Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til mellomtrinn
Byt til bokmål

Uønskte hendingar

LÆRARRETTLEING - UNGDOMSSKULE/VGS

    Kva er uønskte hendingar?

    Barn og unge møter ulike problemstillingar med merkelappen "uønskte hendingar". Nokre døme er

    • digital mobbing
    • deling av uønskt innhald
    • møte med skadeleg innhald
    • nettsvindel
    • seksuell tvang og utpressing

    Arbeidet med temaet opnar for mange historier frå verkelegheita. Det er lett å finne døme frå media, og elevane har òg eigne erfaringar. I samtale med elevane er det lurt å tenkje gjennom kva rammer du ønskjer å setje for det elevane eventuelt kjem til å dele.

    Kvifor undervise om uønskte hendingar?

    • Barn og unge snakkar ikkje med vaksne om uønskte hendingar på nett. EU Kids Online-undersøkinga (2018) viser at fleirtalet av barn og unge fortrur seg til jamaldra. Ein av fem (20 %) snakka ikkje med nokon sist dei opplevde noko negativt på nett.
    • Mange skulemiljøsaker har digitale spor. Uønskte hendingar på nett kan påverke elevane si oppleving av skole miljøet. For å forhindre at elevane opplever mobbing eller andre uønskte hendingar på nett, er det viktig å hjelpe elevane med å utvikle digital dømmekraft.
    • Formålsparagrafen i opplæringslova seier mellom anna at "Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet."
     
    Temaet uønskte hendingar er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanen i samfunnsfag. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.

    I undervisning

    Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

    Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

    Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

    Skjermdump av ein e-post med teksten "Eg veit kva du gjorde…"

    Eg veit kva du gjorde…

    Tom blir lurt av ein e-post. Han prøver å finne vegen ut av problema på eiga hand.

    Filmen varer i åtte minutt.

    Kjærestepar sit på graset i parken

    Nico og Thea

    Nico og Thea er kjærastar. Den dagen forholdet tek slutt, bruker Nico kompromitterande bilete av Thea for å presse ho.

    Filmen varer i vel fire minutt.

     

    Nærbilde av ansikt til smilande jente

    Kva skjedde med Maria?

    Maria er 16 år og dreg på fest med ei venninne. Ho står sjølv for filminga av ein kompromitterande situasjon. Filmen blir delt utan Maria sitt samtykke.

    Rolla til foreldre og andre involverte blir tematisert.

    Filmen er frå 2011. Han er seks minutt lang.

    Å vere ein trygg vaksen for elevane dine

    Professor Elisabeth Staksrud har jobba mykje med barn og medium. Ho veit godt at barn og unge sjeldan snakkar med ein vaksen når det har skjedd noko kjipt på nett. Staksrud har nokre tips til vaksne som vil vere relevante støttespelarar:

    • Førebyggjande tiltak. Vis deg som ein tydeleg og imøtekommande vaksen før den uønskte hendinga er eit faktum.
    • Ver ærleg og tydeleg. Du er sannsynlegvis ikkje ekspert på alle plattformene, men du har likevel noko viktig å bidra med. Døme:

      "Eg kan ikkje så mykje om TikTok, men eg veit at det kan skje kjipe ting der. Viss du opplever noko som ikkje er greitt, vil eg at du snakkar med meg."

    • Ingen er feilfrie. Ver tydeleg på at barna kan snakke med deg, sjølv om dei kanskje har trått feil. Døme:

      "Sjølv om du kanskje gjorde noko feil og sende eller delte noko dumt, så er det framleis veldig viktig at du snakkar med meg eller nokon andre vaksne du stoler på."

    Råda er attgitt med tillating etter spørsmål og svar-økt på konferansen NKUL (2021).

     

    Førebuing til diskusjonsoppgåver

    På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.

    OPPGÅVE 1

    Døme på uønskte hendingar

    Elevane blir beden om å finne eksempelsaker frå media. Her er nokre mykje omtalte grufulle døme:

    • I "Omegle-saka" fekk ein norsk mann i 50-åra kontakt med barn på det no nedlagde chatteforumet Omegle. Saka blei oppdaga fordi han overførte penger via Vipps. Han blei i 2025 dømt for 251 overgrep, inkludert 30 tilfelle av grov voldtekt av barn under 14 år. Ofra var 150 gutter og 101 jenter mellom 6 og 14 år. Eit fornærma barn i saken tok sitt eige liv. Omtale av saka er samla i ein oversikt hos nrk.no.
    • Den ekstreme nettsekta "764" kjenner bokstaveleg talt ingen grenser. Normalisering av groteskt materiale er ein del av dette ekstreme og valdelege nettsamfunnet. Gjerningspersonane er ikkje nødvendigvis seksuelt motiverte. I fleire tilfelle er seksuell utpressing berre eit middel for å oppnå kontroll over offeret og tvinge han eller ho til å begå andre alvorlege handlingar. Barn frå ulike land blir pressa av andre barn til mellom anna selvskading. Gjerningspersonane er ofte gutter mellom 12 og 25 år, ifølge politiet. Det første kjente tilfellet i Noreg blei registrert i 2022. Blant den tosifra mengden saker som er avdekt i Noreg finst det norske guter og jenter som ofre og gjerningspersonar. Les meir om fenomenet i Kripos sin rapport om cyberkriminalitet (2026)

    ... og så til ein langt mer uskuldig sak:

    • Christoffer (19) klaga på ei parkeringsbot. Han fekk raskt tilbakemelding frå kommunen med nemninga "bortskjemt dritunge". E-posten var feilsendt og Kristiandsand kommune måtte beklage. Sjå nyheita om Christoffer på tv2.no.

    Fordjup deg!

    Det finst mange nyttige ressursar som kan brukast i arbeidet med temaet uønskte hendingar. Her er nokre tips:

    Mobbing og skulemiljø

    Nakenbilete, seksualitet, overgrepsmateriale

    • Kan eg straffast for å ha sendt nakenbilete av meg sjølv til andre? Du finn svar på dette og liknande spørsmål på Politiet sin ressurs delbart.no. Gjennom filminnhald og undervisningsmateriell tematiserast seksualiserte bilete og videoar på avvegar.
    • "Ses Offline?" er ein undervisningsressurs frå Redd Barna om kjærleik, relasjonar og seksualitet. Gjennom aktivitetar, case og diskusjonar blir elevane utfordra på ulike tema. Lær meir hos reddbarna.no om "Ses Offline?"
    • – Det som slår meg som felles for overgrepsutsette, er at ingen fortel meir enn dei må, seier ein erfaren Kripos-etterforskar i rapporten "Seksuell utnytting av barn over nett". Norsk politi har dei siste åra etterforska store sakskompleks der ei enkeltmelding har ført til at fleire hundre barn har blitt identifiserte som offer for éin og same gjerningsperson. Kva kjenneteiknar offera, og kven er gjerningspersonane? Og korleis jobbar politiet mot seksuell utnytting av barn over nett? Lær meir på politiet.no

    Nettpatruljar og hjelpetenester

    Det finst mange eksempel og ressursar som kan passe til temaet "uønskte hendingar". Her er tre kjappe tips:

    Korleis reagerer ungdom på seksuelt innhald på nett?

     

    I analysen av EU Kids Online-undersøkinga (2018) har forskarane sett på kva erfaringar norske barn og ungdommar (9–17 år) har med seksualisert innhald på nett. Her er nokre funn frå undersøkinga:

    • 40 prosent av barna og ungdommane oppgir at dei har møtt seksuelt innhald på nett.
    • Oppfatninga til barn og unge av kva som "tel som" seksuelt innhald varierer – nokon inkluderer seksuelt innhald som viser menneske som har sex (til dømes pornografi), men også bilete og teikningar av nakne menneske (til dømes erotisk kunst).
    • Fleirtalet oppgir at dei ikkje "følte noko spesielt" i møte med seksualisert innhald.
    • Blant dei som reagerte negativt, var det fleire jenter enn gutar som blei opprørte (44 prosent mot 18 prosent).

    Funn frå rapporten "The experiences of Norwegian youth (aged 9 to 17) with sexual content online" på uio.no

    Skjermdump av bloggar Sophie Elise, som er fortvila over at eit sexbilete av ho er spreidd.

    Ei av dei som har opplevd kjipe ting på nett, er influensar Sophie Elise. Ho ante ikkje ein gong at sexbiletet eksisterte før det var spreidd på nett. Programleiar Leo Ajkic møter unge som på ulikt vis er ramma av netthat. Bloggar Isabel Raad fortel til dømes om korleis ho ser på netthat som lønnsamt. Leo møter òg ein gut som deler bilete utan samtykke. Heile programmet varer i 20 minutt.

    Sjå "P3 tar saken: Netthat" på tv.nrk.no.

    slettmeg.no

    • slettmeg.no er ei gratis råds- og rettleiingsteneste for alle som føler seg krenkte på nett.
    • Nettstaden inneheld ei rekkje rettleiingar knytt til sletting av innhald og kontoar på mykje brukte tenester.
    • Tenesta kan òg kontaktast via telefon, e-post og sosiale medium.
    • no har ikkje mandat til å krevje sletting, men hjelper ved å gi råd om korleis ein kan få fjerna informasjon frå nettet.

    Besøk tenesta slettmeg.no