Til hovedinnhold
Byt til bokmål
Byt til ungdomsskule / vgs
Byt til bokmål

Sosial på nett

LÆRARRETTLEIING - MELLOMTRINN

    90 prosent av alle 12-åringar bruker sosiale medium.

    Nesten halvparten av norske niåringar bruker sosiale medium, og 56 prosent av alle tiåringar. Dei vanlegaste sosiale media er

    • Snapchat
    • TikTok
    • Instagram (begge 65 prosent)

    Delen av barn og unge som bruker dei ulike sosiale media, aukar betydeleg med alder.

    Tala er henta frå Medietilsynets "Barn og medier"-undersøking (2022).

    Kvifor undervise om å vere sosial på nett?

    • Elevar er frå ung alder i ferd med å gjere seg erfaringar på sosiale medium.
    • Elevar bruker mykje tid på sosiale medium.
    • Sosiale medium er plattformer for relasjonsbygging mellom elevar, og får dermed innverknad på skulemiljøet til elevane.

    Læreplanverket og temaet sosial på nett

    Temaet sosial på nett er relevant for fleire av elementa i læreplanverket. Du finn utfyllande informasjon om læreplanverket på udir.no. Læreplanvisninga har òg eit integrert planleggingsverktøy, som gjer det mogleg å hente element frå læreplanverket til planane dine. Ein dømeplan for temaet sosial på nett for mellomtrinn er tilgjengeleg utan innlogging. I planen får du ei oversikt over kjerneelement, tverrfaglege tema, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål. Ønsker du å lage ein kopi av planen til bruk i planlegginga di, må du vere pålogga planleggingsverkøyet. Då vil du få tilgang til knappen "Kopier plan". Merk at dømeplanen ikkje nødvendigvis er uttømmande når det gjeld fag og element i læreplanane.

    I undervisning

    Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.

    Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.

    Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.

    Leirbål

    "Kva er eigentleg problemet med å vere på sosiale medium før ein er 13 år?"

    Slik startar denne filmen om aldersgrenser og bruk av sosiale medium. Du får òg gode tips til kva elevane kan tenkje på når dei vel å logge seg på sosiale medium.

    Filmen varer i vel tre minutt.

    Korleis vil du bli sett?

    Animasjonsfilm utan dialog som illustrerer spreiing på nett. Ein tullevideo som var morosam saman med kompisane, er kanskje mindre morosam for andre.

    Filmen varer i eitt minutt.

    Fordjup deg!

    Favorittappen til 10-11-åringar

    Kjenner du TikTok?
    Sjansen er stor for at elevane dine gjer det. Medieanalysefirmaet Kantar har spurt 743 barn i alderen 3 til 11 år. Blant 10- og 11-åringar som får spørsmålet "Kva er din favorittapp?", er det vanlegaste svaret TikTok. YouTube kjem på andreplass.

    4 av 10 i aldersgruppa svarer også at dei følgjer tiktokarar. Den enorme poulariteten til enkelte tiktokarar har resultert i ein desperat jakt på enkelte kommersielle produkt. Den norske profilen Oscar Westerlin sytte for sjokoladebollefeber då han lanserte eit nytt produkt i samarbeid med Norgesgruppen. TikTok ga også ekstrem popularitet til ein sportsdrikk til 150 kroner flaska.

    Presentasjon av heile undersøkinga (2021) kan du sjå i foredraget "Barn og unges medievaner" frå Kantar.

    To jenter som ser på ein skjerm med to youtubarar som reklamerer for sanitærbind

    Det finst mange gode ressursar som du kan djupdykke i for å lære og forstå meir om det å vere sosial på nett. På NRK og NRK Skole kan du lære meir om

    Medietilsynet har også innhald om påverking og reklame frå influensarar.

    På ndla.no kan du dessutan lære meir om historia og utviklinga til sosiale medium i ein kortfatta fagartikkel.

    Sosiale medium – open eller privat profil?

    Norske barn og ungdommar gjer aktive val for kven dei deler innhald med i sosiale medium.

    Det viser Medietilsynets Barn og medier-undersøking frå 2020. 9–18-åringane blir spurde om dei har opne eller private profilar på sosiale medium, om dei har både open og privat – eller om dei ikkje veit. Her er nokre funn:

    • YouTube er den plattforma der flest er usikre på om dei har open eller privat profil. 16 prosent svarer "veit ikkje".
    • Instagram er den plattforma der flest har både open og privat profil (15 prosent).
    • Snapchat er den plattforma der flest har berre privat profil (60 prosent).
    • Det er vanlegare for jenter enn gutar å operere med privat profil.

    Sjå talgrunnlag og alt om Barn og medier-undersøkinga på medietilsynet.no.