Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Nokre gonger går det dessverre gale

    Mobilar, appar og gaming gjer det mogleg å ha kontakt med kjende og andre. De kan snakke saman, bilete kan delast og spørsmål kan få svar. Men kva viss bileta du sende til kompisen, dukkar opp på mobilen til nokon andre? Korleis reagerer du når nokon bruker informasjon om deg på ein måte du ikkje hadde tenkt, eller som du ikkje har blitt spurd om? Kva gjer du når biletet av venninna di får stygge kommentarar?

    Gutt med mobil

    Det er ikkje alltid lett å vite kva som vil opplevast som ubehageleg for andre. Eit bilete du delte med ein ven før du la deg, kan ha blitt vidaresendt til fleire når du står opp morgonen etter. Meldinga du sende for å vere morosam, blei ikkje så morosam likevel når heile klassen plutseleg hadde sett han og noen blei såra.

    Sidan både bilete, filmar, meldingar og innlegg kan spreiast så lett – og dukke opp i andre og kanskje uønskte samanhengar, er det viktig at du kjenner til reglane som gjeld. Det er òg viktig å ta gode og gjennomtenkte val før du gjer noko du kanskje vil angre på seinare.

    Ver obs

    Det kan nokre gonger kjennast lettare å skrive det du tenkjer, enn å seie det direkte til dei det gjeld. Når du skriv eller snakkar til nokon du ikkje kan sjå ansiktet til, er det ikkje alltid så lett å vite korleis andre reagerer på det du skriv eller seier. Det er derfor fort gjort å misforstå kvarandre, og gjere ting den andre eigentleg ikkje synest er greitt. Du bør derfor tenkje gjennom om du ville sagt det same til personen ansikt til ansikt. Det er lett å bli litt for tøff bak tastaturet.

    Noko anna som kan vere vanskeleg når du gamer eller er på ulike appar, er at du ikkje alltid veit kven dei andre faktisk er. Viss du snakkar eller chattar med nokon du berre kjenner brukarnamnet til, kan det vere lurt å vere litt ekstra nøye med kva du deler av opplysningar om deg sjølv (slik som fullt namn, adresse eller liknande).

    Respekter andre

    Vi må respektere andre sine meiningar og kjensler, anten vi er saman i skulegarden, sender meldingar på telefonen eller chattar gjennom appar. Dei same reglane gjeld overalt. Det er til dømes ikkje lov å skrive noko om andre som ikkje er sant. Det er heller ikkje lov å true nokon. Du har sjølv ansvar for det du deler, både bilete og tekst.

    Alle har eit ansvar

    Når alle får meldingar, bortsett frå éin, eller alle blir inviterte til å game, unntagen éin, er det ei form for utestenging. Men det er ikkje berre dei som gjer noko aktivt, som blir definert som mobbarar. Ved å sjå på at dette går føre seg, utan å seie ifrå eller hjelpe, er du ein passiv deltakar. Då har du òg eit ansvar.

    Mobbing eller andre uønskte og ubehagelege hendingar på nett og mobil kan vere vanskelege for vaksne å oppdage. Viss du ser at nokon blir mobba eller bevisst haldne utanfor, bør du snakke om det med ein vaksen. Det er viktig å ta ansvar og ikkje berre stille sjå på at andre blir behandla dårleg.

    Visste du at...?

    Du må aldri la deg presse til å gjere noko du eigentleg synest er ubehageleg eller feil. Nokre menneske kan dessverre få deg til å kjenne deg redd, og då er det lett å la seg presse til å gjere ting du ikkje eigentleg vil. Dersom du opplever noko slikt, bør du snakke med ein venn eller ein vaksen du stoler på, slik at du kan få hjelp til å ordne opp. Du må aldri tenkje at du skal prøve å rydde opp i problema på eigenhand, sjølv om du føler at det var din feil at problema starta. Då kan alt fort bli verre.

    Be om hjelp med éin gong!

    Korleis handtere uønskte hendingar?

    Viss du opplever noko ubehageleg når du bruker mobilen, gamer eller liknande, kan desse råda vere lure å følgje:

    1. Ikkje svar på meldingar som er meinte for å såre deg eller gjere deg opprørt. Det vil sannsynlegvis oppmuntre til fleire negative meldingar.
    2. Behald meldingane. Du treng ikkje å lese dei, men behald dei som bevis. Ta skjermbilete.
    3. Fortel om det som har skjedd, til nokon du stoler på. Snakk med foreldre, venner, ein lærar, helsesjukepleiar, ungdomsarbeidar eller ring ein hjelpetelefon.
    4. Blokker avsendaren. Du skal ikkje godta at nokon oppfører seg dårleg – steng ute uønskte personar.
    5. Ta kontrollen. Rapporter problem til dei som kan gjere noko.
    Jente holder rundt gutt

    Få det vekk! Skaff hjelp!

    Har du funnet ut at nokon har delt bilete eller anna om deg og du ønskjer å gjere noko med det? Då bør du be om hjelp. Her er nokre råd:

    1. Kontakt personen det gjelder. Be om at det vert fjerna. Du treng ikkje forklare kvifor – det er vanlegvis ikkje lov å dele opplysningar om andre utan å ha spurt om lov først.
    2. Be om hjelp
      • Få hjelp til å kontakte personen, eller tenesta eller nettsida opplysningane er delte på.
      • Slettmeg.no gir råd og hjelp til korleis du kan fjerne personleg informasjon. Du kan finne hjelp på nettsida eller kontakte dei.
    3. Kontakt politiet. I nokre samanhengar er delinga så alvorleg at du bør kontakte eller tipse politiet. Ta eit skjermbilete, få med deg ein vaksen du stolar på og meld frå om forholdet!

    Kva er hatprat og hatytringar?

    Kjelde: Bufdir

    Viss det blir sagt eller skrive noko som er hatefullt eller diskriminerande, eller som rettar seg mot ei bestemd gruppe, kallar vi det ofte hatprat eller hatytringar. Hatytringar kan ha alvorlege følgjer for enkeltpersonar, grupper eller heile samfunnet. Hatefulle ytringar, mobbing og trakassering skjer både på nett og andre stader.

    I Noreg har vi fleire lover som forbyr både hatefulle ytringar, diskriminering, trakassering, omsynslaus åtferd og krenking av privatlivets fred.

    Mange vil ikkje fortelje at dei, eller nokon dei kjenner, er utsett for slike opplevingar. Nokon føler skuld. Dei kan til dømes sjølv ha delt bilete av seg sjølve som deretter har blitt spreidde vidare. Andre føler skam eller at dei er mindre verd enn andre. Nokon vel òg å teie, i redsel for konsekvensane ved å seie ifrå. Det kan òg vere at ein ikkje seier noko fordi ein er usikker på kva ein har vore utsett for, og kven ein bør seie det til.

    Men det er viktig å seie ifrå når du eller nokon du kjenner til opplever dette!

    Les meir om hatefulle ytringar og korleis du kan få hjelp på bufdir.no

    Digital mobbing og digitale krenkingar

    Når mobbing skjer over tid ved hjelp av digitale verktøy som mobil, PC eller spelkonsollar, kallar vi det gjerne digital mobbing. Dette kan skje ved bruk av film, bilete eller tekst, eller det kan vere meir skjult ved for eksempel utestenging. Slik mobbing er altså ikkje andlet til andlet, men kan skje både ved at nokon plagar, trugar, baksnakkar eller stenger deg ute.

    Digitale verktøy kan brukast for å såre deg og du kan oppleve at det er vanskeleg å forsvare deg fordi du blir mobba anonymt og dermed ikkje veit kven som står bak, eller fordi bilete eller tekst blir spreidd til mange, slik at det føles som det er mange mot ein.

    Det er eigentleg ikkje så viktig om hendingane skjer over tid eller har stor spreiing. Det som betyr noko, er at hendingane kan kjennast svært ubehagelege og alvorlege, og det er derfor veldig viktig å seie ifrå til nokon dersom du ser eller sjølv opplever noko som ikkje er akseptabelt.

    Snakk med nokon!

    Dersom du har opplevd noko ubehageleg – anten det er på mobil, gjennom appar, når du gamer eller på skulen – er det viktig at du snakkar med nokon som kan hjelpe deg. Det kan vere foreldre, nokon på skulen, helsesjukepleiar eller ein annan vaksen du har tillit til. Av og til kan det hjelpe å snakke med ein ven først, så du kan få hjelp og støtte til å snakke med ein vaksen. Sjølv om du synest det er ubehageleg, er det betre å snakke med nokon enn å vente til ting kanskje blir endå verre.

    Viss du ikkje har nokon vaksen du har lyst til å snakke med om dette, kan du til dømes kontakte Røde Kors si hjelpeteneste, Kors på halsen. Du kan ringje, sende ei melding eller chatte. Alle tenestene er gratis, og du kan vere heilt anonym.

    Alle barn og unge kan dessutan ta kontakt med Barneombodet. Barneombodet kan svare på spørsmål om barn og unge sine rettar og kan gi råd og tips om alt frå skule, familie, barnevern og helse, til rettane til asylbarn og andre tema. På nettsidene sine har Barneombodet ei oversikt over kven som kan hjelpe når noko alvorleg har skjedd eller du berre treng nokon å snakke med.

    Jente trøster venn

    Blei kontakta av ukjende vaksne

    Ambre (9) opplevde noko ubehageleg då ho spelte eit spel for barn på nett. Det var eit spel der ho skulle tene poeng, og der det samtidig var mogleg å skrive med andre som òg spelte. Både ho og dei andre brukte anonyme kallenamn. Far hennar hadde gitt klar beskjed om at dersom ho ville spele dette spelet, fekk ho ikkje lov å dele personleg informasjon der. Då ville han ta vekk spelet igjen.

    Ambre delte likevel telefonnummeret sitt med andre i spelet, sjølv om ho visste at det var noko ho ikkje burde gjere. Ho blei då kontakta av fleire ukjende vaksne menn, som både ringde og sende meldingar. Ambre syntest opplevinga var ubehageleg og blei redd, men torde i starten ikkje fortelje det til far sin. Ho var redd han ville bli sint sidan ho hadde delt telefonnummeret sitt utan lov, og at han ville nekte ho å spele igjen eller fjerne tilgangen til nett.

    Heldigvis oppdaga faren kva som gjekk føre seg, og hjelpte ho, elles kunne dette gått gale sidan ho heldt det som skjedde for seg sjølv og kjende seg pressa. Etter opplevinga har ho vore mykje meir forsiktig med kva ho legg ut på nett om seg sjølv, men ho lærte òg kor godt det er å få hjelp av vaksne av og til.

    Og faren blei faktisk mykje mindre sint enn ho hadde trudd.

    Alene med mobil

    Lokka til seg unge gutar gjennom Fortnite og TikTok

    Kjelde: NRK

    Ein mann i 20-åra har innrømt grove overgrep mot heile 19 mindreårige gutar etter å ha fått kontakt med dei på Fortnite og TikTok. Politiet trur det kan vere fleire offer enn dei klarer å finne ut.

    – Det verkar som om dialogen med gutane har byrja på TikTok, og at han har brukt Fortnite som samtaleemne. Etter kvart har han leidd samtalen over på Snapchat, fortel politiadvokat Sissel Kleiven.

    Mannen har mellom anna trua barn heilt ned i 7-årsalderen til å gjere ting med seg sjølv. Han skreiv til dømes på Snap at han ville skade seg sjølv viss ikkje barnet sende bilete av seg sjølv.

    Les heile saka på nrk.no

    Møtet

     

    Ikkje alle på nett er dei som dei gir seg ut for å vere.

    (Filmen er laga av Sølvsuper AS.)

    Var det du som sende den dritkjipe meldinga?

     

    Du gjorde det kanskje for å vere morosam – men kor morosamt blei det eigentleg? Meldinga spreidde seg til litt fleire enn du ville, og plutseleg er det di skuld at éin i klassen ikkje tør å gå på skulen. Var det verd det, eller skulle du ønskje du hadde tenkt deg om?

    (Filmen er laga av Mikrofilm.)

    Filmen om Levi

    Levi blir kontakta av ei jente på chat, og dei begynner å flørte. Dei chatter og deler bilete, både nakenbilder og filmar, med kvarandre. Det er uskuldig og moro i starten, men etter ei stund begynner Sofie å presse Levi til å dele stadig grovare bilete. Han har ikkje lyst meir og vil at det skal stoppe. Men Sofie trugar med å dele bileta og filmane med alle han kjenner. Korleis skal Levi komme seg ut av dette?

    Filmen er laget av Redd Barna

    1

    Mange har opplevd ubehagelege ting på digitale medium. Det kan vere mobbing, utestenging, uønskte eller ubehagelege meldingar eller ufine kommentarar. Diskuter:

    • Kva kan de gjere for å unngå slike opplevingar?
    • Bør ein tole meir i digitale medium (til dømes gjennom appar på mobilen eller når de gamer) enn elles i livet? Er det nokon grunn til at ein skal kunne oppføre seg annleis på sosiale medium enn elles? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Har de sett døme på skjult mobbing? Kva for nokre?
    • Har nokon opplevd noko ubehageleg dei vil dele med klassen? Kva gjorde de for å handtere det?
    • Lag forslag til reglar for korleis de ønskjer at ein skal oppføre seg mot kvarandre når ein bruker digitale verktøy (mobil, pc, spel). Kom òg med forslag til kva de kan gjere for å stoppe negative digitale hendingar.
    2

    Mange populære influensarar og youtubarar opplever å få stygge kommentarar når dei deler innhald. Nokon meiner at viss du stikk hovudet fram og deler bilete eller anna om deg sjølv, må du òg tole å få stygge tilbakemeldingar.

    • Kva tenkjer de om det?
    • Er det meir greitt å skrive noko negativt om andre dersom de ikkje kjenner dei, eller dersom dei skriv ting de er usamde i?
    • I temaet «sosial på nett» kan de lese om ytringsfridom. Betyr ytringsfridom at de kan seie og skrive kva de vil om andre?

    1

    Enkelte påstår at digitale verktøy har gjort det enklare å øydeleggje for, plage eller mobbe andre.

    • Kva meiner du?
    • Blir du litt tøffare når du bruker mobil, pc eller spel enn når du snakkar direkte med andre personar? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Oppfører du deg annleis når du veit at du er heilt anonym?
    • Kva tenkjer du er forskjellen på mobbing og anna plaging?
    • Har du eller nokon du kjenner, opplevd noko ubehageleg gjennom mobil, spel eller pc? Kva skjedde? Fortalde du det til ein vaksen?
    2

    Mange opplever stygge kommentarar eller ubehagelege opplevingar på digitale medium.

    • Viss du opplever noko ubehageleg når du bruker appar eller gamer, kva gjer du? Held du det for deg sjølv, eller snakkar du med nokon om det?
    • Finst det formar for mobbing som ikkje er så lette for dei vaksne å oppdage? Kva for nokre?
    • Korleis ville du opplevd det om du oppdaga bilete nokon hadde delt frå ein bursdag som heile klassen bortsett frå deg var invitert i? Har du sett døme på slik skjult mobbing nokon gong?
    • Korleis kan du hjelpe til med å motverke uønskte hendingar på digitale medium? Kva ansvar har du?

    Vis respekt for andre, og snakk med nokon viss du opplever noko ubehageleg på spel eller mobil.

    Kven kan hjelpe?

    Viss du har opplevd noko ubehageleg eller kjenner nokon som er utsett for noko du reagerer på, bør du snakke med ein vaksen. Viss du ikkje har nokon du tør snakke med, finst det stader der du kan ringje for å få råd, og der du kan vere anonym:

    Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. På barneombodet.no kan du få tips til kva du kan gjere og kven du kan kontakte dersom du føler at du treng hjelp.

    Kors på halsen er ei teneste der du kan spørje om det meste. På nettsida deira kan du lese meir om korleis du kan nå dei på telefon, e-post, chat eller i forum på nett. Dei som svarer, er frivillige, har teieplikt, og du kan vere anonym.

    Slettmeg.no er ei teneste som kan gi råd dersom nokon har delt bilete eller annan informasjon om deg, og som du vil ha hjelp til å fjerne.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.

    Digital kvardag: Når du bruker mobilen, er på nett eller har appar der du kan dele bilete og anna, har du òg ansvar for det du deler – både om deg sjølv og andre.

    Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?