Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Du har ansvar for det du deler på nett - bruk det!

SOSIAL PÅ NETT

    Sosial på nett

    Det er gøy å vere sosial på digitale medium. Du kan snakke med kjende og ukjende, game og dele bilete og filmar med andre. Du kan òg kommentere og like det andre har delt. Når du har ein konto, er det du som er ansvarleg for det du deler der. Du har òg ansvar for kva du kan dele om andre, og kva du absolutt ikkje bør dele.

    Viss du har lyst til å dele bilete av vennene dine gjennom ulike appar, må du spørje om lov først. Viss du har eit bilete av ein annan på mobilen og har lyst til å vidaresende det til andre, må du òg spørje om lov først. For sjølv om du synest biletet er morosamt, er det ikkje sikkert kameraten din er samd i at det skal delast med andre.

    Det som kjennest greitt for deg, er kanskje ikkje greitt for andre – det gjeld òg bilete eller annan informasjon om andre. Du kan ikkje dele kva du vil om andre, sjølv om du til dømes har ein blogg. Det er derfor viktig å vise respekt for andre når du er sosial på nett.

    Ikkje alt kan delast

    Alle som har ein mobiltelefon, veit kor lett det er å ta bilete og film. De tek bilete av dykk sjølv og vennene dykkar, og kanskje ser de noko morosamt på fritida som de vil filme for så å vise det fram heime. Men viss du har ein mobil, er det viktig å vite at du har fått ansvar for å bruke han riktig. Dersom du tek bilete eller film av andre, må du nemleg spørje om lov før du sender innhaldet vidare til vennene dine – for kanskje sender dei det vidare til vennene sine igjen, og plutseleg har heile klassen sett det du berre ville dele med éin.

    Når du opprettar ein konto, bør du sjekke kva innstillingar du kan velje for profilen din. Vil du at foreldra dine, naboen og vennene dine skal sjå alt du deler der? Om du ønskjer ha ein open eller lukka profil, og kven som skal få tilgang til innhaldet ditt, bestemmer du sjølv. Her kan det vere lurt å få hjelp frå nokon vaksne.

    Nokon vel å dele passorda sine med dei næraste vennene sine. Då kan det oppstå uheldige situasjonar. Plutseleg er de kanskje ikkje venner lenger, og du kan oppleve at dei loggar seg inn på profilen din og skriv eller gjer ting du ikkje ville gjort sjølv. Hugs at når nokon veit passordet ditt, har dei tilgang til ganske privat informasjon om deg. Å skifte passord av og til, er derfor ein god vane.

    Kven snakkar du med – eigentleg?

    Bruker du det fullstendige namnet ditt, eller blir berre brukarnamnet ditt vist på nokon av kontoane dine? Då kjenner sikkert vennene dine brukarnamnet ditt, men andre veit ikkje alltid kven som skjuler seg bak det – verken det eigentlege namnet ditt, kor gammal du er, eller om du er jente eller gut. På nokre nettsamfunn, slik som til dømes Facebook, er det vanleg å bruke fullt namn, og kanskje òg å dele annan personleg informasjon. Andre stader er det vanleg å vere anonym, eller å ha eit brukarnamn som kanskje seier litt om kven du er.

    På nokre appar og i nokre spel kan du treffe mange spennande menneske. Dei aller fleste du treffer, er hyggjelege og greie. Men nokon er ikkje alltid ærlege om kven dei er, eller kva dei vil. Heldigvis er det få som opplever skremmande ting, men det er viktig å vere klar over at ikkje alle er den som dei gir seg ut for å vere. Når du er anonym, er det dessutan ofte lettare å skrive ting du ikkje ville sagt ansikt til ansikt, eller om du hadde kommentert med det eigentlege namnet ditt.

    Oppfør deg fint

    Mange har tema dei er engasjerte i, og på nett finst det ulike stader der du kan møte andre med same interesser. Diskusjonane går, og du svarer kanskje dei andre med éin gong. Men du ser ikkje korleis dei andre reagerer, og gjennom korte innlegg kan det vere vanskeleg å få fram akkurat kva du meiner. Ofte kan viktige, samfunnsaktuelle tema, slik som innvandring, klima, likestilling og religion, føre til krangling og misforståingar. Derfor er det viktig å tenkje over korleis det du skriv, blir oppfatta av andre - anten du er anonym eller skriv under fullt namn.

    Visste du at..?

    Ytringsfridom er ein viktig menneskerett. Dersom du er usamd med politikarane og avgjerdene deira, har du derfor lov til å seie det og diskutere det med andre. Ytringsfridommen gir deg rett til å fortelje om dine eigne meiningar, kommentere det andre deler, og å produsere ditt eige innhald med bilete, tekst eller film. Det vi seier, bør likevel vere sakleg. Ytringsfridom betyr ikkje at vi har rett til å seie ting som er krenkjande, diskriminerande eller sjikanerande om andre.

    Biletdeling

    Du må gjerne ta bilete og film av deg sjølv og vennene dine, så lenge alle synest det er greitt, og det ikkje blir gjort i skjul. Men viss du ønskjer å dele desse bileta med andre, er det viktig å kjenne til reglane.

    Vi skil mellom to typar bilete: dei bileta som har personar som hovudtema, og dei som har aktivitetar som hovutema.

    1. Dersom det er personar som er hovudtemaet på biletet, skal du alltid spørje om lov før bileta blir vidaresende eller delte. Dette gjeld òg gruppebilete, slik som til dømes klassebilete. Fram til du er 13 år, er det faktisk foreldra dine som har ansvar for å godkjenne slik biletdeling, så snakk med dei om korleis de tenkjer dette kan gjerast. Kanskje kan du få lov å seie ja til noko deling av bilete mellom deg og vennene dine, så lenge du sjølv synest det er greitt?
    2. Dersom det er sjølve situasjonen eller aktiviteten som er i fokus, og akkurat kven det er som er på bileta er mindre viktig, kan bileta delast utan å spørje om lov viss dei ikkje kan oppfattast som ubehagelege for dei det er bilete av. Døme på dette kan vere avstandsbilete av eit 17. mai-tog eller av publikum på ein fotballkamp.

    NB: Dersom du vil dele bilete av andre, bør du ha som hovudregel alltid å spørje om lov først, og få eit skikkeleg JA, for å vere sikker på at du ikkje gjer noko gale. Dersom han eller ho som har sagt ja, ombestemmer seg, må du hjelpe til med å få fjerna biletet.

    Jenter taek selfie

    Tips til betre nettvett

    Nettvett kan oppsummerast i tre korte og konkrete råd. Følgjer du desse, kjem du langt:

    1. Tenk over kva du deler om deg sjølv. Tenk ekstra godt over kva du deler av informasjon om andre, og spør alltid om lov først.
    2. Ver bevisst på at det du gjer på nett, kan vere synleg for andre. Sjekk personverninnstillingane, og vel kor synleg du vil vere.
    3. Sjekk kva som finst om deg sjølv på nett. Gjer eit søk på namnet ditt med jamne mellomrom, og få best mogleg kontroll over kva opplysningar om deg som er synlege for andre.

    Dataspel kan vere bra for deg

    Kjelde: Ung.forskning.no

    Nesten alle gutar og over halvparten av jenter frå 9 til 18 år speler dataspel – eller gamer, som det òg kallast. Og det er bra for fleire ting:

    1. Dei fleste speler dataspel med venner.
    2. Sosiale dataspel gjer deg snillare.
    3. Du blir betre til å handtere kjensler.
    4. Du blir betre i engelsk.

    Les meir på ung.forskning.no

    Kven skal få sjå kva?

    Viss du opprettar ein profil i eit nettsamfunn der du kan vere sosial med andre, er det viktig at du går grundig gjennom personverninnstillingane der, slik at du får kontroll over kva opplysningar andre kan sjå om deg. Snakk gjerne med ein vaksen når du opprettar kontoen, slik at du kan få hjelp til å velje innstillingar på ein god måte.

    • Her er nokre tips til kva de kan sjå på:
    • Kven kan sjå opplysningane om deg?
    • Har du open eller lukka profil? Kven kan sjå det du deler?
    • Har du laga vennelister eller grupper, slik at du har betre kontroll over kven som ser kva?
    • Veit du kva vennene dine kan dele om deg? Kan dei til dømes merke/tagge deg i bilete?

    Aldersgrenser

    Når er du eigentleg gammal nok til å opprette ein eigen konto på sosiale medium? Dette er ikkje heilt enkelt å svare på. Mange sosiale medium (slik som Snapchat, TikTok, Instagram og Facebook) har 13-årsgrense for å opprette ein konto. Denne grensa er sett fordi du ikkje har lov til å gi frå deg personopplysningar før du fyller 13 år utan at foreldra dine har godkjent det.

    Dette betyr at før du fyller 13 år, må desse tenestene ha godkjenning frå foreldra dine for at du skal kunne opprette ein profil og dele personopplysningar. Er du under 13 år, kan det altså vere tillate å opprette ein profil på sosiale medium dersom foreldra dine seier det er greitt. Det er tenestene som må ha ei løysing som gjer det mogleg for foreldra dine å godkjenne dette. Ikkje alle sosiale medium har ei slik løysing. Då kan du bli oppfatta som eldre enn du er derom du lagar ein konto der.

    Du må derfor snakke med foreldra dine dersom du ønskjer å bruke slike appar. Det kan òg vere greitt å sjekke om andre på same alder bruker dei. Viss du er den einaste i klassen eller vennegruppa som ikkje får bruke slike appar, kan det føre til at du kjenner deg utanfor sosialt. Det bør du derfor snakke med foreldra dine om.

    Mor og dotter

    Far og son gjer grimaser

    Foreldre deler bilete av barna i sosiale medium utan å spørje

    Kjelde: Medietilsynet og Datatilsynet

    Ei undersøking frå 2020 viser at to av tre 9–18-åringar har opplevd at foreldra ofte eller nokon gonger har delt bilete av dei på Instagram, Facebook eller Snapchat. Berre halvparten av dei seier at dei blei spurde om lov sist gong foreldra delte eit bilete av dei.

    Tala tyder på at mange foreldre ikkje er gode førebilete og rollemodellar for barna sine på sosiale medium. Viss barn skal lære seg å spørje før dei deler bilete av andre, tilrår Datatilsynet at foreldra går føre som gode døme og spør barna òg.

    Dette gjeld òg mange skular der det blir delt bilete frå turar og arrangement på nett utan at barna har fått seie meininga si først. Korleis er det på skulen din? Viss de opplever at foreldre, skulen eller andre bruker bilete av dykk på måtar de ikkje ønskjer, kan de vise dei Datatilsynets rettleiing om bilete av barn på nett.

    Les meir om Barn og medier-undersøkinga 2020 på medietilsynet.no
    14 %

    Heile 14 prosent av barna (mellom 9 og 18 år) som hadde opplevd at foreldra hadde delt bilete av dei på Instagram, Facebook eller Snapchat, syntest det var flautt førre gong det skjedde. 11 prosent sa dei ikkje likte det.

    Lærer om jernalderen i Minecraft

    Kjelde: NRK

    Verda i Minecraft er som ei open sandkasse. Du kan byggje kva som helst – alt frå vikingskip og romstasjonar, til å eksperimentere med elektriske krinsar.

    På Rønvik skule i Bodø har klasse 4B bygd ein klasselandsby for å lære om jernalderen. Dei har installert Minecraft på iPad-ene sine, som dei òg tek med seg heim. Mange møtest og held fram i denne digitale verda når dei kjem heim.

    – Samarbeid, skaparglede, engasjement og utforskartrong er viktige hovudpunkt i læreplanen. Fleire lærarar burde sjå på moglegheita, og kanskje gå ut av komfortsona si, seier seniorrådgivar Miriam Modalsli i Statped.

    Les heile artikkelen på nrk.no

    Stjerne i sosiale medium

    Kjelde: nrk.no

    – Eg klarer berre ikkje å leggje frå meg telefonen, seier Emilia (8 år).

    Mange barn har ein draum om å bli stjerne i sosiale medium. For å oppnå denne draumen bruker dei mange timar dagleg på dei ulike plattformene. TikTok er éi av dei mest populære plattformene. Denne appen er eit univers av korte videoar – til inspirasjon og glede for mange. Her kan dei følgje brukarar som har millionar av følgjarar, som igjen er til inspirasjon for sjølv å skape eigne videoar som dei legg ut.

    I snitt bruker dei mest ivrige ein heil time kvar dag, og det svarer omtrent til 240 videoar med ei varigheit på 15 sekund. Det kan vere vanskeleg å lukke appen, fordi neste historie berre er eit lite sveip unna den førre. Appen er laga for at brukarane skal bli avhengige. Den konstante straumen av videoar får kroppen til å produsere dopamin, som gir ei kjensle av lykke.

    Les heile artikkelen på nrk.no

    Leirbål

     

    Denne filmen handlar om aldersgrenser og bruk av sosiale medium.

    (Filmen er laga av Sølvsuper AS.)

    Korleis vil du bli sett?

     

    Med mobil og appar kan du nå heile verda, om du vil – og av og til òg når du ikkje vil.

    (Denne filmen er laga av Mikrofilm.)

    1

     

    Nokon meiner at barn under 13 år ikkje bør vere på sosiale nettsamfunn, slik som Snapchat og TikTok.

    • Kva meiner de?
    • Er det noko som er bra / ikkje bra med å vere på sosiale medium?
    • Ein del nettsamfunn har i dag 13-årsgrense. Kva tenkjer de om det? Bør foreldre la barn under 13 år vere på desse tenestene likevel? Kvifor / kvifor ikkje? Diskuter kva for nokre positive og negative sider det kan vere med å delta på sosiale medier før ein er blitt 13 år.
    • Synes de det bør det vere ei aldersgrense på slike nettsamfunn, og i så fall kva bør den vere?
    2

    I mange samanhengar, slik som på ulike appar og i gaming, kan ein bruke kallenamn i staden for det eigentlege namnet sitt.

    • Kor mange i klassen har profilar der de bruker kallenamn? Kvifor bruker de ikkje det eigentlege namnet dykkar?
    • Diskuter kva konsekvensar det kan få å bruke eit kallenamn. Trur de ein oppfører seg annleis når ein har eit kallenamn enn når ein speler eller skriv meiningane sine under fullt namn? Kvifor / kvifor ikkje?
    • I kva samanhengar kan det vere best å bruke kallenamn, og når er det best å bruke fullt namn?
    3

    Viss skulen ønskjer å ta bilete av dykk, må det innhentast samtykke frå foreldra først. Men de skal òg få seie meiningane dykkar dersom bileta òg skal delast med andre, til dømes på nett.

    • Blir det teke bilete av elevane på skulen dykkar? Korleis blir bileta brukte i så fall (på nettsida til skulen, i skulekatalogen, på Facebook, Instagram, Twitter eller andre stader)?
    • Har skulen fått skriftleg løyve frå foreldra til det?
    • Blir de spurde om det er greitt dersom skulen vil dele bilete av dykk på nett frå turar, arrangement eller liknande? Vert det de seier respektert viss de eller foreldra dykkar ikkje vil at bilete skal delast?
    • Og kva med dykk – har de nokon gong teke bilete eller film av lærarane dykkar og delt dei med andre utan å spørje om lov?
    • Diskuter kva de synest kan vere dumt med slik deling av bilete. Lag reglar de meiner skal gjelde for skulen dykkar.
    4

    Det er store forskjellar frå skule til skule og frå familie til familie om kva reglar dei har avtalt for bruk av nett og mobil.

    • Er det viktig å ha reglar for bruk av nett og mobil heime og på skulen? Kvifor / kvifor ikkje?
    • Bør dei same reglane gjelde heime som på skulen, eller bør ulike reglar gjelde?
    • Lag forslag til nye reglar for bruk av mobil i skuletida.

    1

    Du har ansvar for det du sender vidare med mobilen eller deler på andre måtar.

    • Har du angra på noko du har vidaresendt eller delt om deg sjølv eller andre?
    • Kvifor angra du i så fall?
    • Har du nokon gong opplevd at andre har vidaresendt eller delt noko om deg sjølv som du ikkje likte? Kva gjorde du då?
    •  
    2

    Nokre appar har aldersgrense for å lage ein profil på sidene deira (slik som Snapchat, TikTok og Instagram).

    • Har du konto på ei teneste som du eigentleg er for ung for? Kva synest i så fall foreldra dine om at du bruker tenesta?
    • Kvifor trur du desse aldersgrensene er sette?
    3

    På mange tenester og appar kan du skrive ting med fullt namn, eller du kan bruke eit kallenamn. Det kan òg dei du møter der, gjere.

    • Har du nokon gong snakka med nokon du ikkje kjenner, på slike stader?
    • Synest du det er greitt å sende bilete og annan personleg informasjon til dei du blir kjend med på desse tenestene? Kva problem kan oppstå?
    • Gjer du noko for å sjekke kven dei du blir kjend med er, og om dei er på din alder? Kva i så fall?
    4

    Ytringsfridom er ein viktig menneskerett.

    • Kva betyr det?
    • Kvifor er det viktig?
    • Korleis trur du det ville vere å leve i eit land utan ytringsfridom?

    Du har ansvar for det du deler om både deg sjølv og andre – bruk ansvaret på ein god måte!

    Vil du vite meir?

    Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombodet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.

    Andre tema her på Dubestemmer.no

    Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.

    Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?

    Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?