Norske barn og ungdommar gjer aktive val for kven dei deler innhald med i sosiale medium.
Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. 9–18-åringane blir spurde om dei har opne eller private profilar på sosiale medium, om dei har både open og privat – eller om dei ikkje veit. Her er nokre funn:
- YouTube er den plattforma der flest er usikre på om dei har open eller privat profil. 16 prosent svarer "veit ikkje".
- Instagram er den plattforma der flest har både open og privat profil (15 prosent).
- Snapchat er den plattforma der flest har berre privat profil (60 prosent).
- Det er vanlegare for jenter enn gutar å operere med privat profil.
Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på medietilsynet.no.