Med mobil og appar kan du nå heile verda, om du vil – og av og til òg når du ikkje vil.
(Denne filmen er laga av Mikrofilm.)
Du kan gjerne ta bilde og film av deg sjølv og vennene dine med mobil eller fotoapparat. Du bør likevel berre ta bilde når dei andre synest det er greitt, og når det ikkje vert gjort i smug. Det er aldri triveleg å kjenne seg smugfilma når ein til dømes gjer noko dumt. Men, viss du har lyst til å dele desse bilda med andre, er det viktig å kjenne til reglane.
1. Når du tek bilde av vener, familie eller andre einskildpersonar, skal du alltid spørje om lov før bilda vert sendte eller delte med andre. Det gjeld også gruppebilde der det er fleire på same bilde. Fram til du er 13 år er det faktisk foreldra dine som har ansvar for å godkjenne slik bildedeling, så snakk med dei om korleis de tenkjer dette kan gjerast. Kanskje kan du få lov til å seie ja til noko deling av bilde mellom deg og vennene dine, så lenge du sjølv synest det er greitt?
2. Når du tek bilde av ein aktivitet der det ikkje er så viktig akkurat kven som er på bilda, kan dei delast utan å spørje om lov. Men det er viktig at bilda ikkje vert opplevde som ubehagelege for dei som er på bildet. Døme på bilde det kan vere lov å dele utan å spørje først, kan vere avstandsbilde av eit 17. mai-tog eller frå ein fotballkamp.
NB: Viss du vil dele bilde av andre, bør du uansett ha som hovudregel å alltid spørje om lov først, og få eit skikkeleg JA, for å vere sikker på at du ikkje gjer noko gale. Det er alltid lov til å ombestemme seg, så viss den som har sagt ja endrar meining og ikkje vil at du skal dele bildet vidare, må du respektere det og låte vere å dele det vidare.
Kjelde: Medietilsynet og Datatilsynet
Ei undersøking frå 2020 viste at to av tre barn og unge i alderen 9–18 år hadde opplevd at foreldra deira ofte eller nokre gonger delte bilde av dei på sosiale medier, og at berre halvparten vart spurde om lov.
Nyare undersøkingar viser at utfordringane framleis er store. I Barn og medier 2024 svarar ein tredjedel av ungdommar at bilde, videoar eller innhald av dei har blitt delt vidare mot deira vilje. Dette tyder på at mange vaksne framleis ikkje er gode nok rollemodellar når det gjeld deling av bilde og respekt for andre sitt personvern på nett.
Hvis barn og unge skal lære seg å spørje før dei deler bilde av andre, anbefaler Datatilsynet at foreldre og andre vaksne går føreman som gode eksempel og spør først.
11 prosent av 9–18-åringane svarer at foreldra ofte har delt bilde av dei i løpet av det siste året, og 56 prosent svarer at foreldra har gjort det nokre gonger.
Du har ansvar for det du deler om både deg sjølv og andre – bruk ansvaret på ein god måte!
Barneombodet passar på at rettane til barn og unge blir respekterte. Barneombodet skal spesielt følgje med på at interessene til barn blir varetekne, og at Noreg overheld FNs barnekonvensjon. På barneombudet.no kan du mellom anna lese meir om rettane dine og få tips til kva du kan gjere dersom du meiner at du treng hjelp.
Personvern: Vi har alle noko vi ikkje ønskjer å dele med andre – ikkje fordi det er ulovleg eller noko vi ønskjer å skjule, men rett og slett fordi det er privat. Personvern betyr at du har rett til privatliv.
Uønskte hendingar: Nokre gonger går det gale. Veit du kva du skal gjere eller kven du skal snakke med då?
Kjeldekritikk: Når du les nyheiter, skal finne informasjon til skuleoppgåver, går inn på saker kjende og ukjende deler i sosiale medium, eller du ser reklame for noko du har lyst på, er det viktig å kunne skilje mellom det som er falskt, og det som er ekte. Korleis gjer du det?