Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Digital kvardag

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

    Færre barn brukar sosiale medium

    Barn og medier-undersøkinga hentar inn tal om barn sin mediebruk. Analysar frå Medietilsynet lærer oss at:

    • "tala for heile utvalet (9–18 år) viser ein tydeleg nedgang i bruken av dei største sosiale media frå 2022 til 2026"
    • "blant ni- og tiåringane er bruken av Snapchat og TikTok lav og søkkande"

    51 prosent av ni- og tiåringar og 74 prosent av elleve- og tolvåringar brukar sosiale medier, ifølge Barn og medier 2026. Dette er ein moderat nedgang frå 2024, då 57 prosent av ni- og tiåringane og 82 prosent av elleve- og tolvåringane oppgav at dei brukte sosiale medium. Nesten alle er på sosiale medium frå dei er 13–14 år.

    Tala er henta frå Medietilsynets "Fanget i feeden" (2026)

    Kvifor undervise om digital kvardag?

    Aldersgrensa for å kunne bruke sosiale medium er i dag 13 år. Samtidig møter elevar på mellomtrinnet mange av dei same sosiale og digitale problemstillingane gjennom spill, meldingar og deling av bilete. Å arbeide med temaet "digital kvardag" allereie i denne alderen kan bidra til: 

    • At elevane utviklar gode strategiar for digital samhandling.  
    • At elevane betre forstår risiko og konsekvensar knytt til digitale media.  
    • Å forebygge problemer knytt til digital mobbing og utanforskap, som igjen kan bidra til å fremje eit betre læringsmiljø.

    Temaet digital kvardag er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanane i samfunnsfag og norsk. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.

    I undervisning

    Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

    Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

    Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

    Illustrasjon av gut med to sugerøyr opp i nasen

    Korleis vil du bli sett?

    Animasjonsfilm utan dialog som illustrerer spreiing på nett. Ein tullevideo som var morosam saman med kompisane, er kanskje mindre morosam for andre.

    Filmen varer i eitt minutt.

    Fordjup deg!

    Favorittappen blant dei yngste

    Kjenner du Roblox?

    Sjansen er stor for at elevane dine gjer det. Tal frå Barn og medier-undersøkinga (2026) viser at 80 prosent av ni- og tiåringar er på Roblox. Bruken er endå høgare for 11- og 12-åringar, mens tenåringane er mindre interesserte. 

    Roblox er ei plattform der brukarar kan skape og spele millioner av spel. Ho er tilrettelagd for sosial samhandling med funksjonalitet som venelister, chat og grupper. Spelerane får heile tida forslag om nye eller populære spill, og plattformen brukar såkalla tilrådings- og oppdagelsesdesign. I analysen skriv Medietilsynet at "kontinuerlige forslag og raske overganger til nye opplevelser kan redusere naturlige pauser og føre til større tidsbruk enn planlagt."

    Lær meir om barn sine bruksmønster i rapporten "Fanget i feeden" (2026)

    Visste du at...

    ... barn ikkje liker persontilpassa reklame 🤑?

    Datatilsynet sin personvernundersøking (2024) har tal som viser at både vaksne og barn misliker persontilpassa reklame*. Same undersøking viser dessutan at

    • barn allereie frå åtteårsalderen er klar over at aktivitetane deira på nett blir brukt på nettopp denne måten. I aldersgruppa 8 til 11 år var 47 prosent klar over denne praksisen.
    • eldre barn er i endå større grad klar over desse mekanismane. 90 prosent av 15 til 19-åringane svarer det same.
    • dei yngste i mindre grad er udelt negative til denne praksisen. 15 prosent av barna er positive, medan 32 prosent ikkje veit kva dei synest om å få persontilpassa reklame. 46 prosent er negative, mot heile 67 prosent i befolkninga totalt. 

    Sjå fleire funn i Datatilsynet si personvernundersøking frå 2024.

    * Annonser som er tilpassa basert på innsamling av opplysningar om ein person sin aktivitet på nettstader, søkemotorar og sosiale medium.