Uønskte hendingar
LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN
Kva er uønskte hendingar?
Barn og unge møter ulike problemstillingar med merkelappen "uønskte hendingar", til dømes
- digital mobbing
- deling av uønskt innhald
- møte med skadeleg innhald
- nettsvindel
- seksuell tvang og utpressing
Arbeidet med temaet opnar for mange historier frå verkelegheita. Det er lett å finne døme frå media, og elevane har òg eigne erfaringar. I samtale med elevane er det lurt å tenkje gjennom kva slags rammer du vil setje for det elevane eventuelt vil dele.
Kvifor undervise om uønskte hendingar?
- Få barn og unge snakkar med ein vaksen om uønskte hendingar på nett. EU Kids Online-undersøkinga (2018) viser at fleirtalet fortrur seg til jamaldra. Ein av fem (20 %) snakka ikkje med nokon sist dei opplevde noko negativt på nett.
- Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Uønskte hendingar på nett kan påverke elevane si oppleving av skole miljøet. For å forhindre at elevane opplever mobbing eller andre uønskte hendingar på nett, er det viktig å hjelpe elevane med å utvikle digital dømmekraft.
- Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at "Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet."
Temaet uønskte hendingar er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanane i samfunnsfag og norsk. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.
I undervisning
Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.
Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.
Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.
Møtet
Vegard og Preben chattar. Chatten handlar i utgangspunktet om eit dataspel, og vi forstår at dei aldri har møtt kvarandre i verkelegheita. Preben lykkast med å avtale eit fysisk møte med Vegard. Preben er ikkje han Vegard trur.
Filmen varer i vel to minutt.
Var det du som sende den dritkjipe meldinga?
Ei visualisering av ein tenkt situasjon der ein gut deler eit ufordelaktig bilete av ein klassekamerat. Det er ikkje enkelt å trekke tilbake digitale spor.
Filmen varer i eitt minutt.
Filmen om Levi
Levi blir kontakta av ei jente på chat, og dei begynner å flørte. Dei chatter og deler bilete, både nakenbilder og filmar, med kvarandre. Det er uskuldig og moro i starten, men etter ei stund begynner Sofie å presse Levi til å dele stadig grovare bilete. Han har ikkje lyst meir og vil at det skal stoppe. Men Sofie trugar med å dele bileta og filmane med alle han kjenner. Korleis skal Levi komme seg ut av dette? Filmen varer i litt over 10 minutt.
Filmen er laga av Redd Barna, og her kan du bestille undervisningsopplegg.
Å vere ein trygg vaksen for elevane dine
Professor Elisabeth Staksrud har jobba mykje med barn og medium. Ho veit godt at barn og unge sjeldan snakkar med ein vaksen når det har skjedd noko kjipt på nett. Staksrud har nokre tips til vaksne som vil vere relevante støttespelarar:
- Førebyggjande tiltak. Vis deg som ein tydeleg og imøtekommande vaksen før den uønskte hendinga er eit faktum.
- Ver ærleg og tydeleg. Du er sannsynlegvis ikkje ekspert på alle plattformene, men du har likevel noko viktig å bidra med. Døme:
"Eg kan ikkje så mykje om TikTok, men eg veit at det kan skje kjipe ting der. Viss du opplever noko som ikkje er greitt, vil eg at du snakkar med meg."
- Ingen er feilfrie. Ver tydeleg på at barna kan snakke med deg, sjølv om dei kanskje har trått feil. Døme:
"Sjølv om du kanskje gjorde noko feil og sende eller delte noko dumt, så er det framleis veldig viktig at du snakkar med meg eller nokon andre vaksne du stoler på."
Råda er attgitt med tillating etter spørsmål og svar-økt på konferansen NKUL (2021).
Førebuing til diskusjonsoppgåver
På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.
OPPGAVE 2
Kva kjenneteiknar dei aggressive nettdebattane?
Ei undersøking frå Institutt for samfunnsforskning granskar dette spørsmålet. Dei har teke for seg kommentarfelt i nettaviser og opne diskusjonsfora på Facebook. Nokre funn:
- Svært få deltek i debattar med ei hard tone. Omtrent fem prosent av dei spurde deltek jevnleg, mens mellom ein og to prosent svarar at dei skriv netthets.
- Dei som deltek og skriv netthets er, i større grad enn andre, ramma av hatytringar.
- Hyppige tema i dei tøffe debattane er norsk politikk generelt, innvandring/integrasjon, klima og miljø, sport, likestilling og kultur.
- Dei som mottek hatytringer, får dei stor sett frå framande og identifiserbare personer. Mens 63 prosent ikkje skjuler sin identitet, er avsendaren i 25 prosent av tilfella anonym.
Sjå heile rapporten "Gråsoner og grenseoverskridelser på nett" (2021) hos bufdir.no
Fordjup deg!
Det finst mange nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet med temaet uønskte hendingar. Her er nokre tips:
Alvorleg skadeleg innhald og overgrepsmateriale
- Korleis verne barn mot alvorleg skadeleg innhald på nett? Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar om førebyggjande jobbing, tekniske løysingar for skjerming og tiltak når barn har sett alvorleg skadeleg innhald. I rettleiaren står det mellom anna at "barn som utviklar digital kompetanse, har større sannsyn for å meistre risiko på nett og utvikle strategiar for å handtere potensielt skadelege situasjonar". Lær meir på udir.no om vern av barn mot skadeleg nettinnhald.
- – Det som slår meg som felles for overgrepsutsette, er at ingen fortel meir enn dei må, seier ein erfaren Kripos-etterforskar i rapporten "Seksuell utnytting av barn over nett". Norsk politi har dei siste åra etterforska store sakskompleks der ei enkeltmelding har ført til at fleire hundre barn har blitt identifiserte som offer for éin og same gjerningsperson. Kva kjenneteiknar offera, og kven er gjerningspersonane? Og korleis jobbar politiet mot seksuell utnytting av barn over nett? Lær meir på politiet.no
Nettpatruljar og hjelpetenester
- Nettpatruljane til politiet er til stades på nett og i sosiale medium. Få oversikt over kvar du finn dei ulike nettpatruljane.
- Det finst ulike hjelpetenester som barn og unge kan vende seg til via chat eller telefon.
Kor gammal var du første gong du såg porno?
Grafen viser tal frå Medietilsynets Barn og medier-undersøking (2020). Respondentane er 13–18-åringar, og 29 prosent av dei møtte porno første gong som 11–12-åringar.
- 14 prosent var 9 eller 10 år.
- 57 prosent har sett porno på nett før fylte 13 år.
- Tal fordelt på kjønn viser at 63 prosent av gutane såg porno før fylte 13 år.
I analysen av EU Kids Online-undersøkinga (2018) har forskarane sett på kva slags erfaringar norske barn og ungdommar (9–17 år) har med seksualisert innhald på nett. For 9–12-åringar som har sett seksuelt innhald på nett, oppgir meir enn halvparten at dei ikkje veit kva dei kjende om det dei såg. Forskarane peikar på at dette "kan tyde på at yngre barn treng hjelp til å skilje mellom kva som kjennest OK og kva som ikkje kjennest OK for dei."
Tips:
- Redd Barna har mange ressursar for arbeid med nettvett, mellom anna for temaa ansvar, grenser og seksuelle krenkingar.
- Funn frå EU Kids Online-undersøkinga: "The experiences of Norwegian youth (aged 9 to 17) with sexual content online" på uio.no
Mobbing og skulemiljø
Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Når de skal jobbe med klassemiljøet – anten førebyggjande eller ved uønskte hendingar – finst det mange nyttige nettressursar:
- Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger har eigne ressurssider om digital mobbing.
- Bruk Hue er eit digitalt undervisningsopplegg om nettmobbing og nettvett som er utvikla av Telenor og Røde Kors.
- Utdanningsdirektoratet har ei ressursside for eigna tiltak i skulemiljøsaker.
Kva tyder emojiane? Eigentleg?
I ei sak på nrk.no kan vi lese om korleis emojiar supplerar dei verbale kommentarane - og kanskje gjer det vanskelegare for vaksne å oppfatte kor stygg ein kommentar eigentleg er. For kva tyder til dømes hendene som er slått saman 🙏?
– Det tyder «stakkars deg, plis slutt å leggje ut/gjere det du gjer», sier ei av ungdommane. Les heile saka om generasjon Alfa sitt emoji-språk på nrk.no
slettmeg.no
- slettmeg.no er ei gratis råds- og rettleiingsteneste for alle som føler seg krenkte på nett.
- På nettstaden er det ei rekkje rettleiingar knytt til sletting av innhald og kontoar på mykje brukte tenester.
- Tenesta kan òg kontaktast på telefon, e-post og i sosiale medium.
- no har ikkje mandat til å krevje sletting, men hjelper ved å gi råd om korleis ein kan få fjerna informasjon frå nettet.