Med mobil og appar kan du nå heile verda, om du vil – og av og til òg når du ikkje vil.
(Denne filmen er laga av Mikrofilm.)
Du kan gjerne ta bilete og film av deg sjølv og vennene dine med mobil eller fotoapparat. Du bør likevel berre ta bilete når dei andre synest det er greit, og når det ikkje vert gjort i smug. Det er aldri triveleg å kjenne seg smugfilma når ein til dømes gjer noko dumt. Men, viss du har lyst til å dele desse bileta med andre, er det viktig å kjenne til reglane.
Når du tek bilete av venner, familie eller andre, skal du alltid spørje om lov før bileta vert delte med andre. Det gjeld også gruppebilete der det er fleire på same bilete. Fram til du er 13 år er det faktisk foreldra dine som har ansvar for å godkjenne slik deling av bilete, så snakk med dei om korleis de tenkjer dette kan gjerast. Kanskje kan du få lov til å seie ja til deling av bilete mellom deg og venene dine i nokre tilfelle, så lenge du sjølv synest det er greit?
Nokre gonger kan det vere lov til å dele bilete av andre menneske dersom dei til dømes er langt unna så ein ikkje kan kjenne dei att, eller dersom det er eit større offentleg arrangement. Men det er viktig at bileta ikkje vert opplevde som ubehagelege for dei som er på biletet. Viss du vil dele bilete av andre, bør du uansett alltid spørje om lov først, og få eit skikkeleg JA, for å vere sikker på at du ikkje gjer noko gale.
Det er dessutan alltid lov til å ombestemme seg, så dersom den som har sagt ja endrar meining og ikkje vil at du skal dele bileta vidare likevel, må du følgje ønskjet.
Kjelde: Medietilsynet og Datatilsynet
I ei undersøking frå 2024 svarar 11 prosent av dei mellom 9–18 år at foreldra ofte har delt bilete av dei i løpet av det siste året, og over halvparten svarar at foreldra har gjort det nokre gonger.
25 prosent av dei unge har spurt foreldra om å slette bilete eller videoar foreldra har lagt ut av dei i sosiale medium, og 13 prosent har spurt foreldra om å slette informasjon dei har delt om barna på nettet.
Dette syner at mange voksne fortsatt ikkje er gode nok rollemodellar når det gjeld deling av bilete og respekt for andre sitt personvern på nett. Om barn og unge skal lære seg å spørre før dei deler bilete av andre, anbefalar Datatilsynet at foreldre og andre vaksne går foran som gode eksempel og spør først.
Til saman 67 prosent av 9–18-åringane svarar at foreldra har delt bilete av dei i løpet av det siste året.
Du har ansvar for det du deler om både deg sjølv og andre – bruk ansvaret på ein god måte!
Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombodet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.
Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.
Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?
Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?