lov til å ombestemme seg, så viss den som har sagt ja endrar meining og ikkje vil at du skal dele bileta vidare, må du respektere det.

    Jenter taek selfie

    Dataspel kan vere bra for deg

    Kjelde: Ung.forskning.no

    Nesten alle gutar og over halvparten av jentene frå 9 til 18 år spelar dataspel – eller gamer, som det også vert kalla. Og det er bra for fleire ting:

    1. Dei fleste spelar dataspel med venner.
    2. Sosiale dataspel gjer deg snillare.
    3. Du vert flinkare til å handtere kjensler.
    4. Du vert flinkare i engelsk.

    Les meir på ung.forskning.no

    Tips til betre nettvett

    Nettvett kan oppsummerast i tre korte og konkrete råd. Følgjer du desse, kjem du langt:

    1. Tenk over kva du deler om deg sjølv når du gamer eller er på nett. Del aldri informasjon om andre utan å spørje dei om lov først.
    2. Vær bevisst på at det du gjer på nett, kan vere synleg for andre. Vær derfor forsiktig med å skrive kommentarar utan å tenkje over korleis andre vil oppleve det du skriv.
    3. Sjekk kva som finst om deg sjølv på nett. Søk på namnet ditt med jamne mellomrom, og få best mogleg kontroll over kva som er synleg for andre om deg.

    Kven skal få sjå kva?

    Sjølv om dei fleste apper der du kan snakke med andre har ei aldersgrense på 13 år, er det nokre som lagar seg ein konto likevel og lygnar på alderen sin. Dersom foreldra dine har gitt deg lov til det, bør de saman sjå på innstillingane slik at du veit kva opplysningar andre kan sjå om deg.

    Her er nokre tips til kva de bør sjå på:

    • Bør du ha eit anonymt brukarnamn?
    • Kven kan sjå opplysningane om deg?
    • Har du åpen eller lukka profil? Kven kan sjå det du deler?
    • Har du laga vennelister eller grupper slik at du har betre kontroll over kven som ser kva?

    Far og son gjer grimaser

    Foreldre deler bilete av barna i sosiale medium utan å spørje

    Kjelde: Medietilsynet og Datatilsynet

    Ei undersøking frå 2020 synte at to av tre barn og unge i alderen 9–18 år hadde opplevd at foreldra deira ofte eller nokre gonger delte bilete av dei på sosiale medium, og at berre halvparten vart spurde først.

    Nyare undersøkingar syner at utfordringane framleis er store. I Barn og medier 2024 svarar ein tredjedel av ungdommar at bilete, filmar eller innhald av dei har blitt delt vidare mot deira vilje. Dette tyder på at mange vaksne framleis ikkje er gode nok rollemodellar når det gjeld deling av bilete og respekt for andre sitt personvern på nett.

    Hvis barn og unge skal lære seg å spørje før dei deler bilete av andre, anbefaler Datatilsynet at foreldre og andre vaksne går foran som gode eksempel og alltid spør først.

    Dersom du opplever at foreldre, skulen eller andre bruker bilete av deg på måtar du ikkje ønskjer, kan du kanskje syne dei Datatilsynet si rettleiing om bilete av barn på nett.

    Les meir om Barn og medier-undersøkinga 2024 på medietilsynet.no
    11 %

    11 prosent av 9–18-åringane svarer at foreldra ofte har delt bilete av dei i løpet av det siste året, og 56 prosent svarer at foreldra har gjort det nokre gonger.

    Lærer om jernalderen i Minecraft

    Kjelde: NRK

    Verda i Minecraft er som ei open sandkasse. Du kan byggje kva som helst – alt frå vikingskip og romstasjonar, til å eksperimentere med elektriske krinsar.

    På Rønvik skule i Bodø har klasse 4B bygd ein klasselandsby for å lære om jernalderen. Dei har installert Minecraft på iPad-ene sine, som dei òg tek med seg heim. Mange møtest og held fram i denne digitale verda når dei kjem heim.

    – Samarbeid, skaparglede, engasjement og utforskartrong er viktige hovudpunkt i læreplanen. Fleire lærarar burde sjå på moglegheita, og kanskje gå ut av komfortsona si, seier seniorrådgivar Miriam Modalsli i Statped.

    Les heile artikkelen på nrk.no

    Korleis vil du bli sett?

     

    Med mobil og appar kan du nå heile verda, om du vil – og av og til òg når du ikkje vil.

    (Denne filmen er laga av Mikrofilm.)

    1

    Dei fleste sosiale medium (slik som Snapchat og TikTok) har ei aldersgrense på 13 år, men det er fleire under 13 år som likevel har laga seg ein konto der.

    • Kvifor trur de det er laga ei aldersgrense på 13 år? Diskuter om de synest det er greit å lyge på alderen for å kunne lage seg ein konto likevel. Er det noko som er bra/ikkje bra med å vere med på sosiale medium?
    • Det er kome eit forslag om å øke denne aldersgrensa til 15 år. Kva tenkjer de om det? Diskuter kva de synest er riktig aldersgrense for å kunne bruke sosiale medium.
    2

    I mange samanhengar slik som på nett, i nokre apper og i gaming, kan du bruke kallenamn i staden for det eigentlege namnet ditt.

    • Kor mange i klassen har ein konto der de bruker kallenamn? Kvifor bruker de ikkje det eigentlege namnet dykkar?
    • Diskuter kva konsekvensar det kan få å ha eit brukarnamn som gjer at ein vert anonym. Trur de ein oppfører seg annleis når ein har eit kallenamn enn når ein spelar eller skriv meiningane sine under fullt namn? Kvifor/kvifor ikkje?
    • I kva samanhengar kan det vere best å bruke kallenamn og når er det best å bruke ekte namn?
    3

    Dersom skulen ønskjer å ta bilete av dykk, må foreldra gje tillating først. Men, de skal også få seie meiningane dykkar dersom bileta skal delast med andre, til dømes på skulen si nettside eller i eit skulemagasin.

    • Vert det teke bilete av elevane på skulen dykkar? I kva samanhengar og med kven vert bilda i så fall delte?
    • Har skulen fått skriftleg tillating frå foreldra til å dele bileta slik?
    • Vert de også spurde om det er greit dersom dei vil dele bilde av dykk på nett frå turar, arrangement eller liknande? Vert de høyrde dersom de eller foreldra dykkar ikkje vil at bildet skal delast?
    • Diskuter kva de synest kan vere dumt med slik deling av bilde. Lag reglar de meiner skal gjelde for skulen dykkar.
    • Og kva med dykk – har de nokon gong teke bilde eller film av lærarane dykkar og delt med andre utan å spørje dei om lov først?
    4

    Regjeringa har kome med skjermråd om barn og unge sin bruk av mobil, pc, nettbrett og andre digitale verktøy. Les gjennom råda og diskuter dei.

    • Synest de det er viktig med slike reglar for digitale verktøy heime og på skulen? Kvifor/kvifor ikkje?
    • Kva synest de om reglane? Er reglane gode, eller er det ting de ville teke opp med politikarane dersom de hadde moglegheita?
    • Dersom de ikkje er einige i reglane, prøv å bli einige om nokre nye reglar for bruk av digitale verktøy som de synest politikarane heller burde kome med.
    • Bør dei same reglane gjelde heime som på skulen, eller bør reglane vere ulike?

    1

    Du har ansvar for det du deler om andre med mobilen din eller med andre digitale verktøy.

    Tenk gjennom:

    • Har du angra på noko du har videresendt eller delt om deg sjølv eller andre?
    • Kvifor angra du i så fall?
    • Har du nokon gong opplevd at andre har videresendt eller delt noko om deg som du ikkje likte? Kva gjorde du då?
    2

    Nokre appar har aldersgrense for å lage ein konto hos dei.

    • Har du konto på ei teneste som du eigentleg er for ung for? Kva synest i så fall foreldra dine om at du bruker tenesta? Held du det hemmeleg - i så fall kvifor?
    • Kvifor trur du desse aldersgrensene er sette?
    3

    På mange tenester og apper kan du skrive ting med fullt namn, eller du kan bruke eit kallenamn. Det kan også dei du møter der gjøre.

    Tenk gjennom:

    • Har du nokon gong snakka eller meldt med nokon du ikkje kjenner når du har gama eller liknande?
    • Synest du det er greit å gje frå deg bilete eller annan personleg informasjon slik som å fortelje kor du bur eller kor gamal du er til dei du er i kontakt med – sjølv om du aldri har møtt dei? Kva for problem kan oppstå trur du?
    • Gjer du noko for å sjekke kven dei du vert kjend med er, og om dei er på din alder? Kvifor/kvifor ikkje? Kva i så fall?
    4

    Ytringsfridom er ein viktig menneskerett.

    Tenk gjennom:

    • Kva tyder det?
    • Kvifor er det viktig?
    • Korleis trur du det ville vere å leve i eit land utan ytringsfridom?

    Du har ansvar for det du deler om både deg sjølv og andre – bruk ansvaret på ein god måte!

    Vil du vite meir?

    Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombodet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.

    Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?

    Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?