Digitale spor
LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS
Dei digitale spora dine er verdifulle for andre
Data om historikken din på nett er med på å gi deg saumlause og friksjonsfrie brukaropplevingar. Men sporing kan òg brukast på lite personvernvennlege måtar. Sporingsdata kan dessutan misbrukast. Her er nokre døme på relevante problemstillingar:
- Algoritmestyrt tilpassing av marknadsføring basert på preferansane dine gir deg annonsar som treffer litt for godt.
- Anonymiserte data om aktiviteten din er ikkje nødvendigvis så anonyme når mange datakjelder blir kombinerte.
- Brukarpreferansar kan misbrukast av dei som er ute etter å manipulere meiningane dine, til dømes under eit val.
Under temagjennomgangen får du innsikt i desse problemstillingane – og mange andre.
Kvifor undervise om digitale spor?
- Kunnskap om digitale spor er med på å sikre rettane til elevane etter norsk lov. Ifølgje FNs barnekonvensjon og menneskerettslova skal ingen bli utsette for tilfeldig eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt. Staten skal dessutan sikre barn moglegheit til informasjon frå ulike nasjonale og internasjonale kjelder.
- Arbeidet med temaet gir ei gyllen moglegheit til å undre seg saman med elevane: Kva for teknologiske moglegheiter kjem vi til å ha i framtida? Kva er positivt og kva er negativt?
Temaet digitale spor er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanen i samfunnsfag. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.
I undervisning
Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.
Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.
Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.
Digitale spor og digital dømmekraft
Filmen har eit overordna perspektiv på temaet personvern. Han tematiserer korleis informasjon om deg sjølv er av interesse for andre, og skal inspirere til å lære meir om digital dømmekraft og personvern.
Filmen varer i vel eit minutt.
Førebuing til diskusjonsoppgåver
På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.
OPPGÅVE 5
Korleis formar Google søkjetreffa?
Google skal gi deg den mest relevante rangeringa av søkjetreffa dine. Treffa blir omtalte som "objektive og sjølvstyrte". Likevel kan misforståingar fort oppstå:
Kva forventar ein engelskspråkleg nettbrukar å få informasjon om ved eit søk på "apple": frukta eller tech-giganten? Og kva slags treff forventar du å få ved søk på "is": dessert eller terrororganisasjon?
Google modererer søkjetreff av fleire grunnar. Du kan høyre eit intervju med Zack, ein av dei 10 000 tilsette som evaluerer Google-søk, i podkasten "How Google Shapes Your Search Results" frå Wall Street Journal (varigheit: 21 minutt). Her er nokre døme:
- Sidan 2015 har søkjetreff på strengen "how do vaccines cause autism?" resultert i treff på offentlege institusjonar som legg fram dokumentasjon på at dette ikkje er sant.
- "best way to kill myself" gir treff på hjelpetenester.
- Lobbyistar har jobba for ei bestemd rangering ved søk knytt til abort.
OPPGÅVE 6
Målet helgar middelet
Oppgåva ber om døme på at "målet helgar middelet" i bruken av personopplysningane våre. Her er nokre aktuelle døme:
- I samband med covid 19-pandemien blei det verda rundt brukt sporingsteknologi på ulike måtar for å drive både forsking og smittesporing. Den norske varianten fekk tidleg stoppsignal frå Datatilsynet. Ein av mange artiklar om saka er "Amnesty: Noregs Smittestopp-app blant dei verste i verda på personvern" på nrk.no.
- Clearview AI er ein app for ansiktsattkjenning som har ført til at politiet har arrestert kriminelle dei elles ikkje hadde klart å spore opp. Appen er omtalt på temasida for elevane.
Fordjup deg!
Kunstig intelligens
Kjeldekritikk tilbake til start?
Faktisk.no vil, gjennom skoleprosjektet Tenk, gjere unge betre rusta til å forstå, vurdere og delta i dagens informasjonslandskap. Kunstig intelligens utfordrar det vi har lært om tradisjonell kjeldekritikk. Gjennom temasamlinga om kunstig intelligens blir lærarar og elevar utfordra på ein rekke tema:
- Korleis avslører vi ein deepfake?
- Å søkje med KI
- Hallusinerer KI?
- Maskinar som meiner
Tips og fleire ressursar
- Faktisk.no faktasjekkar nyheitssaker. Dei har òg laga eit undervisningsopplegg om kritisk mediebruk og kjeldemedvit på tenk.faktisk.no.
- NRKbeta lagar jamleg saker om teknologi og personvern. Du kan til dømes lese om lidinga "cookie consent fatigue" – altså eit utmattingssyndrom forårsaka av informasjonskapslar. Sjå saka "Eg er så kvalm av cookies" på nrkbeta.no.
- Konspirasjonsteoriar, radikalisering og ekkokammer er tema i podkastserien "Rabbit Hole". Serien følgjer Caleb som fortel om YouTube sine uransakelege vegar. Lytt til "Rabbit Hole" frå The New York Times.
Vala dine varer i generasjonar
Gentesting kan gi svar på noko du lurer på – og setje varige spor.
Spytt i ein behaldar. Få resultatet tilsendt. Og som reklamen seier: "Finn andre som deler DNA-et ditt og slekta di". Du får vite kor mange prosent avstamming du har frå ulike regionar i verda. Du òg får talfesta kor sannsynleg det er at du har visse trekk, som mørkt eller lyst hår, høgdeskrekk eller kløft i haka.
Millionar av menneske verda over har nytta seg av gentesttenester. Tenestene var spesielt populære på 2010-talet. Ein av dei som spytta og sende er tidlegare NRKbeta-journalist Eirik Solheim. Han har allereie delt sin eigen anger i offentlegheita. Angeren blir ikkje mindre av at selskapet som fikk DNAet hans går konkurs.
Korleis blir vi spora på nett?
Skjermdumpen stammar frå ein film hos ndla.no som illustrerer nettopp dette.
For at du skal få presentert innhaldet frå ei nettside eller ein app, må tenesta hente ulike komponentar. Denne dataflyten inneber ikkje nødvendigvis at aktiviteten din blir spora. Samstundes kan det vere vanskeleg å vite nøyaktig korleis ulike sporarar og informasjonskapslar til saman byggjer opp eit nettverk av informasjon om aktiviteten din.
Lær meir:
Har du forresten sett på personvernerklæringa til dubestemmer.no?
Dyrt å misbruke personopplysningar
Hundrevis av millioner i bot
Det finst mange eksempel på at dei relativt små datatilsynsmyndigheitene i Europa bruker regelverket for å gå etter globale kjemper som TikTok, Meta, Google og Amazon. Åra går og advokatsalæra vokser, men til slutt blir sakene endeleg avgjorde. Og då må tech-gigantane betale.
Her er to eksempel:
- I 2020 varsla dei franske tilsynsmyndigheitene ei sak mot Google for ulovleg sporing. Saka handla om korleis informasjonskapslar for reklame blei plassert utan brukaren sitt samtykke. Då endeleg vedtak blei fatta, innebar det ei rekning til Google på 100 millionar euro.
- I 2020 behandla vårt eige Datatilsynet ein klage frå Forbrukerrådet på den amerikanske appen Grindr. Appen profilerer seg som "verdas største sosiale nettapp for homofile og bifile menn, transpersonar og skeive". Klagen gjaldt ulovleg bruk av opplysningar frå brukerprofilane til marknadsføringsformål, og dessutan utlevering av GPS-posisjonar. Saka blei endeleg avgjord i 2025, og Grindr fekk bot på 65 millionar norske kronar.