Personvern
LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS
Personopplysningar er opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson.
Det betyr at til dømes namn, alder, adresse og telefonnummer er personopplysningar viss dei kan knytast berre til deg. Bilete der du kan kjenne igjen personer er òg personopplysningar, sjølv om det ikkje står eit namn til biletet. Fødselsnummeret ditt er òg ei personopplysning.
Når du surfar på nett, blir eininga du bruker (datamaskina eller telefonen), tildelt ein unik identifikator – ei såkalla IP-adresse. Ut frå IP-adressa kan den enkelte brukaren identifiserast. Dermed blir òg IP-adresser rekna som personopplysningar.
Kvifor undervise om personvern?
- Elevar skal sjølv kunne bestemme kva opplysningar dei ønskjer å dele, og med kven.
- Elevane skal reflektere over kva dei deler med kven. Det er òg viktig at dei forstår at det ikkje er tillate å dele andre sine personopplysningar utan å be om lov først.
- Personvern er eit grunnleggjande vern av privatlivet. Elevane skal lære å ta vare på personvernet sitt.
- Elevane skal forstå at personvern gir rett til privatliv. Elevane skal seie ifrå viss dei meiner at privatlivet deira ikkje blir respektert.
Temaet personvern er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanen i samfunnsfag. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.
I undervisning
Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølge for elevsidene:
- Personvern
- Sosial på nett
- Uønskte hendingar
- Digitale spor
Elevsidene bruker same mal. Du kan bruke sidemenyen for enkel navigering i innhaldet. Alle elevsidene har mellom anna
- ein introduksjonsartikkel som gir elevane ei innføring i det aktuelle temaet, og inneheld eit utdrag av dei mest aktuelle problemstillingane
- faktaboksar i ulike variantar med relevant informasjon om temaet
- historier frå verkelegheita som er meint å skape nærleik til aktuelle problemstillingar. Samstundes seier dei noko generelt om kva utfordringar som eksisterer
- diskusjonsoppgåver, som er meinte å brukast i plenum
- eigenoppgåver, som er meinte å brukast til individuelt arbeid
Du kjem til å oppdage at elevsidene i liten grad refererer til namngitte plattformer eller merkevarer. Årsaka er todelt; digital dømmekraft er plattformuavhengig, og dermed er essensen i temaa uavhengig av teknologi. Dessutan veit vi at plattformer og merkevarer er i stadig endring. For at innhaldet ikkje skal verke utdatert, er det gjort merkevareuavhengig – så godt det lar seg gjere.
Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.
Kva er personvern?
Denne introduksjonsfilmen varer i nesten fire minutt. Han handlar om kva rettar kvar enkelt har knytt til personvern, og kva personvernval vi gjer. Filmen tar opp spørsmål som:
- Kva vil det seie at noko er privat?
- Kva konsekvensar får det når vi deler informasjon på nett?
- Kva bestemmer foreldra dine, og kva bestemmer du?
Konferansetimen
Filmen varer i nesten to minutt og framstiller temaa personvern og deling på nett på ein humoristisk måte. Håvard er på konferansetime saman med foreldra sine. Læraren har søkt litt på nettet og legg fram ulike bilete og meldingar som stiller Håvard i eit dårleg lys.
Filmen er frå 2007.
Du har lov å seie nei
Musikkvideo på to og eit halvt minutt som tematiserer rettar knytt til deling av personopplysningar. Syng gjerne med – dette er karaokeversjonen! Filmen finst òg utan karaoketekst.
Førebuing til diskusjonsoppgåver
På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.
OPPGÅVE 5
Oppgåva dreier seg om reglar for bruk av IKT-utstyr på skulen. Her er eit døme på ei deloppgåve:
- Finn ut kva reglar som gjeld på skulen dykkar.
Som førebuing kan det vere greitt å undersøkje korleis du finn IKT-reglementet til skulen. I denne samanhengen kan det òg vere aktuelt å snakke om kva som er ulovleg bruk, og kva som er upassande bruk.
Forskjellen mellom upassande bruk og ulovleg bruk
På skulen skal elevar lære om lover og reglar, og dei skal lære om passande og upassande bruk. Upassande bruk er ikkje nødvendigvis det same som ulovleg bruk. Upassande bruk kan til dømes vere å dele kompromitterande bilete av seg sjølv eller å trolle i kommentarfelt. Det bør skiljast mellom upassande og ulovleg bruk i retningslinjene til skulen. Upassande bruk blir handtert på skulen, mens ulovleg bruk bør meldast til politiet.
Døme på aktivitetar som kan vere både upassande og ulovlege:
- piratkopiering
- brot på opphavsretten
- identitetstjuveri
- trakassering og ærekrenkingar
Fordjup deg!
"Eg godtek vilkåra". Tenestene vi bruker, har ofte milelange juridiske dokument som beskriv vilkåra for bruk – på eit språk vi strengt teke ikkje forstår. Korleis kan du forstå meir av vilkåra du godtek? Her er tre tips:
- Ta ein sveip innom bloggen til Ida Thorsrud, ein norsk jurist og personvernekspert. Ho skriv for eksempel om kva slags val vi tar for personvern og det såkalla "personvernparadokset"
- Sjekk fasiten på spørsmålet "Hva er en personopplysning?" hos Datatilsynet.
- Sett av tid til å lese gjennom personvernerklæringa på dubestemmer.no.
I personvernerklæringa kan du mellom anna lese om kva eit samtykke er. På temasidene for elevane er òg omgrepet samtykke sentralt. Kortversjonen er at dersom nokon vil bruke eit bilde eller andre opplysningar om deg, må dei spørje om lov først.
Er personvern ei privatsak?
Vala du gjer, kan få konsekvensar for fleire enn deg sjølv – utan at det nødvendigvis er så lett å forstå. Nokre tenester du tek i bruk, ber om tilgangar eller har vilkår som gjer at du òg eksponerer informasjon om kontaktane dine.
Appen Clubhouse er eit eksempel på dette. Her er saka i korte trekk:
- Clubhouse er eit sosialt medium for deltaking og lytting i ulike samtalerom. Appen blei enormt populær i ein kort periode i 2021.
- Populariteten skuldast mellom anna at prominente personar som Elon Musk og ein lang rekke norske politikarar, næringslivsleiarar og mediepersonlegdommar deltok. Du måtte dessutan ha ein invitasjon for å bli med i fellesskapet.
- I frykt for å gå glipp av noko spanande, valde mange brukarar å løyse inn ein invitasjon. For å delta gje vidare invitasjonar, måtte brukaren dele heile kontaktlista si.
- Clubhouse fikk mykje kritikk for manglande etterleving av personvernregelverket. Mange var spesielt bekymra for kva som ville skje med alle kontaktlistane som blei delt.
- Günder og digitalhode Ida Aalen var blant dei som tok i bruk Clubhouse. Ho blei intervjua av Kampanje om det manipulerende designet i appen: - Selv anser jeg meg for en rimelig «tech-savvy» og oppegående person, men presterer å trykke på en knapp som gjør at jeg laster opp hele adresselisten min til Clubhouse. Det gjør at Clubhouse blant annet har opprettet en skyggeprofil til psykologen jeg har gått til. Da ser jeg at psykologen har 54 venner på Clubhouse.
Kjelder: "Personverneksperter slår alarm" hos shifter.no, "When FOMO Trumps Privacy: The Clubhouse Edition" hos medium.com
Nasjonal digital læringsarena (ndla.no) har innhald berekna på vidaregåande opplæring. Der kan du lære meir om
- personopplysningslova
- personvern (skjermdumpen er henta frå filmen der Catharina Nes i Datatilsynet forklarar personvernlovgivinga.)
Visste du at ...?
Unge bryr seg om personvern 🤩
Det viser Datatilsynet sin personvernundersøking frå 2024. 67 prosent av 15-19-åringane i undersøkinga er "svært opptatt" eller "ganske opptatt" av personvern. Sammenlikna med andre aldersgrupper er det samstundes tydeleg at dei yngste har ei anna tilnærming til personvern:
- Ungdommar opplever å ha mindre kontroll over personopplysingane sine.
- Dei har mindre kunnskap om regelverket.
- Fleire unge er "lite opptatt" av personvern. Heile 33 prosent av ungdommane svarar dette. Berre 16 prosent av den samla befolkninga er tilsvarande uinteresserte.
- Ungdommar skil seg ut med høgare tillit til sosiale medium enn snittet av befolkninga.