Sosial på nett
LÆRARRETTLEIING - UNGDOMSSKULE/VGS
Færre unge brukar sosiale medium
Medietilsynet måler utviklinga i bruken av sosiale medium blant barn og unge over tid. Tal frå 2026 viser at trenden er fallande for tre av dei fire mest brukte plattformane.
- Bruken av YouTube, Snapchat og TikTok faller når ein ser alle aldersgrupper under eitt. Roblox aukar.
- Trenden med fallande bruk gjeld også for Instagram og Facebook.
- For 13-14-åringer er samstundes Snapchat ein gjengangar. Ni av ti i aldersgruppa brukar appen.
- 38 prosent av 9-18-åringane svarer at dei bruker for mykje tid på sosiale medier.
Tala kjem frå Medietilsynet si "Barn og medier"-undersøking (2026) og rapporten "Fanget i feeden"
Kvifor undervise om å vere sosial på nett?
- Elevar gjer seg erfaringar på sosiale medium frå ung alder.
- Elevar bruker mykje tid på sosiale medium.
- Sosiale medium er plattformer for relasjonsbygging mellom elevar, og får dermed innverknad på skulemiljøet til elevane.
Temaet sosial på nett er relevant for fleire delar av læreplanverket, særleg for læreplanen i samfunnsfag. På udir.no finn du ei samla oversikt over læreplanverket.
I undervisning
Progresjonen i arbeidet med dubestemmer.no er tenkt ved å følgje ei fast rekkjefølgje i temaa på elevsidene. Personvern er første tema. I lærarrettleiinga for personvern får du ein gjennomgang av strukturen til elevsidene.
Sjå strukturen i lærarrettleiinga for personvern.
Elevsidene inneheld ulike filmar, som er meinte å brukast som ein del av opplæringa. Du kan sjå filmane på elevsida. I denne lærarrettleiinga får du meir informasjon om filmane.
Trollus netticus
I filmen blir nokre av dei ulike typane nettroll og kjenneteikna deira karikert. Filmen varer i vel eit minutt og opnar fint opp for ein samtale om ytringsfridom på nett.
Ingenting å skjule?
Filmen er litt over fire minutt lang og best eigna for litt eldre elevar. Utgangspunktet er at dei tre ungdommane diskuterer filming av ein uvitande person. Samtalen går fort over på kva som er greitt å dele, og kvifor det er viktig å vere medviten om å ta vare på eige og andre sitt personvern.
Førebuing til diskusjonsoppgåver
På elevsida finn du ulike diskusjonsoppgåver til bruk i klassen.
OPPGÅVE 5
Kva kjenneteiknar dei aggressive nettdebattane?
Ei undersøking frå Institutt for samfunnsforskning granskar dette spørsmålet. Dei har teke for seg kommentarfelt i nettaviser og opne diskusjonsfora på Facebook. Nokre funn:
- Svært få deltek i debattar med ei hard tone. Omtrent fem prosent av dei spurde deltek jevnleg, mens mellom ein og to prosent svarar at dei skriv netthets.
- Dei som deltek og skriv netthets er, i større grad enn andre, ramma av hatytringar.
- Hyppige tema i dei tøffe debattane er norsk politikk generelt, innvandring/integrasjon, klima og miljø, sport, likestilling og kultur.
- Dei som mottek hatytringer, får dei stor sett frå framande og identifiserbare personer. Mens 63 prosent ikkje skjuler sin identitet, er avsendaren i 25 prosent av tilfella anonym.
Sjå heile rapporten "Gråsoner og grenseoverskridelser på nett" (2021) hos bufdir.no
Fordjup deg!
Det finst mange gode ressursar du kan ta eit djupdykk i eller bruke for å lære og forstå meir om det å vere sosial på nett. Her er nokre tips:
Reklameskolen.no
Skjermdumpen er henta frå reklameskolen.no. Forbrukertilsynet har laga eit digitalt opplæringsverktøy om reklame som er spesielt tilpassa ungdomstrinnet. Du kan lese, sjå filmar og løyse interaktive oppgåver om blant anna
- personretta og overvakingsbasert marknadsføring
- kjendisar, påverkarar og retusjert reklame
- reklame i spill
- er det lov å skjule reklamen?
Redd Barna
På Redd Barna sine nettsider kan du bestille gratis undervisningsmateriell for 1.–10. trinn, som kan brukast i klasserommet for å bidra til å bevisstgjere elevar rundt ansvarleg, positiv og trygg nettbruk. Materiellet kan brukast i arbeidet for å førebyggje digital mobbing og seksuell trakassering.
Instagram og Facebook har sin eigen høgsterett
Høgsterett er i det minste den skildringa media bruker på organet. Meta (som eig Instagram og Facebook, kallar det for "oversight board" - på norsk omsett til tilsynsråd. Arbeidet med dette uavhengige organet starta i 2018. Formålet er at rådet skal ha siste ord i avgjerder relatert til "dei vanskelegaste avgjerdene knytt til innhald".
Kven sit i tilsynsrådet? Éin av medlemmene er tidlegare statsminister i Danmark, Helle Thorning-Schmidt. Ho fortel litt om eigen bakgrunn og jobben i tilsynsrådet i ein 15 minutts podkastepisode kalla "An Interview With a Member of the Facebook Oversight Board" frå The Journal.
Kva bestemmer dei? Tusenvis av saker meldes inn til rådet kvar veke. Rådet veljer ut nokre få saker i månaden. Oftast handler sakene om innhald som er fjerna av Instagram eller Facebook, men som brukarane meiner burde vere tilgjengeleg på plattformen. Rådet kan gje medhald til brukaren eller oppretthalde avgjerden om at innhaldet bryter vilkåra. Sjå eksempel på vedtak som rådet har fatta på tilsynsrådet sine nettsider.
Det finst mange dagsaktuelle og nyttige ressursar på nett som kan brukast saman med elevar for å gå djupare i tematikken. På NRK kan du for eksempel lære meir om:
- korleis manipulerande design styrer deg mot vala som er gunstige for tenesta, og ikkje for deg. Skjermdumpen er henta frå saka.
- korleis influensarar blander privatliv med reklame for å selje deg produkter i programmet "Innafor: Influenser" (58 minutter).
Barn og unge veit at reklamen blir styrt av kva dei gjer på nett
Det viser ei Ipsos-undersøking frå 2024. Allereie frå 8-årsalderen veit nesten halvparten at dette skjer. I aldersgruppa 15 til 19 år veit 90 prosent at aktivitetane deira på nett blir brukt for å vise dei persontilpassa reklame. Her er fleire funn:
- Mange barn og unge er ikkje glade for ein slik prakis. På tvers av alder svarar 46 prosent at dei liker det dårleg.
- Rundt 15 prosent liker at appar og nettstadar samlar informasjon om det dei gjer for å vise persontilpassa reklame.
- Unge mennesker tenker i mindre grad over innstillingar for informasjonskapslar enn voksne. Blant dei som svarar at dei aktivt gjer val for informasjonskapslar, er det ein stor del (40 prosent) som forstår lite av vala dei får.
Sjå fleire funn i Datatilsynet si personvernundersøkeing frå 2024.