Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Pass på opplysningane dine

PERSONVERN

    Venene mine og eg sender ofte meldingar og bilete til kvarandre. Det synest eg som regel er greitt, for vi kjenner kvarandre så godt.

    Men ein gong la venninna til mamma ut eit bilete på Insta av at eg stupte frå 3-meteren. Ho spurde meg ikkje ein gong først. Har ho lov til det?

    Og pappa spurte ein gong om å få lese meldingane ein kompis hadde sendt meg. Han blei litt sur og trudde jeg prøvde å skjule noko då eg sa nei. Men eg gjorde ikkje det - eg synst berre det var dårleg gjort mot kompisen min. Han skreiv jo meldingane til meg. Burde eg sagt ja?

    Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi må skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv – nokre gonger også frå foreldra dine.

    Jente med mobil.

    Når du blir født, er det dei føresette som bestemmer over deg og opplysningane om deg, og korleis desse opplysningane kan brukast. Men du skal få vere med å bestemme kva for nokre opplysningar om deg sjølv du ønskjer å dele – og med kven – i større og større grad ettersom du blir eldre.

    Personvern betyr altså at du skal kunne bestemme over opplysningar om deg sjølv. Du skal kunne bestemme kva opplysningar om deg du vil dele – og med kven – i større og større grad etter kvart som du blir eldre. FNs barnekonvensjon er ein avtale mellom nesten alle land i verda om rettane til barn. Han seier at alle barn har rett til privatliv. Jo eldre du er, dess meir skal meiningane dine telje.

    Arkiv på nett

    Viss du har lyst til å dele filmar eller bilete av vennene dine, eller skrive noko om dei, må du spørje dei først. Vennene dine har òg rett på til eit personvern.

    Viss du er med i eit idrettslag eller ei teatergruppe, kan det hende dei har delt bilete av deg på nettsida si eller liknande. Kanskje har du til og med blitt intervjua av ei avis, og artikkelen er delt på nett. Enkelte skular legg òg ut bilete på nettsida si eller i nyheitsbrev til alle foreldra. Og kanskje har du ein blogg eller liknande? Det er viktig å vere klar over at det som er delt om deg, kan lastast ned av andre og bli lagra ulike stader.

    Viss nokon søkjer på namnet ditt på nett, kan dei ut frå alle treffa danne seg eit bilete av korleis du er som person. På ein måte kan ein seie at alle menneske etter kvart får sitt eige opne arkiv på nett. Det er tilgjengeleg for alle. Har du tenkt over det?

    Er det greitt å sjekke?

    Nokre barn opplever at foreldra sjekkar logg eller historikk på PC-en dei nyttar, for å sjå kva sider barna har vore inne på. Nokon opplever også at foreldra ber om å få sjå på mobilen for å lese meldingar barna har sendt og motteke. Mange foreldre seier dei gjer det for å verne barna mot å oppleve ting som kan vere ubehagelege. Andre synest ikkje det er riktig å sjekke verken PC-en eller mobilen til barna sine.

    Av og til kan det vere fint at foreldra passar litt på. Dei har jo ansvar for at du skal ha det bra. Nokre gonger har dei fleste (både barn og vaksne) likevel behov for privatliv og å kunne skrive til ein ven om korleis dei har det utan at foreldra sjekkar det dei skriv. 

    Dessutan, venene dine har òg rett til personvern. Viss foreldra dine les meldingane frå venene dine, meldingar som venene stolte på at berre du skulle lese, er det då greitt?

    Visste du at..?

    Dei fleste skular har reglar for bruk av skulen sitt utstyr og bruk av mobil i skuletida. Mange familiar har òg slike reglar, til dømes om kva nettsider eller appar som er greitt å bruke, eller kva spel barna får lov til å spele. Ofte kan slike reglar gi tryggleik. Det er derfor viktig at alle i familien snakkar saman og blir samde om kva reglar som gjeld, og kva nettstader og appar barna får lov til å bruke. Ved å ha gode reglar alle er samde i, vil alle kunne kjenne seg tryggare – samtidig som personvernet blir teke vare på. Det er betre å vere samde om nokre reglar enn at foreldra skal sjekke kva barna har gjort heile tida.

    Personvern er rett til privatliv. Du bør seie ifrå til nokon viss du ikkje synest det blir respektert.

    Kva er ei personopplysning?

    Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til ein enkeltperson.

    Det betyr at til dømes namnet, adressa, telefonnummeret, e-postadressa og fødselsnummeret ditt er personopplysningar. Eit bilete der du kan kjennast igjen, er òg ei personopplysning.

    Desse opplysningane er dine. Viss nokon vil gjere noko med personopplysningane dine, må dei få løyve til det frå foreldra dine. I mange samanhengar bør du òg få seie meininga di – særleg viss det gjeld å dele bilete av deg.

    Personopplysning

    Kva betyr samtykke?

    Viss nokon vil bruke bilete eller andre opplysningar om deg, må dei spørje om lov først. Dei må få det som kallast eit samtykke frå han eller ho det gjeld. Fram til du fyller 13 år, har foreldra dine ansvaret for å ta slike avgjerder for deg. I nokre samanhengar er det dei som bestemmer seinare òg.

    Men viss bilder eller anna om deg skal delast med fleire, til dømes på nettsida til skulen, i samband med fritidsaktiviteten din eller på profilen til ein av foreldra dine, bør du alltid få vere med å seie om du er samd eller ikkje. Og då er det greitt å vite at når du eller foreldra dine har sagt ja, kan de angre dykk seinare. Det heiter å trekkje tilbake samtykket.

    Pass på opplysningane dine

    Mobiltelefonar, nettbrett og datamaskinar inneheld ofte mykje privat informasjon både om deg og vennene dine. Dersom nokon får tak i opplysningar om deg, kan dei bruke dei på negative måtar. Det er derfor viktig at du passar på opplysningane så godt du kan.

    Tips til sikring av mobilen din:

    • Ha lås på skjermen (passord, mønster, PIN-kode eller liknande).
    • Spør ein vaksen før du lastar ned nye appar. Dei kan hjelpe deg å sjekke om det er ein trygg app.
    • Slå alltid på skjermlåsen før du legg frå deg telefonen.
    • Ikkje bruk det same passordet overalt, men lag deg ei liste ein stad, der du skriv ned passorda dine eller lar ein vaksen du stoler på, passe på dei for deg.

    Foreldre kontrollerer barna sin bruk av medier

    Medietilsynet

    Undersøkingar Medietilsynet har gjort viser at mange foreldre kontrollerer barna sin bruk av mobil, nettbrett eller PC:

    • 47 prosent av barna mellom 9-12 år seier at foreldra sjekker brukaren deira på Snapchat, TikTok eller Instagram (2026)
    • Meir enn seks av ti foreldre seier at dei sjekkar meldingane eller e-postane til barnet, bilete eller videoar barnet har delt, netthistorikken, kva for nokre vener barnet har lagt til eller følgjer, og kjøp barnet har gjort i appar og spel (2024)
    • 17 prosent av foreldra seier at dei ofte sjekkar meldingane eller e-posten til barnet, og 46 prosent gjer det av og til (2024)
    • 17 prosent av foreldra seier at dei ofte sjekkar bilete og videoar barnet har delt, og 43 prosent gjer det av og til (2024)

    Medietilsynet sine barn og medier-undersøkingar

     

    Som ei opa dagbok

    Når du surfar på nett, blir det lagra informasjon om kva nettsider du har besøkt, kva du har lasta ned, og kva passord du har lagra. Viss de er fleire som brukar same pc, og du ikkje slettar logg og historikk, kan dei andre snoke i nettbesøka dine og sjå kva nettsider du har vore inne på. På nettvett.no kan du lese om korleis du kan slette slike spor i dei ulike nettlesarane.

    Ulike appar har ulike innstillingar for kva informasjon du deler med andre. Nokre appar ønskjer til dømes å lagre informasjon om kvar du er. Det kallast posisjonsdata. Det kan vere morosamt å sjå alle stadene du har vore på og teke bilete, men denne informasjonen kan òg vere synleg for andre. Det er derfor lurt å få hjelp til å sjå på innstillingane for appen, og å slå av posisjonen din.

    Det er altså viktig å ha litt kunnskap om kva som blir lagra og kva ulike appar gjer, slik at du veit kvar du legg igjen spor.

    Små spionar

    Mange nettstader er interesserte i å vite kven som besøkjer dei. Derfor lagrar dei noko som heiter ein informasjonskapsel (cookie) på maskina di. Dette er ei lita tekstfil, og når du besøkjer ein nettstad, blir det sjekka om informasjonskapselen deira er lagra på maskina di. På denne måten kan du kjennast igjen frå besøk til besøk. Slike informasjonskapslar kan òg hugse kva du har trykt på før når du har vore på nettstaden deira.

    Ved hjelp av informasjonskapslar kan dei ulike nettstadene lage ein profil på deg ut frå kva sider du besøkjer, og kva du søkjer etter på den nettstaden. Dermed kan dei til dømes tilpasse reklame betre til nettopp deg.

    Du har rett til å bli høyrd

    FN har ei lov om rettane til barn (FNs barnekonvensjon) som mellom anna seier:

    • Barn har rett til å seie meiningane sine om alt som gjeld dei. Meiningane til barna skal telje.
    • Barn skal ikkje utsetjast for ulovleg innblanding i privatliva sine. Dei skal vernast mot ulovlege angrep på æra si og omdømmet sitt.

    I Noreg har vi òg ei barnelov som seier at barnet har rett til å bestemme stadig meir jo eldre det blir.

    Dette betyr at barn skal bli teke på alvor, og at foreldra skal høyre på meiningane deira, til dømes når nokon ønskjer å dele bilete av barn med andre, slik som i sosiale medium. Di meining tel altså, sjølv om du ikkje er vaksen.

    FNs barnekonvensjon seier òg at dei føresette har hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet, etter kva som er best for barnet. Foreldra dine skal altså verne deg viss dei meiner noko er skadeleg for deg. Viss dei har mistanke om at du gjer noko på nettet som er skadeleg eller farleg for deg sjølv eller andre, kan dei derfor setje grenser for kva du får lov til å gjere der.

    Du kan lese om rettane dine i barnekonvensjonen på barneombudet.no

    Ung jente som ser på mobilskjerm

    Mobil i hender

    Barn og unge blir spora

    Kjelde: Redd Barna og Datatilsynet

    Ei undersøking frå 2026 viser at i aldersgruppa 8-19 år, blir heile 8 av 10 barn og unge spora av foreldra sine, vener eller kjæraster. 

    Det er ikke akkurat tvang, men det er heller ikkje heilt fritt. I undersøkinga seier 11 prosent av dei som deler posisjon at dei har følt seg pressa til å dele med vener mot si vilje - eit tall som stig blant eldre jenter.

    Barnekonvensjonen slår fast at alle barn har rett til privatliv. Foreldre si sporing og kontroll over kor barna er til einkvar tid, kan utfordre denne retten.

    Les rapporten frå Redd Barna, "Ingenting å skjule"
    11 %

    av de mellom 8-19 år som deler posisjonen sin har følt seg presset til det

    Kva er personvern?

     

    Personvern er ein grunnleggjande rett. I denne filmen får du ein introduksjon til kva personvern er, og kvifor det er viktig å ta vare på sitt eige og andre sitt personvern.

    (Filmen er laga av Snöball Film.)

    Du har lov å seie nei - musikkvideo

     

    Det er gøy med bilete av venner og alle andre som du kjenner. Men veit du at du har lov til å seie nei?

    (Musikkvideoen er laga av Snøball Film.)

    1

    Både barn og vaksne, privatpersonar og kjendisar har rett til at personvernet.

    • Kvifor er personvern ein viktig rett?
    • Er det nokon stader eller situasjonar der vi har større behov for eller rett til å vere i fred? Kva for nokre? Er det ulike grenser for kva de ser på som privat i klassen?
    • Søk på namnet til fire kjendisar. Finn de bilete eller informasjon der som de synest ikkje burde vore lagt ut? Fekk de mange treff på kvar av dei? Trur de at kjendisane sjølv har lagt ut eller godkjent all informasjonen og alle bileta?
    2

    Gå saman i grupper, og diskuter kva de synest det er greitt og ikkje greitt å ta bilete og film av (ulike ting og personar, men òg ulike situasjonar).

    • Er de samde om kvar grensene bør gå?
    • Lag reglar for kva de kan ta bilete og film av, og i kva samanhengar ein skal spørje før ein tek bilete.
    • Lag òg forslag til reglar for kva de meiner dei vaksne på skulen kan ta bilete av, og når de meiner dei skal spørje dykk først.
    • Lag òg reglar for kva det er greitt å bruke desse bileta og filmane til. Er det til dømes greitt å hengje dei opp i klasserommet, sende til venner, dele med andre, eller er det forskjellar på kvar innhaldet kan delast?
    • Kjem gruppene fram til ulike reglar?
    3

    Nokre foreldre deler bilete av barna sine på Facebook, Instagram, Snap, TikTok og liknande.

    • Er det greitt? Kvifor/kvifor ikkje?
    • Bør barna bli spurde først? Og kor gamle synest de barna bør vere før dei kan få seie meininga si om slik deling?
    • Er det greitt å leggje ut bilete av ein som er så ung at han eller ho ikkje kan bestemme sjølv? Kva tenkjer de i tilfelle kan vere problematisk eller dumt?
    • Er det forskjell på kva bilete de meiner foreldra dykkar kan dele? Er det til dømes nokon typar bilete de synest er for private?
    • Tenkjer de det er nokon forskjell på om foreldre deler bileta på Instagram eller Snapchat, eller om dei sender bilete berre til den næraste familien
    • Veit de kor mange som ser bileta foreldra dykkar deler?
    • Har de ulike grenser for kva de synest er greitt og ikkje greitt når det gjeld dette?
    • Lag reglar for korleis de ønskjer at foreldra dykkar skal behandle dykk når dei tek og deler bilete. Kanskje de kan hengje dei opp i klasserommet, og be foreldra diskutere dei på neste foreldremøte?
    4
     

    Nokre barn har klokke eller mobil med sporing slik at foreldra deira alltid kan vite kvar dei er.

    • Kva synest de om det?
    • Synest de det er greitt om foreldra dykkar alltid veit akkurat kvar de er? Kvifor/kvifor ikkje?
    • Er det nokre tilfelle der de tenkjer at det kunne vore greitt at ikkje foreldra veit akkurat kvar de er?
    • Og er det tilfelle der de tenkjer at det kunne vore greitt å bli spora?

    1

    Personvern er ein rett det er viktig å ta vare på.

    • Fortel du alt du meiner og synest til alle du kjenner, eller er det nokon du fortel meir til enn andre?
    • Kva fortel du til kven, og kvifor fortel du kanskje meir til nokon enn til andre?
    • Trur du at du og dei andre i klassen har ulike grenser for kva de deler med andre? Kva er i så fall forskjellane, og kvifor trur du det er slik?
    • I kva samanhengar tenkjer du det er ekstra viktig at personvernet blir teke vare på, og kva opplysningar synest du det er ekstra viktig å halde heilt for deg sjølv?
    2

    Det har blitt veldig lett å dele bilete via meldingar eller appar på mobilen.

    • Har du opplevd at nokon har delt bilete av deg eller vist dei fram til nokon andre? Syntest du i så fall det var greitt? Kvifor/kvifor ikkje? Blei du spurd først?
    • Har du nokon gong opplevd at nokon har teke bilete av deg som du synest var ubehagelege, og at du blei redd for at dei skulle vise dei til andre? Kva var det som gjorde at du synest det var ubehageleg?
    • Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje ønskjer eller ikkje bør få delt bilete eller andre opplysningar om seg sjølv?
    3

    Det er lurt å sjekke av og til om det ligg bilete eller informasjon om deg søkbart på nett. Kanskje har nokon delt noko om deg som du ikkje er klar over.

    • Søk på ditt eige namn på nett. Tips: Skriv namnet ditt i hermeteikn (døme: "Erna Solberg"). Fann du noko?
    • Blei du overraska over noko av det du fann?
    • Er det du eller nokon andre som har delt informasjonen? Spurde dei deg i så fall om lov først?
    • Kva kan du gjere for å få det vekk dersom du ikkje vil at det skal liggje der, trur du?
    4

    Nokon meiner at foreldre har rett til å vite om alt barna deira gjer, mens andre meiner barna har rett til privatliv.

    • Har de reglar heime for korleis du kan bruke mobilen og pc-en?
    • Fekk du i så fall vere med på å bestemme reglane, og er du samd i dei reglane som gjeld for deg?
    • Har foreldra dine rett til å vite alt du gjer – kven du er saman med, kva de snakkar om, og kva de gjer når de er saman?
    • Er det nokon forskjell på kva dei vaksne bør få vite om kva barna deira gjer på sosiale medium og elles i livet?
    • Kva trur du er grunnen til at enkelte foreldre sjekkar loggen på pc-en og meldingane på mobilen til barna? Bør dei ha lov til dette? Kvifor/kvifor ikkje?

    Det er dine personopplysningar. Ta godt vare på dei.

    Vil du vite meir?

    Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombudet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Digital kvardag: Når du bruker mobilen, er på nett eller har appar der du kan dele bilete og anna, har du òg ansvar for det du deler – både om deg sjølv og andre.

    Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?

    Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?